torsdag 10. mai 2012

Aborterte fostre levde i over en time. Det kan vere at eg er veldig sentimental av meg, men det er nesten som at eg kjenner ei tåre presse på. Det er ikkje lenge sidan eg skreiv om at det blir utført mange ulovlege abortar her til lands. Heilt til etter uke 22.......
I dag står det om saka på nytt .Berre at i dag får vi lese kvifor det blei slått "alarm" om det. Kvifor enkelte valgte å stå fram med det. Jordmødrene opplevde at fleire av fostra som blei abortert etter uke 22 var veldig lik dei borna som er for tidleg født og likevel overlever. Fleire av "borna" var i live i over ein time etter at dei blei abortert ut. Viss dei er i live når dei blir tatt ut, syns eg det er rett å kalle dei for born. Dei var store og dei var heilt tydeleg små born! Så lenge det er hjarteaksjon må ein vel kunne kalle det liv. Når då hjarteslaga kunne vare heilt opp mot ein og ein halv time......... Er ikkje det mord?? (For å setje det litt på spissen).

La oss seie det slik: Viss to foster blir tatt ut samtidig. Dei er nøyaktig like gamle. Det eine blir gjeven til ein bornelege som gjer fosteret behandling og sørger for at det blir eit born som får vekse opp og ta del i livet og verda vår. Det andre (som er i live) blir lagt til side i eit teppe for å døy. Kor er logikken? Eg vil vel aldri bli heilt klok på det.
Laila Dåvøy, helsepolitiker, forlangte i går at abortklagenemda må gå av.

Dersom det er snakk om incest, valdtekt eller narkotika, så er det veldig forståeleg at det kan vere vanskeleg å "ville" behalde fosteret. Nettopp difor er det viktig at vi har ei lov som gjer oss rett til å velgje sjølv. Likevel, dei fleste oppdagar vel at dei er gravide før det er komen heilt til uke 22-23? Tar eg heilt feil? Klarar ein ikkje å ta avgjerdsla tidlegare? Då har dei jo vore gravid i nesten eit halvt år.......
Mange narkomane er sikkert så rusa at dei ikkje klarar å ta vare på seg sjølv, så sånn sett kan ein forstå det, men dei andre?
Eg har ingen problem med å skjønne at det er vanskeleg å forhalde seg til incest og valdtekt (eller andre alvorlege ting), men likevel......treng ein vente så grueleg lenge?
Spørsmålet er vel eigentleg kven ein skal ta mest hensyn til. Den gravide eller det ufødte bornet?
Eg veit det er delte meiningar om temaet, men for meg er svaret enkelt. Så lenge eg veit at eit foster i uke 22-23 faktisk er i live når det blir tatt ut, vil eg vere imot at dei berre legg det bort for å døy. Eg syns det er grufullt.
Det blir slik at eg byrjer å tenke kva alternativ som kunne vore. Det er jo fleire som adobterer bort borna når dei kjem til verda. Samtidig er vel det lettare sagt enn gjort. Det er nok sikkert ikkje lett å gje bort eit born når ein først har født det. Likevel......det er i alle høve eit betre alternativ enn at det drepes.

Sånn eigentleg skulle eg ønske at eg ikkje hadde lagt merke til at dei har skrive meir om saka. Då hadde eg lagt det bak meg og ikkje ofra det ein tanke i dag. Eg vil aller helst ikkje sjå for meg realitetane. I mitt hovud skal alt vere så "idyllisk" og rett. Det fungerer ikkje slik i den verkelege verda. Det er berre at det er litt vanskeleg å berre akseptere at det er slik.
Vi er vel ingen som kan heve oss over andre og tru at vi er Gud............... Det er nok mykje som ligg bak det heile, men ein tenker no eongong sitt likevel.

Jack the Ripper var kvinne! Hahaha.....No kjem det fram! :=) Som regel antar ein at ein mordar har pikk og blir gjerne styrt etterd det. Då  er det vel heller ikkje så rart at enkelte mord ikkje blir oppklara!
No var jo "Jack the Ripper" sine mord ganske groteske, så det er vel ikkje så vanskeleg å skjønne at dei trudde det var ein mann. Det var jo trass alt på 1800-talet! Kvinnfolk hadde vel knapt nok lov til å seie kva dei meinte i saker...........
Det er minst fem drap som kan knyttast til Ripper og dei var alle prostituerte. I dag trur eg ikkje nokon ville ha blitt så overraska om det stod eit kvinnfolk bak. Kvinnfolk kan vel bli riktig så sjalu av seg, så å sjå at andre sel kroppen sin og driv med hor, kan tenne, mang eit kvinnfolk.
Med tanke på at mordaren skar ut livmora på fleire av ofra, skjønner eg godt at det var frykt blant folk.

I dag seies det at det ikkje fins noko form for tvil at Ripper var dame! Så då har dei vel funne prov?? Kanskje dei berre har leita fram prov som blei lagt bort og ikkje tatt hensyn tidlegare då dei anså det som lite sannsynleg at det var ei kvinne?! Jaja........ Opplysningen hjelper ikkje så mykje no......... (Ikkje anna enn at "historien" blir korrekt).

Full SAS-pilot stanset. Kanskje ikkje så trygt å fly likevel? Nokon som snart skal ut og reise?? Be careful!! :=)
Piloten hadde ein promille på over 1,0. Sjølvsagt står det ingenting om han blei testa før eller etter flygning....... Kjedeleg!

Ekssamboeren til ekskona saksøker Røkke for 1,7 milliard. Haha......Tenk å ha hatt så mykje pengar at ein kunne blitt saksøkt for ein slik sum!! Sukk......... Neida........Det er vel ikkje å trakte etter. Rather love than money!!
Røkke skal angiveleg ha sagt at han skal gje han aksjer i gåver. Røkke nektar for at det er sant. Røkke er god for 10 milliardar kroner!! Slå den......... Så spørs det kor mykje av det som eigentleg er "han". Det er vel store lånepengar i omløp??!
Jaja....... Eg har ikkje planar om å finne meg ein Røkke, så dei må berre ha det så fint med desse pengane! :=)

Ha ein fin torsdag, alle i hopen!!! :=)
Hasta luego......

DFA

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar