fredag 25. mai 2012

Lydverket legges ned. Sånn eigentleg følgjer eg ikkje med på programmet, men eg syns jo alltid det er kult når nokon eg kjenner deltar i eit program på tv. Spesielt om vedkommande leiar heile programmet. Lydverket er eit sånt program. Min tidlegare klassekompis frå Husnes, Asbjørn Slettemark, har leia Lydverket og dei få gongane eg har sett han i aksjon, har han no klart seg bra. Eg veit fleire som følgjer programmet tett og som skryt av det.
No er Asbjørn skuffa. Lydverket har vore NRK sitt musikkprogram dei siste 10 åra og då er det nok litt vemodig at det skal leggjast ned. Noreg treng jo eit musikkjournalistisk program med tanke på alt som skjer innan musikken den siste tida. Det er vel meir aktuelt no enn nokon gong før. Berre tenk på all den norske musikken.....
Jaja....... Asbjørn har alltid vore flink når det gjeld kunnskapar om musikk, så han blir nok sikkert ikkje arbeidslaus.

Det beste med heile denne artikkelen er ein setning som seier: Donald forstår Asbjørn Slettemark!! Hahaha........ Det er jo ikkje Donald som i Donald, men setningen står heilt for seg sjølv og den er eigentleg litt kul!!

Kongen hjalp politiet med å få bilen i gir. Jaja....Han som sikkert er vel vandt med privatsjåfør må jo sjølvsagt vere rette mannen til det:=)  Så er han dog "folkekongen"!

Se Toojis seiershyl. Joda, i går kveld "bugna det over" av gratulasjonar og det var stor glede over at Noreg gjekk vidare til finalen i årets Grand Prix. Som eg skreiv....joda.......... Eg er nok glad på Noreg og Toojis vegne, men at det er ei bra låt?? Aldri i verda om eg kjem til å innrømme det. Grand Prix har i løpet av få år utvikla seg til å bli mykje dårleg musikk. Det er berre å innsjå det. Ergo er det ikkje heilt spikra at kjem til å siitje benkers foran tv-skjermen på laurdagskvelden. Kanskje........for å vise litt solidaritet, men heller ganske tvilsamt.

Vill slosskamp i nasjonalforsamling. Eg trur vi skal vere glad for at vi bur der vi bur!! Denne slosskampen utspant seg i Ukraina og bakgrunnen var ein debatt om den aukande bruken av russisk språk i landet.
Presidenten ønsker å sidestille russisk med det ukrainske språket slik at begge blir ofisielle språk. Dette falt ikkje i god jord hos enkelte og følgeleg endte det med basketak. Skikkeleg modent gjort, med andre ord................
Opposisjonen angrip både presidenten og andre fysisk. Ein av dei måtte på sjukehus etter "tumultene", så det er i Ukraina det skjer! Lenge leve ytringsfridomen.!!
(I 2010 kasta dei egg på kvarandre i ei sak dei var ueinige om. Snakk om sirkus!! Kven er det som har stemt dei inn????)  :=)

Sur stemning etter brudd i lønnsoppgjøret. Tja, det er vel ingen som blir glad når det blir brot?? Dei er visst ikkje einige om kven som har utløyst brotet!! Slå den. Det er vel ikkje vanskeleg å vite kven som har tatt eit brot? Den som seier at det blir brot. er vel den som tar brotet? Berre fortset å krangle.......
Dessutan......Ligg det eigentleg noko tyngde bak denne streiken som viser at dei/vi meiner alvor? Foreløpig er det berre nokre få som er tatt ut i streik. Kvifor ikkje berre smelle til med eit stort antall arbeidstakarar i streik og "skremme" dei litt meir. Til no har ikkje streiken akkurat ramma så hardt.

Kidman tisser på Zac Efron i ny film. Fantastisk overskrift. Ein heil film og så er det den lille biten av filmen dei har bitt seg ,erke i. Skikkeleg kult altså. Stort!! Løp og sjå eller kjøp filmen!! Sjå Kidman tisse!! Ei oppleving du lev lenge på. Glimrande journalistikk! Gratulerer!!

Fant kulelignende gjenstand i kotelettpakke. Hmm......Tør du spise koteletter meir?? Kanskje du risikerer at koteletten vaknar til liv og set ei kule i ryggen din! Ver med andre ord forsiktig. Kan hende at grisen er ein utmerka skyttar!!
Du ser det vel for deg?? Ein liten kotelett som dansar og syng og plutseleg får eit slesk smil om munnen........ "Et ikkje meg, for då er du dau!!" Hahahahahahaha.................

Nei.....unge jomfru Knutsen fekk det plutseleg litt for gøy her, så eg trur ho må logge seg bort frå nettsidene til VG. Sånn eigentleg er eg ganske lei av heile nettavisa. I lang tid skreiv eg ikkje av di eg mista motivasjonen. Nettutgåvene den siste tida har ikkje bugna over av stoff som avlar til motivasjon og då blir det deretter også.
MEN........i dag fekk eg KK i posten, så eg skal bla litt i det og sjå om dei har noko som fangar interessa mi.

Marita!! Ikkje tenk "Æ skjønnte det. Det måtte vær nåkka med sex!"......Hahahahaha........ For det er nemlig akkurat det som var det første som fanga meg!! Thihihihi........  Derfor har vi ikke sex. Eg har berre sånn aller hurtigst lest i gjennom dei to sidene om temaet. Heilt ærleg, så fell ikkje denne jomfrua inn under nokon som helst av punktene. Kva gjer vel det?? Ein skal jo ikkje vere heilt A4 heller?!! Punktene er sånn høveleg slik som følgjande: Dere har ulik døgnrytme, Dere skygger unna krangel, Dere har ulikt sexbehov, Du venter og venter på lysten, Du tenker på oppvasken og Ingen tar ledelsen i senga.
Det verste er at eg faktisk sit her og flirer for meg sjølv. Enno godt at eg ikkje fører ein samtale mellom meg og meg oppi det heile. Det ville ha vore creepy!!
Tenker på oppvasken.........?? Eg kjenner eg får spasmer i tolvfingertarmen her eg sit. Eg har då vel aldri lege der og "hatt meg" og samtidig tenkt på oppvasken?!! Det må i så fall vere av di opplevinga av det heile er under pari!! Viss ein mann ikkje er betre enn at partneren tenker på oppvasken i "dei heite stundene", ja då.......... Say no more! :=)
Skygger unna krangel?? Tja, eg veit ikkje om eg heilt forstår den. Er det slik at god sex avlar krangel?? Nei.......Det er vel heller slik at ein i det daglege skuggar unna krangel og av det blir det lite sex! Konfliktar fører vel gjerne til "make up sex". Løysinga må difor vere berre krangle i veg!! Hahaha...................
At ein ventar og ventar på lysta?? Vel, eg trur ikkje vi går rundt og tenker "skal eg ikkje få lyst snart?". Det er vel ikkje lysta det er noko galt med...........
Ulik døgerrytme? Tja....forsåvidt ser eg det for meg som eit argument som høyres fornuftig ut. Kanskje det likaste er å finne ein partner som har lyst heile døgeret. Litt dumt med eit par som består av ein "morgonelskar" og ein "kveldselskar"!! Den gylne middelveg??? Eg veit ikkje heilt kva det kan vere...............
Maktkamp mellom laknene?? Kvinnfolk er blitt vant med å ha kontroll i kvardagen og då er det kanskje vanskeleg å la seg lede og gje seg hen. Det heile handlar vel mest om å tørre å slappe av? Mannen din er vel ikkje eit farleg uhyre som ein treng å frykte? Dessutan høyrer jo ikkje kontroll og kjærlegheit i samen. Mannen vil heilt sikkert at ein vekslar på kven som tar kontroll. Det må vel vere heilt greit?

Heilt til høgre står overskrifta "Ta en legesjekk". Så viss du har mista lysta, bør ein ifølge artikkelen ta seg ein legesjekk. Feilen kan liggje i hormonbalansen.
Vel, dersom eg ikkje vil ha sex, ligg det nok ikkje i hormonbalansen min!!

Nei....eg trur mange rett og slett tenker for mykje!!! :=)

Nyt smaken av norsk sommer. Tja, først må den kome for at den skal smake godt! Til no har den i veldig liten grad vist seg fram. No når pinseria også slår til, så er det vel ikkje store håpe om å få nyte den dei nærmaste dagane i alle høve.

Det er fredag og det er helg.....langhelg! Nyt den til det fulle!
Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar