torsdag 24. mai 2012

Så var det streiketid att. Mange blir involvert, anten som ein som streikar eller ein som blir ramma av streiken. Så spørs det kor langt dei er villige til å gå i år. Det bugnar over av overskrifter på nettsidene. Eksmpel på ei er: Vi streiker så lenge det er nødvendig! Med andre ord.....streikelysta er på topp mange stader denne gongen. Så spørs det utfallet....

Det er ikkje første året at ein går tøft ut og seier at vi ikkje gjer oss. Likevel, det skjer både titt og ofte at resultatet ikkje er særleg bra. Eg for min del skulle ønske at det sentrale oppgjeret blei så bra at ein slapp å ha lokale forhandlingar.
Lokale forhandlingar kan sikkert vere bra det, men ikkje når ein bur i ein kommune som ikkje heilt skjønnar kva lokale forhandlingar dreiar seg om.
Når kommunen stort sett har bestemt seg for kva utfallet skal bli, lenge før forbundet har entra lokalet, så seier det seg at det er liten vits i å prøve.
Kva er vitsen med å ha eit forbund som skal forhandle dersom det ikkje er reelle forhandlingar? Er det ikkje forbundet som møter medlemmane og i større grad veit kva medlemmane ønsker enn det arbeidsgjevaren gjer?
Kva er vitsen med at dei forventar at forbundet leverer inn krava sine når dei eingong ikkje har prøvd å bruke det til noko fornuftig.? Har dei bestemt at det er ein dei syns skal ha auka løn. ja, då sørger dei for at vedkommande får det. Dei berre seier at forbundet får ta brudd om dei ikkje er einig. For å statuere at dei ikkje vil gje seg, legg dei berre på beløpet til vedkommande innan forbundet kjem inn på ny, berre for å demostrere at dei ikkje kjem til å gje seg på det. Så alt i alt.....ingen forhandling.
Kvart einaste år har etaten vår "tapt" på at arbeidsgjevaren er vanskeleg. Så er vi no komen til eit nytt år med forhandlingar...... I år, som i alle andre år, ber eg om at oppgjeret blir så bra at vi slepp dei lokale forhandlingane. Dei er berre urettferdige.
Å sitje å forhandle om pengar som blir "spist opp" når nye sentrale forhandlingar har vore, av di dei ikkje blir lagt på toppen av løna.....kva er då vitsen?

Eg håpar streiken ikkje blir langvarig. At dei blir einige om ikkje så altfor lenge.......... Som alltid, håpar eg at ikkje vi blir tatt ut i streik......Eg har ein klassetur til Krotaia rett om hjørnet og den aktar eg å dra på uansett. Heldigvis jobbar eg i ei bygd som ikkje er så stor. Så ein eventuell streik vil ikkje ramme så hardt her. Sånn sett er vel sjansen for å bli plukka ut ikkje så stor. 
Oslo blir vel sikkert ganske hardt ramma, så der planlegg sikkert elevane ein tur i Frognerbadet og liknande. Så at dei blir så frykteleg lei seg for at det blir "skulefri"??? Neppe...........

Misforstå meg ikkje......Eg er ikkje imot streiking. Eg berre håpar at eg sjølv ikkje blir tatt ut. Så lenge sanfunnet går rundt når det gjeld liv og helse, så kan dei streike heile året om dei vil (for min del)......

For dei som allereie har planlagt kva dei skal bruke skatteoppgjeret sitt på, så blir dei vel skuffa i år. Slik det ser ut no, så blir den vel forseinka.......... But I don't care........Eg har ingen planar for dei og ikkje får eg dei før til hausten uansett.

Dette flyselskapet får flest klager. Det er eit Norwegian-fly som er avbileta. Ikkje veit eg om det er av di det er det selskapet det er snakk om eller om det er eit tilfeldig bilete. Eg vil uansett tru at dei fleste tenker at det er Norwegian det gjeld når dei ser tittelen. Så uansett om det er dei eller ikkje, er det dårleg reklame for selskapet. Dei som ikkje les innholdet sit berre att med eit bilete av Norwegian og overskrifta.
Ein får håpe det ikkje er dårleg jounalistikk ute og går.....

Det er nok Norwegian som er syndebukken. 126 klagar til flyklagenemnda på 2 år. Vel......det høyrtes eigentleg ikkje så mykje ut?! Sånn med tanke på kor mange som reiser i løpet av to år. Det er sikkert mange.... Det dreiar seg mest om tap av bornevogner, kanselleringer og ruteendringer.
Norwegian sit antal er rimeleg mykje høgare enn hos dei andre. Likevel er det ikkje sikkert at forskjellen er så stor.
Når det kjem klagar på noko, vel fleire flyselskap å betale ut kompensasjon og slepp at flyklagenemda får saka. Norwegian har ein policy at dei oftare sender saka vidare til nemnda sjølv for å få eit heilt korrekt "oppgjer". Dei kunne altså ha betalt seg ut av det, men ber nemda vurdere storleiken. Ergo får dei fleire klagesaker som gjeld det selskapet enn andre. Jaja...... Eg bryr meg no fint lite.

Hvordan unngå løpesmerter. Hahaha........ Det er jo berre å la vere å løpe det!!! Thihihi.......

Hareide fant frem smilet. Så hyggeleg. Eg visste ikkje at han hadde gøymt det bort....... Kanskje det var vitaminane frå sola som lokka det fram att?? Sola gjer mykje bra, den....... I alle høve blir veldig mange fleire blide rundt om kring. Elles så trur eg at eg skal la vere å kommentere kva sola elles kan skape av aktivitet!!

Et godt liv måles ikke i antall cupcakes. Så sant, så sant.... Kven er det så var så glup at dei fann ut nett det?? Er det nokon som verkeleg trur det motsette?? Sikkert........
Vel, dei cupcake'ene eg har spist i løpet av mitt liv kan nok teljast på fingrane mine, så då er eg vel ikkje ein av dei som trur at livet er så kjipt utan desse kakene.

Halve værkartet rammes av streik.  Hahahaha....... Det er noko av det teitaste eg har sett. Dei viser eit bilete med symboler på halve kartet. Skal det no først vere streik, så må dei no klare å skippe heile kartet. Eg døyr ikkje om dei ikkje viser kva vèret "mitt" blir i morgon (for det kjenner eg på kroppen.....), men kva er vitsen med å vise vèret for Austlandet og Sørlandet? Kan dei ikkje berre skippe heile landet? Eg vil tru effekten av det vil bli større då:=)
På grunn av lovlig arbeidskonflikt utarbeides det ikke værvarsling for Vestlandet og Trøndelag. Stakkars trøndere.....No må dåke vel leggja dåke sjuke??
Vèret er sikkert viktig for mange.......det er berre eg som ikkje bryr meg. Eg skal ingen stader dei neste dagane, så då kjem det vel ingen overraskingar veltande over meg frå oven!

Streik er fine greier. Tja......Eg trur eg ville sagt det same om eg var kriminell og slapp ut av fengsel av di det er streik og ingen til å passe på meg. Eg skulle ha utnytta kvart eit sekund.

NAV bruker Facebook for å avdekke trygdesvindel. Datatilsynet hudflettar metoden pga  den enkeltes rettssikkerheit. Blant anna kontaktar NAV bornehagen dei trygda har borna sine i, burettslaga, Facebook osv..... Det kan føre til at personar som absolutt ikkje har noko med at andre er trygda får opplysningar dei ikkje har rett til. Sånn eigentleg er vel det ganske alvorleg??!!
Ikkje skjønner eg kva glede dei har av å sjekke Facebook. Det må i såfall vere at enkelte skriver avslørande ting i statusoppdateringa si.
Spare der ein kan - er vel det nye mottoet. Useriøst, spør du meg!

Ølbriller drar damer. Eehh....... Viss dei meiner at det biletet dei har lagt ut skal "dra damer", så er ikkje eg ei av dei damene som blir "dratt". Så lite "hot"!! Nei, det må nok meir enn det til for å få merksemda til kvinnfolka. Eg vil tru eg snakkar for majoriteten her:=)

Fortell oss om din bryllupsreise. Diverre.....Eg kan nok ikkje det. Eg har aldri vore på ei slik reise og har ergo ikkje noko å berette. Ikkje at eg trur at eg ville kontakta media og fotalt om reisa uansett. Privatliv er no eingong privatliv. (Med mindre dei ville ha sponsa ein luksustur på meg då.............Mykje ein kan finne på i eit svakt augeblikk!) Hehehehe........

La baby i vaskemaskin. Så startet den. Steike ta......... Er ikkje det toppen på "blondheit"??? Ein legg då vel ikkje ein baby ifrå seg INNI ein maskin. Kva med oppå maskinen eller golvet?? Sikkert ikkje så herlege forslag det heller, men dog mykje sikrare og mindre teit enn inni ein vaskemaskin.
Dessutan......Korleis kan den ha starta?? Er maskinen så ulik alle andre? Eg vil tru at for å starte ein vaskemaskin, så må ein også lukke døra til maskinen. Leggje ein baby inni maskinen og lukke døra?
Eg trur eg skal la vere å utdjupe det noko meir. Eg blir berre frustrert over at det faktisk går an å vere så teit!! Det står faktisk lenger ned: Lek ble alvor! Faen for ein sjuk humor ein har om ein puttar ein baby i vaskemaskinen "for gøy"! Nei, no må eg slutte av før eg blir irritabel her eg sit..........

Estelle rapte så hele kirken lo. Ja, kongelege må vel få lov til å rape dei også. :=) Kan nesten virke som at det var festa ein mikrofon på den lille jenta i og med heile kyrkjelyden kunne få med seg rapen?! Jaja..... Eit "koseleg" lite minne:=)

Sånn går no dagane! :=)
Ha ein fortsatt fin dag!!
Hasta luego:=)

MYLH

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar