søndag 22. april 2012

Nyter at det er stille!! :=)

Eg er mutters åleine og har det eigentlegg ganske digg!! Eller......åleine og åleine. Den herlege sonen min er jo her, men han ligg så søtt og søv i senga si.
Det er sikkert ikkje noko særleg om ein er åleine over lang tid, men nokre dagar er aldri å forakte. Det er alt anna enn kjedeleg å ha det stille innimellom. Ingen tv som forstyrrar eller andre ting for den saks skuld.
Stua er ryddig som berre det. Akkurat det er slett ikkje ein sjølvsagtheit til vanleg, men dog alltid når eg er åleine. Berre det åleine er herleg. Eg har nett fått gjort unna eindel skulearbeid og jordbærdrammen er ferdiglaga og hamna i frysaren. Ergo er alt i rute etter planen. Så no er det berre pc'n, musikkordboka og meg som gjeld! Oss tre ilag er kjempekombinasjon. (I sofaen, vel å merke!!)
Enkelte vil nok synes eg er litt sær som sit her med musikkordboka, men det er jo berre digg det også!! :=)
Ikkje det at eg ikkje vil ha besøk, for det hadde berre vore koseleg det.........men i og med at ingen har funne det for godt å banke på mi dør, rår eg heilt og haldent over mi eiga tid!! (Altfor sjeldan, spør du meg!)

Katten Meow må slanke bort 13 kilo. Ja, aldri har eg sett ei katt som er like stor (i form av å vere tjukk!) som denne!! Heilt ærleg??......... Ho er lite fin!! Ho var nok megasøt i sine yngre dagar, men i alle dagar.........Kva har dei fora ho med?? 13 kilo høyres faktisk ikkje så mykje ut når ein studerer biletet av ho.
Eigentleg burde ein seie "stakkars katt". Det må jo vere nokon som har forsømt katta når dei lar ho få bli såååå stor. Overspising trur eg vi kan slå fast.
No skal ikkje eg foregripe det heile og la vere å lese saka. Det kan jo vere at logikken oppi hovudet mitt er heilt forvrengt og at det er heilt andre årsaker til at katta er så stor. (Litt rart at ikkje føtene har knekt under ho!).

Eg har lest!! Katta er berre to år og er heile 18 kilo. (Sjokka her i stova!!) Ei slik katt skal vere mellom 3 og 6 kilo (maks). Eigaren på 87 år klarar ikkje med ho lenger. No må katta på streng diett! Ja, det er lett å skjønne at det trengs!

En mann og en glassdør. Hva kan gå galt? Hahahahahahahahaha.............. Tenkt å stille det spørsmålet. Svaret seier seg sjølv!! Ville det ikkje vore betre å spørre om kva som IKKJE kan gå galt? Eg skal ikkje utdjupe noko som helst her........Eg berre la merke til biletet og spørsmålet. DET var nok til full svømmeaktivitet i topplpkket! Her kunne ein jo ha komen med ørtiførti svar. Ingen tvil om det!! Hehehe....... Eg skal vere snill med manneskapningane og la tvilen komen dei til gode.
(Hmm.........To dagar på kort tid at menn får "gjennomgå". Kva har eg eigentleg imot menn? I won't tell!) :=)

Pass på! Nå gjør mordersneglene et massivt comeback. Mordersneglene?? Har sett dei, ja!! Ikkje særleg fine og sikkert ikkje så gode på smak. Det minnar meg forresten på at Helle skulle få nokre av desse herlege skapningane av meg og tilreie eit herleg lite måltid for meg! Eg lurar på om ikkje saka er forelda???? 7 månadar........JA, definitivt forelda. Ein avtale gjeld berre i kortare stund enn det! Puhhhhh.......... Der blei eg berga!!! :=)
Eg tippar mor mi er parat for å ta knekken på uhyrene. Med hodelykt og saks(?) angrip ho dei små dyra utan å gje dei noko som helst forvarsel. (Er det lov, mon tru? Fins det reglar for slikt?) Hahaha...... Eg trur ikkje vi skal klage på at snøen er her enno. Den er sikkert med på å halde skapningane unna denne landsdelen. Kjem dei hit, får vi stå klare med pil og boge!! (Ja, eg trur faktisk vi er så treffsikre at vi kan lite på eit slikt våpen!).

Obama anklages for hundespising. Jeeeezes!!! Aldri i verda om eg opnar den saka. Det går ikkje an at det er snakk om det som eigentleg kjem til uttrykk i overskrifta. Det nesktar eg å tru.!! Det blir sikkert akkurat like teit som det som stod her tidlegare i avis. Eg trur det stod noko sånt som at det hadde vore ein tøff "strid" om viktig verv i Frp. Siv Jensen fortset som leiar. Det stod på ein slik måte at det kunne sjå ut som at striden dreide seg om sjefsvervet og at Jensen var den som tilslutt vann. Teit, med tanke på at ho ikkje hadde nokre motkandidatar i det heile. Striden dreide seg om heilt andre posisjonar og personar.
Det er vel slik det er med journalistikk i dag. Skriv dei overskriftene ein trur vil få folk til å opne sakene. Eigentleg litt sleipt, syns eg!! Men, men........ Eg nektar i alle høve å tru at Obama spis hundar! I så fall vil ikkje eg vite om det!

Nei, eg må ikkje forsømme musikkordboka, så eg loggar av her og inntar ei ny verd for resten av kvelden. Det er ikkje lange stunda att av kvelden, men dog enno nok lang tid til at eg kan ønske dåke ein fortsatt fin kveld. Så då gjer eg det!! :=)

IDWY  B IMY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar