mandag 23. april 2012

Våknet opp med pingvin etter fylletur i akvariet. Heftige saker!! Heilt normalt å vakne med noko slikt ved sida av seg........ Jaja!  Det viste seg også at guttegjengen i tillegg til å ha fått med seg ein pingvin, hadde svømt med delfiner og filma seg sjølv.
Avisa har ikkje via det meir merksemd enn at dei har laga ei stor overskrift til biletet og "that's it". Eg opna saka, men det står faktisk ikkje skrive meir enn dette om saka. Så då er det berre å overlete alt til fantasien. .......... Det kan jo virke som om at dei ikkje hugsar heilt kva dei har holdt på med?! Sannsynlegvis har dei hatt det bra skøy! :=)

Kor går eigentleg grensa for kva eller kven ein kan utlevere når ein vel å skrive bok om livet sitt? Det som her står med utheva skrift er ikkje ei avisoverskrift. Det er eg sjølv som lurar på det. Bakgrunnen for spørsmålet er nok knytta opp mot ein "artikkel" henta frå nettavisa, men sjølve drøftinga blir vel mest på mine premissar.
Cheryl Cole har laga bok og i følge overskrifta "røper ho alt". Både Simon Cowell og Ashley Cole skal ha grunn til å frykte den. Førstnemnte har vore meddommar i X-faktor, medan andremann er eksmannen.
Det er aller helst sistnemnte eg siktar til når eg seier eg lurar på om det går ei grense ein eller annan stad?!! At han er eksmannen hennar, tydar jo på at dei ein gong har vore gift og sannsynlegvis har vore veldig glad i kvarandre. Folk som er glade i kvarandre deler ofte mykje med kvarandre og som regel er det basert på tillitt. Er det ikkje då eit overgrep mot den andre parten når ein utleverer han/henne?
Om eg har tillitt til eit anna menneske og gjer av meg sjølv, så trur eg at det ville gjort noko med meg om det plutseleg skulle bli bretta ut i offentlegheita berre for at ein eller annan skal tene pengar på det.
Det er jo nettopp difor ein må vere forsiktig med kven ein utleverer seg sjølv til. At ein veit at ein faktisk kan stole på vedkommande. Om ein ikkje kan stole på partnaren sin, kven kan ein då stole på??
Eg berre lurar...............
Kor blir det av personvernet i slike saker? Det vernet gjer seg jo gjeldande i så mange saker! Så treng ein ikkje innhente tillatelse frå dei ein skriv om før ein gjer boka frå seg? Er det ikkje slik det er?
Nei, ikkje har eg tenkt å skrive noko sjølvbiografi "ever". Det ville ikkje vore "fair" overfor så mange, så då bør ein av rein fornuft la vere å skrive. Ein biografi skal jo vere ærleg, og kven vil eigentleg ha alle dei "svarte" sidene sine bretta ut over alt?
Som sagt.........Det bør vel gå ei grense ein stad, sjølv om det ikkje gjer det?!!
Kven veit?? Kanskje kjem det "dirty" detaljar om meg i ei eller anna framtidig bok?! Her er det berre å tenke etter kven som sit på kva opplysningar...... Hehehehe:=)

Nei, kvelden er ung og eg har ingen planar. Stor fare for at avslapningskunsten vinn då!! Med mindre kjellaren og gitaren skulle lokke litt for mykje. Det er jo ein idè det også!
Uansett.......... Ha ein fortreffeleg deileg kveld!!! :=)

I felt it when the sun came.............

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar