onsdag 25. april 2012

Trodde kjæresten var et svin - skjøt henne. Jaja.........Viss eg hadde blitt forveksla med eit svin, så trur eg at eg hadde vore stukke av for lenge sidan. Hallo?! Likskapen ligg i....???
"Liten", grå og lang nese?! Tja..... Det er jo mange menn som syns kjerringa deira er grå, men då er det vel aller helst meint i ei anna meining. (Eg trur ikkje at nokon i heimen min syns eg er grå!! Heldigvis!)
Han har faktisk skote ho i begge beina. Han høyrte lydar og i tillegg var det litt mørkt. Så då han trudde det var eit svin, skaut han. Kjempelurt å skyte i "mørktna".
Kjæresten var ute for å plukke appelsinar og er no alvorleg skadd og ligg på eit sjukehus for å bli "fiksa".
Det beste med alt er at han ikkje blir tiltalt for noko som helst. Han meinte jo ikkje å skyte akkurat ho!!! Så........ For det er jo ikkje uansvarleg å skyte i mørkret og satse på at målet er det ein trur. Det er jo berre å jakte i veg og håpe på det beste. Takk for den!!! Kanskje det er det eg skal gjere?? Jakte litt i mørkret for å kome meg unna enkelte ting?? I alle fall om eg slepp så billeg unna!

Ikke kjør bil hvis du må tisse. Ja, for viss eg må tisse når eg nærmar meg Skjomen-brua, er sjansen stor for at eg stoppar midt på brua og tissar utfor kanten. Det ville blitt ei spenstig oppleving. Tissetrenghet tilsvarer 0,5 i promille. Hahahahahaha..........Gjett om eg har køyrt i påvirka tilstand mange gonger!!! Det betyr at eg var rusa sist gong eg køyrte til Narvik. Kult!:=)
Eg er ganske så sikker på at no når eg har vissheita om dette på hjernen, ja då må eg sikkert tisse før eg har nådd "hjulet" oppe ved bruddet neste gong eg skal ut å køyre!!
"Dr. Snyder" meiner jo då sjølvsagt at alle bør ta sine forholdsreglar slik at ein ikkje hamnar i ein situasjon kor ein virkeleg må lette på trykket utan at ein har sjansen til det. Skulle ein imidlertid befinne seg i ein slik situasjon på vegen, er det beste ein kan gjere å stoppe så fort som overhodet mogleg. Som eg sa tidlegare....... Stoppe midt på Skjomen-brua og tisse utfor kanten!! Thihihihi......

Slik vet du at mensen er for kraftig.  Varighet, smertebilete og mengde på menstruasjon er individuelt og varierer fra kvinne til kvinne. Enkelte kvinnfolk opplever store smerter, medan andre ikkje kjenner nokon ting. Enkelte blir kåte, medan andre vil ha sex-fri. Eg trur eg skal la vere å utdjupe kva kategori eg sjølv kjem under. La meg heller seie det slik: Først må eg no få mensen for å kunne ta stilling til det! Hmm.......Kanskje eg ikkje er kjønnsmoden?.........Ups! Jajaja.......Shit happens! Eg heiter jo Jomfru Knutsen, så det er sikkert ei årsak til det. Thihihihi........
No skulle eg vel ikkje diskutere min eiga menstruasjon eller den eg ikkje har, men kva tid den er for kraftig. Det er jo det overskrifta til temaet er.
Om ein må halde seg heime frå arbeid av di ein blør gjennom bind og tampongar, så er det kanskje ein føremon om ein oppsøker ein lege. Det er litt kjipt å gå rundt og blø så mykje om det ikkje er normalt og det faktisk kan gjerast noko med.
Stakkars dei som blør i heile 8 dagar!! OG stakkars menna deira...........Say no more!
Eg trur nok menstrusjon er eit tema som enno er litt tabubelagt. Det er ikkje alle som er fortrolege nok til å snakke om temaet (slik som denne beskjedne jomfrua).
Mange trur dei veit meir om temaet enn kva som eigentleg sant er. Eg har fleire gonger høyrt at blodet renses ved menstruasjon. Det er jo rett og slett berre tull. Andre seier at det er farleg å stoppe menstruasjonen totalt. Det stemmer heller ikkje.......
Så spørs det kven som får ansvaret for å følge opp den biten. Skulen?? Ville ikkje forbause meg!

Om ein blør mykje, så er ein ikkje nødvendigvis dømt til å måtte leve med det slik heilt fram til overgongsalderen (som eg ikkje trur eg hamnar i!!) Det fins fleire metodar som gjer auka livskvalitet.
I stadenfor å gå rundt og vere slapp og føle seg utbrent, må det jo vere likare å få hjelp?!!
Vel, ikkje veit eg som slepp unna heile problemstillinga. Det gjer meg to hovudføremoner. Det eine er at eg slepp å vere PMS og det andre trur eg at eg skal la vere å kommentere. Hahaha.......

Jaja...... Kjerringa ser ut som eit svin, tissetrengtheit gjer deg rusa og menstruasjon!! For ein kombinasjon!! Kan dette bli ein dårleg kveld?? Aldri i verda........:=)

Ha ein fortsatt fin kveld!

SDM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar