mandag 7. mai 2012

Syv dagers tarmskylling og ingen mobildekning. Skal du ha deg kroppsrens, er det berre å ta turen til England. Der får du kroppsrens på landsbygda. Eg går ut i frå at alle ser kombinasjonen tarmskylling og ingen mobildekning??!! Hahaha........Om eg ønsker meg tarmskylling, så trur eg ikkje resultatet blir så mykje betre av at det ikkje går an å bruke mobilen min der. Sånn eigentleg, så ville det siste berre ha vore deileg. Tarmskyllinga trur eg andre får ta seg av. Eg kjente ikkje at det vibrerte så mykje nokon som helst stad då eg såg at det var mogleg, så då står eg heller over!!

Her blir jenta nesten drept for dn russeknute. Ja, det er vel ingen som helst tvil om at enkelte går ganske så langt for å få desse "populære" russeknutane. Så lenge det ikkje fins nokon som helst sensur av russeknutane før russetida startar, er det fritt fram for russen å finne på nye knutar. Dei er god til det! Det kan sjå ut som at dei ikkje ser noko som helst form for begrensning av kva dei kan tillete seg.
Berre ta knuten om å drikke fleire liter vin på kort tid (eg hugsar ikkje kor lenge, men det var på sjukt kort tid). Det er jo å be om å nesten døy!!
Ikkje at denne jenta prøvde å nå nett den knuten. Det var berre eit eksempel på kor gal dei er.
Denne jenta som det står om på nettsidene til VG, prøvde seg på knuten der ein skal stoppe ein rutebuss ved eit forgjengarfelt og ta ti spensthopp foran bussen. I dette tilfellet stod jenta og venta ¨på bussen, men bussen gjorde ingen tegn til å stoppe. I siste sekund klarte ho å hoppe unna. Hadde ho venta litt til, hadde det ikkje vore meir jente i ho. Sjåføren viste fingeren då han passerte.

Denne saka har to sider. Den eine angrip jenta, medan den andre angrip sjåføren. Sjåføren viser kritikkverdig oppførsel, men jenta burde vite betre enn å leike med trafikken.
Som ho sjølv seier: "Hadde jeg drukket alkohol, hadde jeg nok ikke kommet meg unna". Kjipt når det er sååå lite som skiller mellom liv og daud.

Mannen som elsker seg selv. Hahahahaha.......No way! Det skriv eg ikkje om!! Kven er den mannen som ikkje gjer det?? Han kan ikkje vere normal..........Thihihi.........
(Ingen regel utan unntak, men hallo............)

Flere barn ulovlig abortert. Det er snakk om Noreg og det er snakk om foster som er over 22 uker gamle. Eg vil nesten påstå at det er eit hån mot dei som strevar med å få born eller som ufrivillig mistar fostra sine. Fleire av "fostra" var nesten som prematurborn som blir fødd. Born som har overlevd å bli født like tidleg.
Eg veit sjølv at det er snakk om liv tidleg i svangerskapet. Eg fekk høyre Steffen sine hjarteslag allereie i uke ni. Snille jordmora ville gje meg noko å kjempe for i og med at eg var så sjuk. Etter den dagen trur eg ikkje at eg kunna ha fjerna det sjølv om det ville ha stått om mitt eiga liv. Uke ni!!! Eg syns då verkeleg at det er vel dristig å gjennomføre ein abort når ein då er komen så langt i svangerskapet.
I artikkelen står det at i fleire av tilfell visste ikkje jordmødrene kor langt forsta var komen før etter aborten. Rart! Eg var då vitterleg i ultralyd i uke 16 og fekk, etter å ha vore der, vite nøyaktig dag for unnfangelsen. Då har eg vanskeleg for å tru at dei ikkje skjønna at eit foster som har levd i 22 uker ikkje er meir enn under 12 uker. Litt rart at dei får sjokk når dei ser fosteret og skjønnar at det er mykje eldre. Så spørs det......... Gjennomfører dei abortar basert på kor gamalt fosteret er ut ifrå kva "mødrene" seier i forhold til kor langt dei er komen? Då er det jo berre fritt fram å lyge seg til ein abort. Då burde regelen vere at ultralyd krevst før ein får ta abort.
Jaja........ Det kan jo vere at det er eg som har rare haldningar??!! Eg veit i alle fall at om eg hadde lagt meg ned og spredt føtene, så skulle eg vel tatt det ansvaret som følgjer med det!

Med fare for at eg provoserer på meg ein viss prosent her........ Ikkje heilt meininga det, men ja, eg har sterke meininger om temaet. Eg skjønner godt at det fins tilfeller der det er nødvendig å ta abort. Det har eg ingen problem med. Det blir berre så hasardiøst når det er snakk om etter uke 22. Eg veit godt at det fins "gode" grunnar for abort. For all del.....ikkje misforstå meg der! Det er ikkje dei eg vil til livs.
Det er bra at det er ei lov som heiter rett til sjølvbestemt abort.

Noreg er no på god veg til å gjere det same som Danmark. No skal "Downs-borna" bort. Trist!! Eg har sjølv eit syskenborn med diagnosen. Eg syns ho er herleg og eg er superglad i ho!!
Borns med downs syndrom er vel aller helst eit lite sidesprang frå det eg skriv her, for dei ulovlege abortane har ikkje nødbendigvis dreia seg om det. Eg berre tok det med her som eit anna eksempel på kor vi "leikar" Gud over livet. Elle melle........du skal få leve.

Nei, eg veit eg skal vere forsiktig med kva ein ytrar i forhold til temaet. Det er alltid stor sjanse for at ein tråkkar ein eller annan på tærne i ei slik sak. Det vil eg aller helst unngå, så eg håpar du som lesar skjønnar kva eg eigentleg legg i det eg skriv og at du ikkje trur eg er trangsynt i forhold til temaet.

Løsningen på hårtap. Det er menn det er snakk om. Kva er det eigentleg som gjer at så mange menn fortvilar om dei mistar håret? For all del....Eg hadde sikkert gjort det same om eg sjølv hadde vore mann. Likevel, eg syns mange menn kler å ha lite hår eller vere utan. Mange er direkte sexy!! (Men dog ikkje alle!!!!)
Enkelte menn bryr seg ikkje i det heile, medan andre blir rett og slett fortvilt og prøver det meste for å få håret attende.
I dagens samfunn er det jo faktisk slik at mange blir hjulpne. Vi er komen såpass langt i utviklinga at hårtap kan kurerast. Fint for dei som ønskjer det og har råd til det. Eg trur nok det er gode pengar å tene innanfor den retningen.

Hitler brukte store doser kokain og fikk oksesæd for potensen. Vel, no har det seg slik at det ikkje er alt eg vil vite om Hitler. Spesielt ikkje ting som omhandlar potensen hans. Gud betre......og så oksesæd?! Eg skal såvisst ikkje opne saka for å sjekke om at det er snakk om at han inntok det ved å fysisk svelgje sjølve sæden. Fisj!!
Vel, det var viktig nok til at VG sin journalist valgte å ta det med. Det er likevel ikkje snakk om store steget for "menneskeheten". Eg ventar i spaning på kve det neste som står om Hitler blir! (For han er nemnt både titt og ofte for tida).

Nei, eg skal slutte av for i kveld. Boka "Varsleren" ligg rett foran meg og ber om bli opna. Eg klarar ikkje seie nei til dei bedane augene hennar. Så difor er det berre å ønske alle ein fortsatt fin måndagskveld!!

LYF!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar