søndag 13. mai 2012

Kva fortel eigentleg eit bilete??

 Ta dette biletet til dømes....... Lite tyder på at det er frykt, spenning osv....inni hovudet til hovudpersonen (meg). Vel, eg var til stades sjølv, så eg veit kva tankar som spann seg under topplokket!!
Sjølve biletet viser vel eigentleg berre ei jente som er glad og nøgd. Vel......sjå litt nøyare på augene. Om ser "hardt" nok, ser du også at det faktisk gøymer seg litt meir enn berre eit smil.
Rett under meg er det rett ned. Du har sikkert allereie fått med deg kva som er rett bak/under meg. Ja, hav!! Det er berre litt ukonsentrasjon som skiljer mellom det du ser og ei VÅT Beathe!! Mistar eg taket, dett eg rett i sjøen og det ville ikkje berre ha vore ein våt fornøyelse, men også ein KALD!! Seinast i går snødde det her, så eg har absolutt ingen planar om å hamne i havet enno!

Så biletet viser i utgongspunktet ei heilt "avslappa" kvinne som poserer for kameraet. Sanninga er ein heilt annan!!
 Det same gjeld her! Tankane som gjer seg gjeldane i hovudet her er "kan han snart ikkje bli ferdig så eg får kome opp att?"
 Her byrjer eg å bli lei!!! Gidder ikkje smile på tvang............ Frykta er ikkje så stor lenger, og spenninga byrjer å gå over. :=) Det er berre å få litt hjelp til å kome seg opp på vegen att så eg kan trø vidare.

 Er ein på utkikk etter kule stader å ta bilete, så finn ein ei alltids. Det er ikkje alltid fotografen er like heldig med å få fram kor kult det eigentleg er. Det ser kanskje ikkje så spektakulert ut, men det er faktisk verre enn det ser ut.
Å klatre i fjellvegg er bob-bob! Eg er komen eit stykke opp (utan tanke på at eg skal kome meg ned att). Med telelinse på, ser det ikkje ut som at det er så høgt.........
Det ein ikkje ser på biletet, er at veggen faktisk går utover og at det faktisk ikkje er berre, berre å halde tak i berget.
Andletet viser eigentleg ein form for frykt. Eller kanskje det er betre å bruke ordet usikker. Det overdriver nok litt i forhold til kva som streng tatt hadde vore nødvendig.
Andletet viser noko, medan kroppen ser heilt avslappa ut. Så det vil vere lett å tru at biletet er tllaga for at det skal sjå ut som noko heilt anna enn det er. Eg har faktisk klatra opp og allereie har eg byrja å grue meg til eg skal snu meg.
Nei, fotografen står ikkje tett ved sida av meg. Han er faktisk rimeleg langt unna.

 Eg er snart nede. "Kan eg hoppe ned resten??" Ganske usikker på om eg skal tore........ Akkurat det kjem vel ganske tydeleg fram på augene på dette biletet. Andletsuttrykket her er vel det einaste som ikkje "lyg".  Likevel..........Det ser mest ut som at eg står der og lener meg mot noko og er heilt avslappa. Det er eg ikkje!!

Eg kom meg no ned til slutt!
Dette biletet tok eg då eg kom heim og han var utanfor huset og lekte. I morgon fyller han 8 år og slik ser altså ein åtteårig kjøpsvikgut ut! Mitt eiga lille hjarte!!!! <3<3<3

Eg syns det nye kameraet fungerer utmerket!

Ha ein fortsatt fin dag!!

Hasta luego:=)

SDHT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar