søndag 11. desember 2011

Det er sundag og det er ikkje lenge til helga er over. Ute har det lagt seg eindel meir kvitt på bakken enn det som var då eg entra senga i natt. Det siste er til stor glede for minstemann som ser for seg at han no kan leite fram skia og byrje med skimerkekilometerane sine. I år må han gå 100 km for å få gull. Berre snøen blir liggande i vinter, så skal nok det gå berre bra. I fjor skulle han gå 50 km, men endte opp med langt over det dobbelte. Det er jo ein sunn hobby, så eg er glad for at han likar å stå på ski:=)

I går kveld "diskuterte" vi ulike lastar. Hovudsakleg var det røyking det dreidde seg om, men kaffe blei også nemnt. No har eg aldri røykt og ei heller har eg drukke kaffe. Så var det ei som sa at det heiter seg at summen av lastar er lik hos alle. Med andre ord betyr det at om ein ikkje røyker eller drikk kaffe, har ein andre lastar. Eg trur ikkje eg skal utdjupe så mykje her om mine lastar, sjølv om akkurat det kunne ha vore gøy. Eg veit kven eg ikkje skal be utdjupe det for meg!! Det beste med det, er at eg veit dei skjønner kven eg meiner når dei les det her.........Hahaha:=)

No har det seg slik at kaffe faktisk ikkje treng å vere ei så negativ last som mange skal ha det til. Heile 60% av antioksidantane dine kjem frå kaffe (hos dei som drekk moderat). Kaffedrikking kan faktisk vere bra for helsa! Det er ein god del forskning som seier nett dette. Så då treng ein ikkje fortvile over at ein er for glad i kaffe. Kaffe reduserer stress som kan føre til sjukdomar. Ein studie viste at  et inntak på 1-3 kopper om dagen reduserte sjansene for hjerte- og karsykdommer og betennelsesrelaterte sykdommer. Ikkje det at det freistar meg å byrje med kaffedrikking av den grunn.

Turister forgiftet på julemarked. Mystisk mann har delt ut snaps som kan inneholde GHB i Berlin. Ikkje veit eg, men er det ikkje bra teit å ta imot snaps av ein framand kar på ein stad der det myldrar av folk? Ein bør nok bruke "føre var"-prinsippet.

Ingenting er verre enn å tape mot Barcelona. Det første eg tenkte då eg las denne overskrifta var "Jo, det er det!" Barcelona møtte Real Madrid i går. I morges viste dei reprise av kampen. Minstemann slo på Tv'n då han stod opp og like etterpå stod eg nesten i senga. Han kom styrtande inn på rommet og ropte så det ljoma "Barcelona spella jo kamp nu. Det e jo suverent!! Det er jo mett lag. De e jo de beste i værdn!!! " Det blei mange "jo" i løpet av dei intense setningane han kom med..... Han var i si eiga verd og det var visst lykken over all anna lykke. Eg hadde ikkje heilt sett for meg at eg skulle vakne til ein overivrig gut tidleg på morgonen. Heldigvis sovna eg att ei stund etterpå. Ikkje trur eg han kjem til å gjere det same fleire gonger heller. Eg trur nok han tok hintet som kom!!....... Haha:=)  Så om Real Madrid syns det er ille å tape mot Barcelona, så syns eg det er verre å vakne til det faktum at dei i det heile tatt skal spele!!

Det var ikkje så mykje interessant å finne på hovudstadsavisene sine nettsider i dag. Det er sjølvsagt mykje om Northug og dei andre skiløparane som er i aksjon i desse dagar, men........
Det kan jo også rett og slett vere hovudet mitt som ikkje er heilt på stasjon. Det er like stor sjanse for det:=)
Uansett, ha ein fortreffeleg sundag!!! <3

Hasta pronto!!!

MYLH

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar