torsdag 26. april 2012

Vil du ha Ashton Kutcher i senga? Om du oppretter profil på Airbub (kva no enn det er) kan det skje! Wow....... Sjølvaste Ashton!!! Det må jo vere å få oppfylt den store draumen??!! Tvilar....... Eg trur nok det kun fins EIN person eg ønsker å ha i senga mi, og han heiter diverre ikkje Ashton! Beklagar du vakre mann........Du får finne ei anna seng å "sove" i.  :=)

Få sexy sommerglød. Ja, det ville vel ikkje vore å forakte. Kven vil ikkje ha ei sexy utstråling?? Vel.......Det er vel ikkje berre, berre å bli sexy over natta?!! Eg trur ikkje eg gidd å bruke den neste månaden på å kome i mål med å bli sexy. Då får heller andre gå rundt og sprade med sine sexy kroppar, og så får eg klare meg med den eg har.
Når det snakkes om glød, vil eg tru at det eigentleg mest er snakk om andletet og aller helst augene.
Viss det er nokon som ikkje syns augene mine er fine nok frå før, så får det bli deira problem. Eg har nok ikkje sexy auge, men dei smilar no i alle fall! (......og i gitte situasjonar kan dei vel glimte til og gløde?!)
Nei, eg gidd nok ikkje lese kva tips dei har skrive for å få rette sommargløden. Det får dei andre lesarane gjere om dei skulle føle trangen til å gjere det. Det er sikkert fleire gode tips å hente. Det er berre eg som aldri har vore så særleg interessert i å vere noko anna enn berre meg. Eg brukar ikkje sminke kvar dag eingong..........

Fant G-punktet under obduksjon. Hmm.....er det nokon som har døydd av underlivsproblemar? Kvifor skulle dei ellers obdusere eit underliv??
Eg vil tru at det er snakk om eit underliv med tanke på at det står G-punktet. Eg har i alle høve ikkje høyrt om at vi har fleire G-punkt på kroppen. Vi har då eit eviglangt alfabet å ta av, så andre punkt kan jo ta andre bokstavar.
Noen hevder det ikke eksisterer, men en forsker skal ha funnet det langt unna soverommet. Hahahahahahaha.........Ja, menneskekroppen held seg no vel ikkje alltid på soverommet?!!! Sjokk......
Kva betyr eigentleg langt unna? Dei som er lengst unna må vel vere medlemmane i 10 000m- klubben.
Lenger unna eit soverom kjem vi vel aldri.........
Nei, eg må vel opne saka å sjå kva det dreiar seg om, slik at ikkje eg får det altfor gøy her og så viser det seg at eg er langt inni granskogen og feilar!!
Berre så det er sagt. G-punktet er funne på ei 83 år gamal kvinne. Thihihi........ Ikkje for å fornærme eldre kvinnfolk, men eg kan no ærleg innrømme at det ikkje var det eg såg for meg.
No skal ikkje eg definere og plassere G-punktet på millimeteren her inne. Viss du vil vite svaret, må du nok gå på nettavisa og lese. Enkelte detaljar føler eg rett og slett ikkje for å dele med andre. Det får heller min hjartes utkårede finne ut av om sjansen byr seg:=)

For eit par sidan gjekk nokre foskarar ut og sa at dei ikkje trudde at G-punktet eksisterte. At det berre var ein myte. Ein så "viktig" ting treng jo ei avklaring, så fleire forskarar forskar framleis på dette. Det er også i denne samanhengen at det er ein forskar som har funne ut at G-punktet faktisk eksisterer og er alt anna enn ein myte! (Så flott......)!
Det betyr jo i same slengen at G-punktorgasme ikkje er feil...........

Nei, eg må vel skunde meg å få dette publisert før klokka bekkar over midnatt og blir fredag. Så ha ei god natt og sov godt!!!

SDM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar