fredag 27. april 2012

Baby you light up my world........

Eg kjenner at eg held på å bli sprø. Mildt sagt!! Dei siste ukene har ein klasse holdt på med songen "That's what makes you beautiful" på skulen. Ein fin song, sånn sett, men boybandmusikk er ikkje heilt det eg lyttar mest til. Uansett....... Heile denne tida, og då spesielt dei siste dagane, har sjølvsagt eg gått rundt og nynna på denne songen (og då gjerne berre EI strofe) opp att og opp att. Eg prøver å la vere å gjere det, men det er klin umogleg. Nesten overalt kor eg er, syng eg på den.
Elevane på fleire trinn har også byrja å lagt merke til det i og med at eg syng på den i gangane.
No er det ikkje verdas undergong at ein syng på ein heilt ok song, men det verste eg veit er å få ein song på hjernen som eg absolutt ikkje vil skal vere der. Eg kan jo ikkje teksten!!
Sonen min har også tatt etter meg, så hadde eg eit håp om at den skulle bli borte, så dukkar den opp like raskt ved at han nynnar på den. "Baby you light up my world like nobody else........" Tja, det er stort sett den setningen eg kan (pluss pittelitt til).
Kanskje den gjer meg assosiasjonar?? At det er difor den ikkje vil fordufte ut og vekk frå dei små grå?  Eg er i alle fall lei no!!

Vil føde i leopardkjole. Jaja....Kvar sin smak! Eg trur ikkje eg sjølv tenkte så hardt på kva eg hadde på meg eller ikkje. Eg trur kanskje det var ein sånn der blå og sexy sjukehusskjorte!! Hahhaa.......... Supersexy!!!!!!! :=)  (Og sikkert att fram med knappane på ryggen.....)
Det er i alle fall Jessica Simpson som er temaet her, og som kjendis er det vel heilt klart at ho må få ha sine lyster OG ikkje minst(!) få det utbretta i media. For meg så er det superviktig å vite kva drakt ho skal ha på seg under fødselen. Det gjer meg ei viss form for glede. Kanskje ho skapar ei ny trend??! Leopardungar........... Kanskje borna blir raske, sterke og kamplystne av det?? Det er vel det som er det nye....... Klær avlar borns eigenskapar i livet!! "Fød med trang skøytedrakt. Få ein skøyteløpar."
Så viss ho i sin flotte leopardkjole plutseleg skulle plumpe ut med ein gut mellom føtene snart, så vil han vel ende opp som transvestitt?? Det kan jo vere ein tanke........ I og med at ho fødar i ein kjole..... Nei, eg trur eg får seie til meg sjølv "Say no more!!" Sjuke idear..... Eg veit det! Slik er det å ikkje vere heilt normal! :=)  Å vere normal er berre kjedeleg!!!
(Ho vil også ha luksusstillettar!! For skotøyet er nesten det viktigaste......  Svarten at ikkje eg tenkte på det der eg låg og skulle presse ut denne lille bylten av ein gut på 2 kilo.)

Når ein snakkar om sola...... Den lille bylten som ikkje lenger berre er to kilo, kjem akkurat inn døra. Han har vore på butikken og brukt ukepengane sine og er så snill med mora at ho no sit her med ei "dumle-klubba" i munnen. Det er jo bra at han tenker på ho også! Då må eg vel kanskje slutte av her og heller bruke litt kvalitetstid med han:=)

Det er fredag og det er helg!! Så difor håper eg at alle får ein kjempefin fredagskveld (i første omgang). Take care.....

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar