onsdag 18. april 2012

Det er mykje det skal vere forbud mot.........

Hahahaha......... Det er mykje varienrande kvalitet i det ein kan lese på nettavisene sine sider. Ingen tvil om det. Ikkje alt er like "bra". Enkelte gonger føler eg at eg blir litt provosert av kor lite gjennomtenkt mykje av det som står der er og av og til blir det rett og slett berre teit! Det hender no til og med at eg må flire enkelte gonger.....sånn som i dag! Eg bladde meg nedover Vg sine nettsider og fann då eit bilete som gjorde at eg kjente at dei positive energimolekylene byrja å bevge seg raskt. (Hahahaha......Eg veit ikkje eingong om det er noko som heiter energimolekyler.....!)

Stemmer for nytt Fucking-navn!
No har eg ikkje lest saka (noko eg har tenkt å gjere), men viss eg skal tolke det ut frå biletet som er der, ja, då overlet biletet det meste til fantasien. Eit skilt der det står "Fucking" på, med ein raud forbodsstrek over og sjølvsagt eit par personar som tar biletet av skiltet dei finn ganske komisk. Så spørs det..... Kva betyr skiltet?? Heiter staden "Fucking"? Er det ikkje lov å "fucke" der? Tja.........Det dukkar opp ei rekke spørsmål i det lille hovudet mitt. Eigentleg mange unødvendige spørsmål, men dei dukkar no opp.
Eg trur kanskje eg berre skal opne saka i stadenfor å bruke energien til dei små grå påå lure på sååååå useriøse spørsmål. Den som søker finn svar!!......... :=)
Joda...... Det er nok namnet på ein landsby det er snakk om. No skal det haldes folkeavstemming i bygda!! Skal dei skifte namn? dei er rett og slett "fucking lei" av namnet og meiner det er på tide å skifte det ut. Hahahaha...........Forståeleg nok!!
Namnet har eksistert i Østerrike i fleire hundre år, heilt til amerikanske soldatar kom din under krigen......  Treng eg eigentleg seie meir?? Det er vel lett å skjønne at namnet fekk fokus i verdssamanheng etter det. Då fekk dei jo vite kva namnet betyr:=)  Jaja.....

Nei, no syns eg eignetleg at det var gøy å sitje her å skrive. Difor har eg ikkje lyst til å avslutte. Diverre må eg nok det. Klokka er ikkje på mi side i dag!
Eg skal nok følgje opp med noko anna seinare. Om enn ikkje i dag, så kjem det nok sikkert noko i morgon!

Ha ein fortreffeleg dag/kveld! Det har eg tenkt å ha:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar