tirsdag 8. mai 2012


Tja........Kva skal ein seie til dette?? Om eg tell nøye etter, trur eg nok at eg kjem til talet 20 med stort og smått! Puh!! Sååååå kjem spørsmålet...... Kva i alle dagar gjer dei i min gang?? (Som om at eg ikkje veit svaret).


Det er tysdag. Tysdag betyr langdag på arbeid. Denne tysdagen betyr langdag og ingen vaksne heime litt over tre. I og med at eg er åleine heime med snuskelusken min for tida, så får han sjølvsagt lov til å vere med å regjere litt, men dog berre litt. Dagens "regjering" er ikkje ein del av det som er tillatt!!!
Han likar å vere litt for seg sjølv etter skuletid og har lenge hatt det slik at han får gå heim før vi vaksne kjem. Forskjellen i dag ligg i at han var åleine ein heil time.
Sjølv om han aldri finn på noko tull når han er åleine, kan det visst tydelegvis hende likevel.

Eg kom inn døra. Ein stykk ransel og tjue ballar var synet som møtte meg. På biletet har eg flytta litt på dei, for dei låg alle meir der eg må gå for å kome meg til rett side av døra. Puh...... Her var det berre å skreve over!
Kvifor dei låg der?? Nesj......... Han hadde berre lyst å ta turen i garasjen og hente eit ballnett. "Æ må jo få lov tell å lek med fotballan mine, mamma!! Skjønna du ikkje det??" Sukk.......
Jaja. Eg skreva over og kom meg inn. Der sat han og ein kompis og gomla mat. Dei var sjølvsagt svoltne og fann ut at då må dei jo ete. På tallerkenene deira låg det fem centimeters tjukke brødskiver som dei såvidt makta å bite over (men i magen forsvann alt!!).
Sånn eigentleg syns dei at dei bollene som låg på kjøkkenet såg frykteleg gode ut. Mammaboller!! Mmmmmm.......... Eg ser for meg augene hans.
I eit lite glimt av samvit, tenkte han at det er sikkert ikkje lov til å røre dei. Kva skjer då når lysta blei for stor? Joda...... "Vess vi dela ei bolle, så kanskje ho ikkje ser at det mangla nåkka bolla. Førr ho veit sikkert ikkje kor mange ho har!" Eg måtte no flire då dei fortalte det og seie at det var heilt greit og smurte dei ei kvar si ny ei.
Det beste var at dei hadde vaska benken!! "Mamma, vi måtte jo skjul sporan etter oss!"  Herlege åtteåringar, rett og slett! Det var no bra at dei hadde vett å ta seg mat.......Sjølv om eg ikkje føler meg heilt trygg på brødkniven og nevane deira. MEN, så lenge dei skjærer så tjukke skiver som dei gjorde, er det vel ingenting å frykte!!! Eg får berre håpe at ikkje naboen blir "hissig" på at han fekk ein "ikkjesåsvoltenpåmiddag"-gut heim i dag. Det går vel aller helst bra! Hehehe....... :=)

Så var det fotballtrening!! Gud betre....... Eg måtte trø til som trenar av di hovudtrenaren sjølv er borte. Så då var det på med fotballsko og full motivasjon!! Joda...... Det kom ein 12-13 born og eg kan ikkje seie anna enn at eg fekk "kjørt" meg litt. Spørs om eg er gangbar i morgon. Uansett ¨må eg vel berre late som ingenting i morgon så ingen får gleden av å "mobbe"!!! Hahahaha........Kven kan det vere??? Thhiiii.........
Nei, det er nok ei stund sidan fotballkarrieren slutta. Trur kanskje juni 2000 er ein høveleg rett plassering av tidspunkt. Det betyr at det er heile 12 år sidan. Hjelpe meg!! Jaja, så lenge nivået til medspelarane ikkje er meir enn åtte-ni-åringar, så skal eg vel kanskje klare å halde følgje.
Det er lenge sidan eg dribla han eg bur med som 17-åring. Han har vel ikkje heilt komen over det enno!! :=)

Russetid........ Det betyr vannkrig, det!!! Om dei vil det eller ikkje!! Smårollingane er så tent på vannkrig at det er berre å gløyme at russen får slippe unna desse.
Min kar har aldri fått lov til å halde på med vannpistolar og vannballongar. Eg har vore ganske så striks på det av den enkle grunn at eg syns det er heilt unødvendig og at det må gå an å finne på andre ting. I dag ga eg etter! For første gong fekk han ta i bruk ein mega vannpistol han fekk i gåve her for nokre år sidan. (Ja, eg er så bitch at eg ikkje har latt han få prøve den). Det blei mildt sagt lykke i heimen. Eg trur eigentleg at han ikkje trudde det først då eg sa ja. :=) (Men vannballongane må han berre ligge langt unna. Dei blir berre liggjande og slenge langs vegen og det er ikkje noko vakkert syn).
Så endeleg fekk han "angripe" russen! "MAMMA, MAMMA!! Kor e du?? Veit du ka?? Ho Marthe i tiende fekk berre sååååå gjennomgå". "Åsså ho Rikke, då!!! Ho hadde jo ikkje engång pistol, så ho måtte bruk ei flaska!! Hehehe....." Berre det å sjå på dei augene då han sa desse tinga, var det lett å definere det som EKTE lykke!! Stjernene kappløpte inne på augene hans. Så viss ikkje han lev lenge på denne "kvelden", så veit ikkje eg. Så spørs det om han får lov fleire gonger.............. (Kanskje ein grunn for at eg er kalla Cruella De Vil i årets russeavis..... Hahahahahaha...........).

Nei, det må vel kunne seiast at dette har vore ein innhaldsrik dag for familien Beathe/Steffen!!
Eg får håpe kvelden blir like gjevande:=)
Så ha ein fortsatt fin kveld, alle saman!!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar