mandag 30. april 2012

51-åring kjørte tankbil inn i ekskonas hus. (Med 2000 liter parafin på tanken)!! Hahaha........Go for it! Her er det visst ikkje noko som helst form for positive kjensler ute og går...... Eg veit ikkje heilt kva eg skal kommentere til det utsagnet. Ganske spenstig, spør du meg! Ingen tvil om det..... Det er vel ikkje berre ekskona som får gjennomgå om det går galt. Han som sjølv sit i førarhuset slepp vel ikkje rett så billig unna han heller (om det seier pang og "poff"). Jaja........ Vi veit jo alle at det kan klikke for alle og einkvar. Vi får berre håpe at ikkje vi kjenner slike tullingar som dette. Vi skal aldri seie aldri......... (Kanskje det skjer noko med menn etter at dei fyller 50?? Eg berre spør! Hehehehe.....:=)

Ekskona må visst ha gjort noko riktig ille mot han i og med at han gjer noko så drastisk. Eg veit ikkje heilt om eg har så lyst til å opne saka, for kanskje blir eg skuffa om det står noko som er så banalt at det berre blir teit. Det får eg vel ikkje svar på om eg unlet å sjekke, og sidan eg no er sånn "litt" nysgjerrig, så skal eg det.....sjekke.

Kvinna overlevde i alle høve. Ho hoppa ut av vindauget då ho oppdaga at det kom ein tankbil mot ho. Smart tenkt!! Trur kanskje eg ville gjort det same. Det ville vel ikkje vore så lurt å knytte neven og stille seg opp foran bilen og tru at styrken er nok til å stanse den......... Sjølv om adrenalinkick som oftast gjer uante krefter.
Mannen hadde visst problemar med å takle livet etter skilsmissen og difor "klikka" det for han. Det var ikkje noko spesielt ekskona hadde gjort.
Er det slik at ein blir så avhengig av den andre parten at ein ikkje klarar seg og verda går under?? Eg berre spør........ Er eit anna menneske så mykje verdt at ein gjer slike galne ting?
Ein ting er at det gjer veldig vondt når samlivsbrot skjer, men derifrå til å gå til slike drastiske hendingar.... Eg blir mest litt skremt her eg sit. Er folk verkeleg så galen at dei blir kriminelle berre av di dei har kjærleikssorg?

Det var ikkje berre det at han køyrte i huset. Det kjem meir....... Etter at hun flyktet ut av vindauget og over til ein av naboane, gjekk eksmannen inn i huset og skrudde på gasskomfyren og tente på huset fire stader innvendig.
Han gjorde det ikkje akkurat lett for brannmenna som måtte ut i slukkinga!!
Enno godt at han tilstod då dei spora han opp.

Mariah og Nick giftet seg på nytt i Eiffeltårnet. Tja, det kunne forsåvidt eg også ha tenkt meg å gjere......... Bryllaup i Eiffeltårnet høyres jo eigentleg litt romatisk ut og kanskje litt originalt?! Det høyres i alle høve ikkje ut som eit alternativ som er grueleg vanleg........men det veit eg vel aller helst lite om. Det kan jo hende det er mange som giftar seg der?! Sjølv om det ikkje blir bretta ut i media, så........ Jaja! Det ville i alle fall ha vore bra spesielt. :=)

Innfører røykeforbud på feriestrender. Forbodet som innføres gjelder ikkje for hele stranda.  På 25 prosent av stranda vil det enno vere lov å røyke på. Alle røykeområda vil bli avgrensa med ei farga linje, og her vil det bli satt opp askebeger. I desse områda blir det seksjoner både med og utan solsenger.
Så spør det kva som skjer dersom solhungrige turistar fyrer opp ein sigarett? Då kan ein vente seg ei bot på heile 450 euro, altså rundt 3300 norske kroner. Ikkje noko billig affære med andre ord. Ein kan trygt seie at røyken plutseleg blir dyr!!

Eg vil tru at det kjem mange ulike reaksjonar på dette vedtaklet. Sjølv syns eg eigentleg at det kan vere greit med eit slikt forbod. Ikkje at eg nokon gong har opplevd at folk som røyker på stranda er eit problem. Sånn sett gjer det meg ingenting. Eg trur berre at årsaka bak heile forbodet må kome av at folk berre hiv sneipane frå seg??!! Eg kan vanskeleg sjå at det skulle vere noko anna grunn til det.
Akkurat dette argumentet kan eg sjå for meg at enkelte vil prøve å motseie ved å påstå at det skjer anna forsøpling også. Då er det mykje som må forbys! Svaret mitt til det er nei. Slettes ikkje!
Dei fleste stader har dei folk som ryddar strendene kvar dag. Det er nok meininga at det skal fortsette. Forskjellen på anna forsøpling og sigarettsneipar er storleiken. Det er jaggu meg ikkje lett å rydde opp sigarettsneipar i sanda, medan eit ispapir berre er å plukke opp. I tillegg er det lettare å oppdage der ein går.
No syns sjølvsagt eg at alle som forsøplar skal skjerpe seg. Eg syns ikkje det er greit at ein berre lemnar ispapir og anna på stranda. Det er ikkje det eg seier.... Eg seier berre at det er lettare å forhalde seg til ann fullt av heslige sigarettsneipar som ein kanskje legg seg i utan at ein ser dei før ein nesten har dykka nasen ned i dei.

Se, bestemor danser poledance. Eg trur eg skippar å opne dette....... Det kan jo hende at det faktisk er kult, men eg ser det ikkje heilt for meg. Eller.........bestemødre er kanskje ikkje så ille å sjå på. Det ville vel vore verre med mødre. Poledance??......Tja......

Modell klar for "Alt for Norge". Må drikke mye akevitt og spise sauehode. Hahaha....... Sauskollt!Det er vel rettare å seie smalahove!! Det er nok ikkje verdas undergong om ein let vere å smake på hovudet til sauen i løpet av livet sitt. Berre ordet er nok til at ein ikkje får lyst på det.
Eg lurar eigentleg litt på kvifor i all verda han må spise det....... Eg har aldri før høyrt at det er så grueleg sundt med smalahovud, men kanskje det er nett det? Akevitten sørger vel ikkje for anna enn humøret?!! Blir det nok av det, så kanskje den sørger for dårlege etterpådagar?! Akevitt og sauskollt? Nei, det kan dei andre få......ikkje eg!! Ver du sikker!!

Eg har fått ei utfordring som omhandlar å skrive om hår. Eg skal ikkje gå i dybden her om kva det eigentleg er snakk om, men utforminga av spørsmålet var litt interessant, så eg trur eg skal ta utfordringa. Først må eg berre lese meg litt opp først. Viss eg berre skulle lagt mine eigne meininger til grunn........tja, spørs om det ville blitt så truverdig?! Tvilar når det kjem til dette temaet.
Det eg kan seie, er at eg, på lik line med spørsmålsstillaren, kjenner godt til problemstillinga. Nok om det.......:=)

Det er kveld og det nærmar seg leggjetid. I morgon er det ein viktig dag (som eg trur mange har gløymt kor viktig den eigentleg er)........1.mai. Det er nok ikkje meininga at det skal vere ein dag der ein kan gå ut å skjenke seg snydens berre av di det er "fridag" dagen derpå.
For all del......Det er berre å drikke seg snydens. Eg seier ingenting på det. Eg berre håpar at mange også skjønner at det går an å dukke opp på arrangementet som er dagen derpå.......

Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem!

I will never watch another......

LYMTYN!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar