fredag 20. april 2012

Ikkje bryr eg meg om at Katy Perry hadde problem med kjolen sin nylig, at "Madde" er klassisk og sexy på jobb eller at Breivik hevder at Lillebjørn Nilsen hjernevaskar skuleborn. Sjølve Breikvik er omtalt i alt av media og i så stor grad at eg ikkje orker å bruke tid på ein mann som han. Sååååååå, kva orker denne jomfrua eigentleg å bruke tid på?? Vg.no bugnar ikkje akkurat over av spenstige saker idag. Ikkje nok til å fengje merksemda mi.
Det kan jo hende at det har med at hovudet mitt er sentrert mot noko heilt anna enn nettet store deler av tida............men det er jo ikkje akkurat så veldig nytt!! (Ergo burde det heller ikkje by på problemar....)

Så mye koster kaskoskaden deg. Jaja......... Kaskoskade?? Eg veit såpass at det har med bilar å gjere, men skal eg vere ærleg, har eg stort sett null peiling på bilar. Eg veit kva merke som er på min eigen bil og kanskje litt til, men så stoppar det!! Eller.......Eg veit jo forskjellen på ein "vanleg" bil og ei stasjonsvogn. Supert!!
Likevel.......Det vil vere bortkasta å bruke energien på å drøfte kaskoskade om eg knapt nok vil skjønne meg på temaet. Eg tenker som så at det likaste må vere å halde seg på vegen og unngå skade i det heile, for då blir ikkje temaet aktuelt.

Nei, en app er ikke en "firkantet boks". I alle dagar?! Det er då vel ingen som trur det? Eller?? Det er no mykje rart vi brukar å innbille oss, så kvifor ikkje? App..........Å smake litt på ordet hjelper visst ikkje så mykje. Eg ser ikkje heilt logikken eller den språklege samanhengen mellom orda app og "firkanta boks". For all del....... Eg er jo ganske lite oppe og går til tider. Så dette er nok ei slik sak. Eg får bryne dei svømmedyktige cellene som av og til tenker at dei skal bruke tida på å tenke til å finne ut kva det dreier seg om.
Det er tydlegvis Aftenposten som er "blond"! Dei har i avisa si skrive at ein app er ein "firkanta boks". Sannsynlegvis er det knytta opp mot ei eller anna form for forklaring utover det, men det gidd vel ikkje journalisten som hengjer seg opp i det å bry seg med. Like greit:=) Når ein app nesten er det same som eit program (på datamaskinen), så blir ulikskapen mellom koblingane litt stor. Ser den......... men kan ikkje akkurat seie at eg blir så provosert av "misforståelsen" at det gjer noko.
Det er jo veldig bra (hahahaha......) av Vg å ta opp saka. No slepp vi å lure på akkurat det! Tuuusen takk. Akkurat kva eg trengte!

Barn redder ikke forholdet. Skal en vente litt med å få born, eller skal ein berre hoppe i det? Alle som har fått born veit at sjølv om eit born er eit fantastisk tilskot i livet, er det meir enn søte babyføter og blomstrande kjærleik. Det er kanskje mange som ikkje er nok klar over at det er mykje hard jobbing også. livet endres totalt. Plutseleg kan ein ikkje setje seg sjølv i fokus heile tida.
Akkurat dette trur eg er viktig å tenke på før ein får born. Sjølv då har ein ingen garantiar. Garantiar har ein aldri! Utgongspunktet er uansett litt betre vil eg velgje å tru.
Det som i alle høve er sikkert er at, som det står i overskrifta, det å få born ikkje er ei løysing om det er av di ein ønsker å berge eit forhold. Mange har eit born frå før og når forholdet skrantar, går dei hen og får eit born til. Så spørs det kor lurt det er?! Det som er sikkert, er at det fører til meir arbeid og enno mindre tid til å pleie forholdet. Gleden ved bornet dekker nok over eindel ei stund, men kvardagen kjem alltid attende. Ingen tvil om det!
I mange tilfeller er ikkje dei forholda som står på stødig grunn heller ein garanti for at ting vil bli vellukka. (Så spørs det kva ein legg i ordet vellukka).

Verdens eldste mann var 72 år da mennesket landet på månen. Jaja............ Det har vel vore ein progresjon på det området!! Det høyres heilt rart ut at ein ikkje skal lenger attende i tid enn det, men det stemmer nok heilt sikkert. Det er jo lenge sidan no........

No er det visst ein liten kar som befaler at sofaen skal inntas av oss alle for å sjå "The Voice", så det er vel berre å lystre! :=)

Ha ein flott fredagskveld heile hurven og nyt godvèret dåke som kan! :=)

DFA

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar