tirsdag 22. mai 2012

Terrordømt krever egen kokk. Hahahaha......Ein kan ikkje anna enn å flire! Det må vere noko av det teitaste eg har høyrt på lenge. Ein person som er ein trussel  for alle andre skal liksom vere den som må ivaretas. Dah..........
Det beste er at advokaten hans truar med søksmål om han ikkje får den maten han ønskjer i fengselet. Hmm....Det skulle han ha tenkt på før han vurderte å bli kriminell. Kjipt for han, men sjølvgjort er velgjort! Ferdig med det lliksom!!
1) Kjøttet skal kome frå ein bestemt leverandør.
2) Han skal ha ein eigen kokk som kan lage til maten for han og han skal ha ein eigen komfyr.
3) Maten skal heller ikkje tilreiast i eit kjøkken det har vore laga svinekjøtt i.
4) Han skal bestemme butikken kjøttet skal kome ifrå av di han ikkje stoler på fengselet sin leverandør.
5) Nummer fem, men dog ikkje minst..........Saka vil bli fremma for menneskerettigheitsdomstolen dersom hans ikkje vinn fram.
Så her er det berre å ture fram som kriminell og samtidig forvente å få få ei "kongeleg" oppfølgjing etterpå. Kva veg er det eigentleg samfunnet vender seg? Skal ein ivareta dei som er ein trussel for oss andre? Eg håper verkeleg dei set ein standard som ikkje gjer at det er fritt fram for å kreve og få og at også menneskerettigheitsdomstolen skjønner dette om det går så langt.

Verdens høyeste tårn åpner i dag. Vi sankkar Tokyo, men ikkje verdas høgaste bygning. Då var det visst ikkje så spanande likevel. Eg trudde mest det var snakk om verdas høgaste "ting" som er bygd, men den gong ei.
Tårnet er 634 meter høgt. Eigarane av tårnet reknar med eit årleg besøk på 25 millionar menneske!! Hmm..... Eg vil tru det ligg eindel pengar i det. Det er neppe gratis å kome inn i det! Det står ingenting om kor høgt opp ein kan kome i tårnet, men eg reknar med at dei har lagt opp til at det skal vere litt spektaluært og at det difor er mogleg å kome seg rimeleg høgt opp. Ellers ville det vel ikkje vore så kult? Eg berre spør.
Foreløpig kjenner eg ingen stader at det er eit tårn eg kjem til å besøke, med mindre at det er nokon som finn ut at det er "frykteleg" romantisk og vil overraske meg med eit eller anna spetaktulært. Eg er i alle høve ikkje interessert i å hoppe i fallskjerm frå toppen. (Sjølv om eg sånn eigentleg har eit lite ønske om å hoppe i fallskjerm).
Då eg var 16, nekta mor mi meg å hoppe i strikk. Så skulle eg få lyst å hoppe i fallskjerm no, er det heldigvis ikkje opp til ho lenger!! :=)

Lørdagskveldene blir neppe like feberhete igjen. Stein Østbø har kommentert Bee Gees. Eg har ikkje opna saka, men ut frå tittelen så tenketr eg at det handlar om at det tidlegare var vanleg å ha sendinger med kjente musikarar. Er det ikkje slik at ein av Bee Gees-karane gjekk bort i helga? Eg trur det. Eg reknar med at det er i denne samanhengen at Østbø har kommentert gruppa. Bee Gees har jo kjente discorytmar, eg har sjølv dansa til fleire av dei!
Joda, Robin Gibb og Donna Summer har "past away". Eg skjønnte at det måtte vere noko slikt....... Bee Gees er nok kjent som det beste kvite disco-bandet.
No er det eigentleg ikkje mest disco eg hugsar Bee Gees for. Dei har også mange andre kjempefine låtar og eg må nok innrømme at dei, for meg, er større låtar enn desse discolåtane ein vrikka til i "seinungdommen".

Ei stund høyrte nok "alle" på Bee Gees, og det er nok difor overskrifta på artikkelen er den det er.

Valgte kjole til under hundrelappen. Kongelege som gjer det, kjem skjølvsagt i media. Lille prinsesse Estelle, Sverige, skal døypast og kjolen kostar under hundrelappen. Wow...... Ein kjole frå Kappahl til 99 norske kroner! (Vel, det blir over 100 svenske det!! Hahaha.......)
Så sjølv om ho allereie har fått sitt første designerplagg, blir dåpen alt anna enn det!! Ikkje det at kappahl ikkje har bra klede, for det er ikkje det eg seier. Du skjønner sikkert kva eg meiner....?!
Signaleffekten er sikkert positiv. (At kongelege også kan kjøpe av kjedebutikkar).

Tapte 14 milliarder på en dag. Facebook har stupt på børsen. Tapet er på heile 14 milliardar. Svimlande høgt tal for meg, men det er kanskje ikkje det for denne "gründeren"? Kor mykje er eigentleg 14 milliardar for han??
Lenger ned i artikkelen står det at 64 milliardar er viska vekk?!! Så kva tala eigentleg er eller ikkje, er vanskeleg å få tak på. Eg trur tapet er stort!!!
Så er det det vanlege då................Jomfrua må berre bruke litt tid på å tenke først!!!! 14 milliardar....... 64 milliardar........??? Joda, reknestykker er jo enkelt. Dei små grå har "finally" skjønna at det er 14 milliardar dollar!! I norske kroner tilsvarar vel det sånt rundt rekna 64 mrd?! Wow........ Fantastisk!! Og det kom eg på heeeeeilt av meg sjølv. Stolt no, ja!!! Hahahahahahaha...........

Nei, no har eg brukt opp matpausen min på terrordømt, tårn, prinsesse og "facebook". Fantastisk smart å bytte ut tida på så utroleg gjevande tema!! Snakkar om........ Jaja, det var no mest av di nettavisene ikkje bugna over av hot stuff i dag!! Sånn går no dagane!

Uansett, ha ein fortsatt fortreffeleg dag!!

MYSM!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar