onsdag 2. mai 2012

Kåret verdens mest sexy kvinner. Finn ein feil!! I'm not there!!! What a big mistake..........whooooops. Shame on them.
Jaja, ho Jessica Alba er no ikkje så verst ho heller, så eg får berre svelgje den kamelen.

Jessica Simpson gir datteren guttenavn. Ikkje før har ho annonsert at ho vil føde i leopardmønstra kjole og høge stillettar før ho no går ut og seier at jenta skal ha eit gutenamn. Ho går verkeleg inn for å vere "annleis".
Vel, er det ikkje nettopp det vi ønsker skal vere lov i dagens samfunn? Er det ikkje det vi etterspør? Rom for å få lov til å vere annleis............. Å gå litt utfor alle rammene som er satt......... Eg skal vere ærleg å seie at eg likar det. Annleisheit!! Eg trur nok eg er litt annleis eg også. Eg satsar på at det er positivt! :=)  Eg har ikkje noko ønske om å vere eit A4-menneske.
Namnet hennar blir forresten Maxwell Drew! Maxwell er 100% gutenamn og Drew betyr "mannleg", så eit litt spenstig valg med andre ord. Stå på Jessica!!

Sitt i baren på førsteklasses flytur. Ikkje for meg med andre ord. I alle fall trur eg det blir lenge før nokon som helst ser meg i ein bar på eit fly. Eller.....ein skal vel aldri seie aldri. Eg ser det berre ikkje for meg her eg sit.
Eg går ut ifrå at det gjeld dei om er villig til å betale litt ekstra for flyturen sin. Det blir neppe innført noko bar-bonus på Norwegian og SAS sine Evenes-Oslo-turar for å seie det slik! Der er det vel om å presse inn flest mogleg på minst mogleg plass, så noko bar er det ikkje plass til. Eg burde vel seie "takk Gud for det"! Ingenting er vel meir irriterande enn overberusa turistar på veg til syden. Dei er full når dei entrar flyet og full når dei entrar på returen (viss dei hugsar på å dukke opp). Det er ikkje eit ønskje å få på ruteflya her innanlands........
Det er greit nok at ein skal kose seg og at dei som ønskjer å drikke litt på flyet gjer det. Det er meir mengden eg angrip. Det er langt mellom det å kose seg med litt alkohol og det å vere stup full (som enkelte blir). Dei sistnemnte bråkar og lagar kvalme for dei andre som berre har lyst å nyte at det er ferie!
Det er ikkje utan grunn at det snakkes om nordmenn sin drikkekultur på alle turiststadane rundt om i Europa og andre stader for den saks skuld. Vi er viden kjent for det.......
Eg veit ikkje om det er så kult å høyre at passasjerar kranglar med besetningen av di dei blir nekta meir å drikke. Det gjer oss vel heller meir ei bekymring for kva den som blir "avvist" vil gjere. I dagnes "sjuke" samfunn kan vi ikkje lite på at den som sit ved sida av oss er heilt "normal".

300 000 bileiere har ikke betalt årsavgiften. Oi! Det var eit høgt tal! Eg ville aldri tippa eit så høgt tal om eg hadde blitt spurt. Er det verkeleg såå mange som har råd til å kjøpe seg bil, men ikkje ha råd til å betale denne avgifta som kjem ein gong i året? Kanskje enkelte berre gjer blaffen?? Kva veit vel eg? 300 000 var i alle høve mange!!
Det er klart at denne avgifta kjem samtidig med med mange andre rekningar og då må ein jo prioritere. Likevel, den kjem jo ikkje akkurat uventa.
Eg trur kanskje eg skal vere litt forsiktig med korleis eg ordlegg meg her. Det siste eg vil er å tråkke nokon på tærne. Det kan hende det er nettopp det eg gjer, så eg vil berre påpeike at det er tankar eg gjer meg, men eg veit også at mange slit økonomisk. Det er ikkje alle husstandar som har to fulle inntekter osv..... Eg veit det. Det er berre det at eg veit om mange som ikkje betalar avgifta i tide, men likevel køyrer rundt med bil til dei aller fleste ærend.
For å kome med eit eksempel: Dersom eg hadde hatt dårleg råd og problemar med å gjere opp for meg, ville det vore bra teit om eg køyrte bil kvar gong eg skulle ein tur på butikken. Eg køyrer alt for ofte! Eller..... faktisk ikkje. Eg er blitt ganske flink til å gå. Mykje flinkare!! Eg bur berre få hundre meter frå butikken. Hadde eg hatt dårleg råd, ville det verkeleg ha vore sløsing med pengane om eg hadde køyrt kvar einaste gong. Kor mykje pengar går ikkje bort i drivstoff på all denne småkøyringa? Eg er sikker på at mange fleire kunne gått oftare og ein kunne ha spara mange pengar på nett det. Det blir liksom litt dumt å ikkje betale avgifta, men likevel ha råd til å vere så lat at ein aldri tar beina fatt. (Satt litt på spissen).

No er det viktig å få fram at det er mange enkelttilfeller som har gode grunner til å bruke bil ofte. Det er mange årsaker til at ting er som dei er hos mange av desse 300 000, men eg nektar å tru at dei alle saman har gode grunner. Det er nok mange som ønskjer at dei hadde råd til å betale avgifta, men ikkje er så heldig. Difor er det viktig for meg at alle skjønner at eg ikkje er tenker nedsettande om dei som ikkje har betalt. Eg snakkar meir om dei som anten gjer blaffen eller som eg veit sløsar i hytt og pine.
Talet 300 000, betyr 300 000 bilar. På veldig mange bilar er det to vaksne. Det gjer at talet mennesker innvolvert er høgare enn det. Med tanke på kor stort folketalet i Noreg er, så er talet høgt!! Det er berre å ta folketalet og så trekke frå talet på antal born i landet (som er ganske høgt). Då vil eg tru at 300 000 bilar vil vere bra høg prosentandel av dei som står att.
Dette er berre mine tankar. Det kan jo hende eg er heilt på villspor?!

Brauns kjærlighetsgave fra Hitler til salgs. For dei som lurar, så var Eva Braun kjerringa til Hitler. Hitler hadde eit sommarhus og då krigen endte i 1945, fann dei sølvtøyet hennar der. Det skal visstnok vere ei kjærleiksgåve frå Hitler til hans høgt elska Eva. Eva som stod han bi i tykt og tynt. Så sterkt at ho døydde saman med han.
Så spørs det..........Er det verkeleg det rette sølvtøyet? Det seies at det var ein soldat som først fann det og solgte det vidare. Med mindre det fins spesielle inngraveringer på sølvtøyet, vil eg tru det ikkje kan slås fast med 100% sikkerheit at det er sølvtøyet han ga ho. Som så ofte sagt tidlegare......kva veit vel eg????
Uansett, sølvtøy eller ikkje...........verdi eller ikkje........ Eg ville ikkje vore interessert i å få det eingong. Ingenting som kan assosierast med ein slik mann, skal inn i huset mitt.  Ikkje om eg fekk ein million. That's for shoure!!

Lotto-kluss. Må betale tilbake en million dollar, men pengene er langt på vei brukt opp. Arrgh....kjipt! Det må altså kunne kallast kjipt!!!
Det er "Sharon" som fikk sjekka kupongen sin og fann ut at ho ikkje hadde vunne. Ho heiv kupongen i søpla og ei anna "Sharon" plukka den opp av søpla. Vips hadde ho fleire millioner kroner........
Når staden er USA, er det ikkje vanskeleg å skjønne at slikt blir det rettsak av!
Saka kan avgjerast ut frå om "ikkje lov til å ta opp søppel frå søppelkassa"-skiltet var komen opp eller ikkje før ho fann kupongen. (Rare reglar.......)
Vi har kanskje ikkje så ille system her i Noreg, likevel.........

Nei, med vissheita om at Jessica Alba slo meg på målstreken, er det berre å kaste inn handkledet og håpe at eg ikkje må sørge så altfor lenge! Trøstande ord og trøstegåver mottas med takk!!! :=)

Ha ein fortsatt fin onsdag!!

MYSM!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar