fredag 11. mai 2012

Vatikanet etterforsker prester for misbruk av mindreårige. Vel, det er nok ikkje første gongen? Meiner så tydeleg at eg hugser at akkurat det har vore tema i media fleire gonger tidlegare.

Det er sju katolske prestar som er under etterforskning. Alle sju er frå ei og same gruppe. Viss dei har misbrukt mindreårige born seksuelt, håper eg verkeleg dei får si straff.
Det som gjer det heile litt vanskeleg, er at dei fleste tilfella skjedde for fleire tiår sidan. Berre eitt av dei er av nyare dato. Å klare å prove noko sånt etter så lang tid er nok ikkje det lettaste. (Dei har vel sine metodar.....?!)

Eigentleg trur eg ikkje denne etterforskninga er så ny. Det er nok same saka som har rulla kvar gong vi har lese om det i media. Leiaren av gruppa heiter Maciel og det fins dokumenter heilt attende til 50-talet som viser at han var både narkoman og pedofil.
Det at dei har hatt denne kunnskapen så lenge og så er det nett skandalen rundt han som blir ein av dei største i nyare tid i den katolske kyrkja???!! Korleis har det seg? Dette skulle vore satt ein stoppar for for ein "mannsalder" sidan. Dei som har visst og samtidig teia bør også få si straff!!

Maciel er daud! I 2006 sanksjonerte Vatikanet Maciel til eit liv i syndsforlatelse og bøn for dei lovbrudda han hadde gjort. I 2008 døydde han og året etter kom det fram at han hadde hatt eit riktig så "hyrdefullt" liv. Tre born med to ulike kvinner og misbruk av born. Ikkje akkurat ein prest verdig......

Er du usikker på 17.mai-antrekket? Nei, eigentleg ikkje. Eg skal vel vere blå som "alltid". Bunaden har no hengt der i skapet i alle år. 17.mai er nok ikkje den dagen der den har vore mest brukt. Sist gong eg brukte den trur eg var på avslutninga til høgskulen då vi var ferdig der. Her er ingen andre som har lik bunad her som eg, kvinnheradsbunaden, så det kunne jo vore "skøy" å kunne gått med den ein 17.mai. Det får bli i mitt neste liv:=)
Uansett........ Eg må vel attende til denne "artikkelen" som spør om vi har antrekka klar. Joda, dei skal ha pluss for at dei kjem med forslag til oss, men eg trur ikkje det er så mange av dei som eigentleg er så veldi 17.mai-aktig.
No skal det seiast at eg kan vere ganske konservativ av meg og aller helst ikkje vil at ting skal endre seg så altfor mykje. Så sånn sett........ Vi lev jo i 2012 og tida har endra seg. Det gjeld vel også klesstilen. Likevel......Kva er 17.mai? Gløym nasjonaldag, gløym 1814 osv osv......... Det ligg der i botnen uansett. Kva er 17.mai forutan alt dette? Jo, kaker, is, musikk, underhaldning, tale(r) og sist, men ikkje minst, tog. Vi går i tog. (I alle fall gjer eg det). Ikkje berre eit par hundre meter heller. I løpet av 17.mai så legges det ned x antall km. Sjå då for deg dei kjempehøge og kule stilettane. Det er nemleg det som det er flest av på biletet. Helar på minst 10 cm.......Jaja, eg vil sjå den som klarar å få på meg slike skor. Hahahaha......... Beathe oppover svingen i skyhøge stillettar. Nei, det er ikkje meininga at alle skal ligge strødd langs svingen i latterkrampe....... Tru meg!!! Det ville vore resultatet av det. Eg har då vel berre hatt  høge stilettar på meg ein einaste gong i løpet av heile livet mitt. Hovudet var meir konsentrert om å gå høveleg rett enn det som skjedde rundt meg! Med andre ord: Det ville ikkje vore heilt meg! (Og eg har ikkje akkurat så stort behov for å skifte "image".
Ellers er det bilete av trange, tettsittande kjoler som ikkje lemnar noko til feldigheitene. Bunaden skjuler nok meir............... (Eg veit ikkje eingong om bunaden passar. Kan jo hende den er pittepittelitt for liten no etter alle desse åra som er gått? Eg trur eg lar vere å sjekke. Så kan eg leve i trua:=)

Musikkbransjen handler jo om sex. Joda, eg har lest akkurat det i fleire uker no. Det er tydlegvis eit så populært innslag at den blir ståande der. Hahahaha........Som einaste høne i ein flokk på seks er eg vel glad for at utsagnet ikkje stemmer heilt!! :=)
Eg orker ikkje eingon å sjå kva det er dei skriv om temaet. Eg går ut ifrå at vi alle saman eigentleg veit svaret før vi sjekkar. Uansett......Skulle eg falle for fristelsen, så er saka der garantert i morgon også. Så lenge ordet sex er med i tittelen, er det nok av folk som går inn og sjekkar og saka blir liggjande.

Her eg sit trur eg nesten at eg byrjer å bli paranoid. Ein hyggeleg kar syng "I can see it when I look up in the sky" i øyretelefonane og kva gjer eg?? Joda, eg rører på hovudet og ser opp. Kanskje litt for mykje inne i låta! :=)

Om du ikkje er katolsk prest under etterforskning, om du har 17.mai-antrekket klart eller ikkje.......Ha ein fin ettermiddag/kveld. Det er helg!!! :=)

Hasta luego!

EKTÅSDM!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar