søndag 13. mai 2012

Joda......:=)

Snakk om stil!! Han godeste mottok sjølvaste æresprisen i dongeribukse!! Hahaha........ Her er det snakk om å vere "laid back"!. Vi snakkar "Gullruten"...........anno 2012. Ein sal full av pynta menneske. Gallakjoler og dressar..........og dongeri!!
Eg har ingen verdas ting imot dongeri. Dongeri kan vere kjempefint og eg kjenner mange som "aldri" brukar dress av den enkle grunn at det liksom ikkje er heilt "dei". Likevel........ Vi snakkar "Gullruten" og faren for å måtte stå foran ein heil sal pluss store delar av det norske folket.
Sjølvaste æresprisen. Ingen tvil at ein får augene på seg då.

Når eg først er inne på "Gullruten", så lurar eg faktisk på ein ting. Kvifor i alle dagar er det blitt så in at to kvinnfolk skal kysse. Som regel er det to pop-dronninger. I kveld var det ho Dorthe sjølv og Lene Nystrøm (Aqua-Lene). Ikkje misforstå meg. For min del må berre alle kysse kven dei vil, men det blir litt teit når ein berre gjer det for å få all merksemda. Ingen tvil om at dei var klar over at det kom til å bli fotografert. Står ein i folkemylderet og skal ta farvel, treng ein vel ikkje kline for det??!! Med augene attlukka......
Hahaha...........Kanskje eg skal "sjokke" enkelte ved å kysse dei når dei eg går? Det kan jo vere artig å sjå reaksjonen...... Spørs om eg tør! (Det siste sa eg ikkje. I alle fall kjem eg ikkje til å innrømme det!! Eg tør alt!) Thihihi......... Nei, leppene mine får vere forbeholdt èin :=)

Kvinnelige agenter vil forgifte meg. Dagens beste overskrift!! Det er eit sitat frå Dalai Lama. Han er jo ein åndeleg leiar og då opnar det for at eg kan tolke overskrifta på fleire måtar. Sånn sett har opphavsmannen vore heldig med den.
Forgifte? Kva betyr det? Det kan jo vere noko så kjedeleg som nettopp det å forgifte. Eg vel å tru noko anna (vel vitande om at eg sikkert tar heilt feil!)
Det er mange måtar å forgifte på. Buddhismen er ikkje heilt lik kristendomen  (den katolske) og eg er faktisk ikkje heilt sikker på om ein buddhistisk leiar har lov til å ha seg kvinnfolk, (Dei små grå fungerer ikkje så supert etter midnatt!) Så då vel eg å anta at det ikkje er lov (for det er mest spanande).
Eg ser for meg at denne "hotte" mannen har maaange kvinnelege tilhengjarar (agentar) og det må jo vere lykken å få ein "date" med Hr. Lama??! Stakkars mann! Lama kan sikkert velgje og vrake i kvinnfolk og sjansen for¨å bli forgifta er difor kjempestor. Kva om han gjer etter????
Vel, sikkert ingen fare. Så lenge ikkje EG prøver meg. Han kunne vel aldri ha vendt meg ryggen. Tru kor hormonell han skulle blitt. Hr. og fru Lama.... Hahahahahaha....... Eg trur eg kjenner ein liten lattertåre i augekroken. (Eit lite teikn på at ein skal roe seg litt!!!!)
Nei, ein slik mann er det vel mange som har meininger om. Sterke meiningar........ Så å forgifte betyr sikkert forgifte i ordets rette meining. Litt kjipt, men, men......

........og slik ble nordmannen youtube-stjerne. Fa.. for ein idiot!!! Unnskyld språket, men enkelte er jo då ikkje riktig navla. Den her nordmannen er i alle høve ikkje det. Snakk om å vere "kort". Han har fylt eit basseng (eit akkurat likedan som det eg har i garasjen, så eg veit kor djupt det er oppi) med vann pg så har han klatra opp på hustaket. Bassenget står laaangt unna husveggen (berre sånn til informasjon). Han tar springfart og stuper ned i bassenget.
For ein fjott!!! Risikere sitt eige liv for å kome på youtube? Eg skulle vel ha gjeve han hundrevis av forslag til kva han kunne gjere enn akkurat det.
Det er ganske høgt opp til hustaket og med tanke på kor langt utpå plenen bassenget står.......say no more!!
Jeeeeezzzes!!!!! Eg tok nettopp og såg klippet. Bassenget er jo berre halvparten av det eg har og det var ikkje akkurat så mykje vann i det. Han stupte, traff og reiste seg lykkeleg opp med ein gong (akkurat som om at han ikkje slo seg i det heile). Eg kjenner eg blir svett rundt hovudtarmen......... Jaja, får håpe at ingen av dei som ser klippet føler for å gjere det same!!

Egypt. Mann våknet til live før egen begravelse. Hmm......Ingen vits i å kommentere det??!! Det er jo creepy!! Kva om dei faktisk begraver levande? Ekkel sak.........

Vil aldri snakke om puppeinngrepet igjen. Dorthe Skappel!! Kanskje ein ide å ikkje nemne det i det heile då?? Når du først fortel det noske folt at du har tatt silikon i puppene, så må du nok ganske så sikkert rekne med kommentarar....... Ellers er du naiv!
Då ho fekk born, forsvann kvinnelegheita hennar (ifølge ho). Difor hadde ho behov for å fikse puppene med silikon. Vel........ Mine eigne bryst er ikkje lenger så faste og fine, så kanskje eg også burde vurdere det?? Hmm.........Tenke, tenke........tenke hardt!!! Nei, eg trur ikkje det. Eg våger å tru at eg ikkje er mindre kvinneleg om eg har litt hengjepupper. Eg har ikkje tenkt til å prøve meg på George Clooney eller Richard Gere. Kjøpsvik-kara er litt mindre komplisert enn dei to artigkarane der!!! Hahahaha...........
Lurar eigentleg litt på kvifor eg alltid brukar nett dei to menna når eg skal få fram eit poeng. Dei er jo eigentleg ikkje så "hotte" at det gjer noko. På film er dei jo så oppsminka.  Det er vel stor fare for at dei under "maska" skjuler litt av kvart. Nei.......dei er nok oppskrytt. (Ikkje sant Helene Bu???)
Eg får vel klare meg med sementgubbe a la 1953-modell. Ingen grunn til å klage på det!! <3

Før eg får det alt for artig her eg sit, så trur eg heller at eg skal seie god natt. Det er runda sundag for lenge sidan, så sengekanten bør ikkje vere så altfor langt unna. Eg satsar på at eg sovnar før hovudet treff puta. Satsar på at eg drøymer søtt!!

Ha ei god natt, alle saman! :=)
Hasta luego!

DVEED!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar