onsdag 7. desember 2011

Onsdag

Å smøre huden isolerer ikke mot kulda. Det einaste som virker mot frostskader er klede. Så har du planlagt å stå ned Lifjellet i bikini, bør du nok revurdere det heile. Du vil nok få mange "saftige" blikk på deg, men det spørs om det er verdt det. Vel.....kanskje eg må revudere det med "mange" saftige blikk. Det er kanskje ikkje akkurat ein arena kor det er så mange samla på ei og same tid. (Med mindre det annonseres då). Eg reknar med dei fleste er for glad i rumpa si til at dei utset ho for slikt.
Det er i alle høve tilfelle at ein ikkje kan isolere huden med krem, og at det skal meir enn krem til for å lege huden etterpå. Etter å ha sett bilete av frostskader, trur eg at eg held kleda på.(Så sparer vi samtidig alle for synet!!)
Litt ille vil det jo også vere om det er ein mann som skal vere like tøff. Litt synd om han må amputere "litjkaren" etter eit slikt stunt:=)

Kvinnelig lærer siktet for sex med elev (16). Forholdet er visst ikkje heilt nytt, så det betyr vel i same slengen at "glunten" var under 16 då det starta. Stygg sak. Litt rart at ho har turt eigentleg. I tillegg har ho jo vore så "dum" at ho har komunisert med han på facebook. Med så lite vit, skjønner ikkje eg at ho har klart å kome seg gjennom nålauget i yrket sitt. Yrkesstoltheit?? Neppe...........

Kvinne begravd levende i England. Hun brukte forlovelsesringen til å komme seg ut. Ting skjer!! Det viser berre at ein aldri eitt hundre prosent kan stole på menneska ein har rundt seg til eikvar tid. Viss ein ikkje kan stole på kjæresten som ein er forlova med, kven skal ein då kunne stole på? Denne saka er eit eksempel på nett dette og at vi lever i ei verd som inneheld mange "rare" mennesker. Kjæresten Marcin Kasprzak (25) og en annen mann (18) er siktet for drapsforsøk, i saken som «i et nøtteskall handler om en ung mann som kjedet seg over partneren han hadde barn med. Han bestemte seg for å bli kvitt henne», ifølge aktor. Hahaha.....For ein idiot! Kjeda seg?? Så om kjerringa ikkje er interessant nok, så er det berre å ta livet hennar?! Jaja.... Då håper eg ingen blir lei meg, då, for eg ønsker å leve lenge!! Kunne han berre ikkje gjort det så enkelt som å forlate ho? Eit litt betre alternativ vil eg tru...... Han ville ikkje ha blitt henretta for det akkurat, men no må han heller stå til ansvar for handlingane sine av di han er avslørt.
Det beste er at dei nektar for å ha prøvd å ta livet hennar. Så sjølv om det er beviseleg at ho er forsøkt drept, vil dei ikkje innrømme noko som helst. Som om at ho skulle lyge om kven gjerningsmannen var. Kanskje det er ho som vil han vondt??? Tvilar, men det kan jo hende det også. Som eg sa, lever vi i ei verd som ikkje alltid er heilt på stasjon. Farleg begjær???

Årets første snøfall i Sør-Norge ble massivt. No veit eg ikkje kva som ligg i ordet massivt, men eg har høyrt rykter om at det i dag har falt heile fem centimeter med snø og at det første til ei viss form for kaos. Stakkars søringar!! Korleis skal det gå med dei? Fem centimeter grenser jo nesten til det katastrofale. Kor kan dei skaffe nok utstyr til å få snøen unna? Her er gode råd dyre!

Etter å ha "jåssa" med frostskader litt lengre opp på sida, kjem eg plutseleg til ein artikkel som seier Maratonløper må amputere begge beina. Plutseleg var det ikkje så kult å ha skrive om det likevel. Det er nettopp frostskader som har skulda. Ekstra sårt må det vere å miste føtene når det er maraton han driv med...... Det skal vere depresjonar over tid som gjorde at han stakk til skogs i to døger. Det straffa seg. Hadde han det vanskeleg før, får han det jaggu meg vanskeleg etter dette. Livets realitetar for mange.....

Fireåring slept ti meter under bil......og der kjenner eg det vrenger seg i magen. Eg veit ikkje heilt, men kvar gong det er snakk om born som blir utsatt for noko, ser eg for meg at det kunne ha vore min eigen son. Så veltar det berre på...... Alt er så mykje meir ille når det er snakk om små born.
Handbrekket var ikkje på og bilen byrja å trille. Heldigvis var det ikkje snakk om store farta (som det ville ha vore om det hadde vore ute i trafikken). Det var berre armen det gjekk ut over denne gongen. Så han var heldig....

Eg sluttar av no......... Ha ein fortsatt fin ettermiddag/kveld!! :=)

Hasta pronto!!!

MYM LY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar