søndag 6. mai 2012

Stetind!!









Eg har vore på hytta i helga og det er vel kanskje ikkje vanskeleg å sjå kva som har vore det store fotograferingsobjektet denne helga. Stetind er jo eit mektig fjell og våres "nasjonalfjell". Så her er berre eit lite utvalg av dei bileta som blei tatt frå ulike vinklar og stader.
Kanskje kan eit lite blikk på desse bileta lokke enkelte av dåke til å ta turen til Tysfjord? Stetind er viden kjent blant klatremiljøet og ein treng slett ikkje vere erfaren klatrar for å ta seg opp stien til "Svartvannet" som ligg under fortoppen. Berre utsikta derifrå er verdt turen. Eg har sjølv vore der fleire gonger, så eg veit kva eg snakkar om!!!

Når ein først er i Tysfjord, vil det jo også vere fint å ta turen inn til Kjøpsvik, berre 10 minuttar unna dette vakre fjellet. Derifrå kan det sikkert ordnast med både fjordturar eller sjanse for å gå grenseleden over til Sverige.
Dei fleste har sikkert også sett programmet med Lars Monsen og "Utan grenser" (??). Namnet på programmet står heilt stille no, men eg reknar med at du som lesar skjøner kva eg meiner. :=)

Uansett........Deltakarane kom ned i Hellemobotn. Hellmobotnen er indst i eine fjordarmen til Tysfjord. Her er også herleg natur som bør opplevast.
Kanskje er du berre interessert i ein matbit? Ein stopp i Kjøpsvik på "Kroa di" eller Stetind hotell......... Så legg ein turen mot og gjennom Stetind når magen er mett!! Kvifor køyre E6 heile vegen når ein kan leggje turen over Tysfjord på turen nordover. Ein kjem like raskt fram, samtidig som ein får vakre Tysfjorden på kjøpet!!
Eg må jo heller ikkje gløyme å nemne at EG er her, og det er fullt lovleg å titte innom berre av ein så enkel grunn som det!!!!! :=) (Hint, hint!)

Stetind er enno, som du ser på bileta, dekt av bra mykje snø. Det er likevel ikkje lange tida før den er snøfri og forholda for ein fin tur opp ligg vel til rette!

Så har du ikkje vore i Tysfjord før, bør du verkeleg leggje turen dit i sommar. Viser vèret seg frå si beste side, kan eg garantere at du ikkje angrar!!!

Ha ein fortreffeleg fin sundag! :=)

Sigvart Dagsland er eigentleg ein smart person!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar