søndag 27. mai 2012

God morgon, Noreg! :=)

Tooji: Jeg klarer ikke å ta det seriøst. - Jeg ler. Se på UK og Irland. Jeg er ikke verre enn hyperaktive teletubbier, det vet jeg at jeg ikke er, ler Tooji. Tja, sånn sett, så har han faktisk eit poeng. Eg sat ikkje foran tv-skjermen og såg på sendiga i går. Ein av grunnane til det var at eg ikkje syns noko om den norske songen og at eg tenkte den ikkje hadde noko i ein slik konkurranse å gjere. Det gjeld forsåvidt fleire av innslaga. Eg fekk med meg avstemminga frå etter land ni.
Eg har sett ¨på nettet at fleire av dei eg kjenner har både hjarter og liknande bak Noreg sin representant og at dei faktisk likar låta. Vel......Det er godt vi lev i eit demokratisk land. Kjedeleg om vi alle var einige. Store delar av Europa (stort sett heile) var no aille høve einig med meg :=)
(Eg er nasonalistisk, men dog ikkje for kvar ein pris)......

"Ola" vil ha sex i sola. Stemmer det at menn vil ha meir bar hud enn kvinner?? Vel, det spørsno kven, kva , kor.....osv....... Ops....Eg leste feil. Det stod stod at menn er meir opptatt av bar hud enn kvinner. Så spørs det kva som meines med det. Eg er no opptatt av bar hud eg også!! :=)

44,5 % av menna føler seg våryr! Hahahaha........Tør eg spørre "Var no det eit så frykteleg høgt tal??"
Det er nok ein myte at menn tenner meir enn kvinner. Det er vel aller helst at menn og kvinner ofte tenner på forskjellige ting.
Det er vel heilt naturleg at sola avlar til meir nakenheit og sex. Når sola dukkar opp, forsvinn ein del klede og følgeleg blir det mykje meir bar hud. Synet av bar hud lokkar definitivt meir enn ingen bar hud. Hmm.......Ikkje alltid!!!! (Berre så det er sagt. Noko meir utdjuping av det, trur eg ikkje at eg skal ha).
Faktisk er det nordlendingane som sexjublar mest når sola kjem. Kanskje dei er ein litt spesiell rase?? Hahahaha............ Nei, det handlar vel aller helst om kontrastar. Kalde vinter-Nord-Noreg visa sommaren............ (Når vinteren slår til sjølvsagt).
Likevel.....Ein skulle tru at ein hard vinter også avlar sex. Manfe frys jo og treng å bli varma??!!
Nei, takke seg til......Sommar som vinter.....Sex er sex! :=)

I går var eg ein tur på Bunnpris. I hyllene stod der ein ketchuptype som sa pepper-ketchup. Det beste var at det stod "limited edition" på den. Det vil seie at det berre er det eine partiet som kommer og at vil du ha denne typen, må du vere snar med å kjøpe. Så kjem spørsmålet mitt (eller fleire andre aller helst, for eg har ikkje hjerne til å kople slikt når eg ser ei vare!) : Kva er eigentleg vitsen med å kjøpe ei vare som er limited????  Ketchup i seg sjølv er jo eigentleg godt, men kvifor teste ut ein ny versjon og kanskje "digge" den nye versjonen for så å ikkje få tak i den meir? Det blir jo berre ein nedtur! Om ein smakar noko som er betre enn anna, vil ein jo sjølvsagt ikkje gå attende til det som ikkje er like godt som det nye ein smaka. Lar ein vere å smake det nye, syns ein sikkert at det "gamle" produktet smakar heilt fortreffeleg.
Det er mykje rart vi heng oss opp i, eller??  Hahaha....:=)

Disse ordene sjekker amerikanske myndigheter. Ver forsiktig med kva du skriv på nettet. I alle høve om du har planar om ei lita amerikareise den næraste tida! :=) Trening, sky og bølgje! Harmlause ord, vil eg påstå!! Desse orda blir overvaka på det sosiale nettverket. Spesielt om du allereie har vore på ferie i til dømes Mexico. Hmm.........Eg har sikkert brukt orda sjølv.....Kanskje dei no trur eg er ein terrorist?? Hahahahaa........... Jomfru Knutsen, ein trussel for rikets sikkerheit!!! Dagens beste!! Thihihihihi........Pass dåke naboar!!
(Oooooooooops.........No har eg jo brukt alle tre orda her i denne teksten!! Come on and check me!!!!!)
Nei, eg skal vel ikkje ha det altfor gøy her inne. Plutseleg blir det ein realitet. Amerikanerne er vel ikkje å spøke med om dei først slår til!

Det er eit herleg vèr ute, så eg skal karre meg ut av senga og nyte eit betre måltid før kroppen skal vere litt meir bar enn i vinterkulda. Så er du våryr og vil sjå litt bar hud. Kanskje du er heldig om du går forbi.....Hahahaha!

Ha ein fantastisk fin sundag!!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar