lørdag 19. mai 2012

Kom mai du skjønne milde......

Hahahahaha......Dagen beste! Det er ikkje langt unna "Jeg snører min sekk og spenner mine ski", men eg kunne sjølvsagt tenkt med pittelitt meir snø for å ta skia i bruk. No skreiv eg dog att det ikkje er langt unna.......så då stemmer det vel bra då. Litt meir snø, så tenker eg at eg tar sats ned bakken og håper eg landar på føtene!

Nitteande mai, to tusen og tolv...... Eg rissar det inn i hjernen for å ikkje gløyme at årets mai ikkje er bra, vel vitande at allereie når vi bekkar over til juni, så er det ute av sinnet (som vanleg). Spør meg om fjorårets mai og eg vil ikkje vere i stand til å svare. Slik er det....år etter år.

Eg er på hytta etter ein iskald dag i Steigen. Ein dag som skulle vere ein fotballfest, men blei berre fotball.... Hagl, regn og vind satte det største preget på dagen. Ei ung jomfru stod der og hutra og fraus utan nokon til å leggje sine varme armar rundt seg. Stakkars....
Lite hjalp det med paraply. Vi veit vel alle at vind og paraply ikkje er nokon god kombinasjon.

Ukrutt forgår nok ikkje så lett, så jomfrua er fortsatt i live! Ikkje fritt for at ho tenker på varmare strøk.
Solkrem og bikini er vel det som er lengst unna akkurat no.

No skal denne jomfrua løyse kryssord til den store gullmedaljen og så skal ho vinne masse pengar i Lotto. Kva pengane skal brukast til? Ho fins ikkje i tvil!!!

Laurdagen er ung....måtte dei neste dagane forløpe i eit hurtig tempo. Ha ein fortsatt fin kveld. :=)

Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar