lørdag 21. april 2012

Kva er feil med mannfolk????

Hahahahahahaha............ Svaret gjer seg sjølv. ALT!!! ALt er feil!! Thihihihihi......... Neida, eg skal ikkje ha det så artig her at eg tergar på meg halve Noreg. Ikkje at det ikkje kunne vore litt gøy nett det, men det vil vel vere å overdrive om ein ikkje syns mannfolk gjer nytta si (på enkelte områdar!) Denne unge jomfrua har ikkje stått opp med feil for i dag, berre så det der sagt. Ho berre er litt kverulant akkurat no. Istadenfor å ta det ut over nokon, så skriv ho heller. Ganske fornuftig, ikkje sant??!! :=)
Eigentleg er ho ikkje i så kverulerande humør at det hadde gjort noko om ho hadde tatt det ut over nokon. Ho hadde vel mest berre byrja å flire og då hadde det vel strengt tatt ikkje gjort noko.......
No tenker vel dei fleste at ho må ha fått drypp, med tanke på at det meste som står her no sikkert er heilt uforståeleg. Vel, det kan jo vere eit mål i seg sjølv det også! :=)

Eg sat her nettopp med papirutgåva av Vg for å sjå om det stod noko spanande der. Joda....... Syndsforlatelse (treng eg det?? Ja, sikker i stooor grad!!) var ikkje heilt det eg såg for meg å skrive om i dag. At Ole Edvart Antonsen blir 50 år?? Det er jo berre eit tal!! At han psyker seg ned til nederste trinn på stigen for å kunne tenke at no kan det kun gå oppover?? Det er vel ingen krise å bli 50?? Eg likar dei lit eldre, eg!! Hahahahaha..........:=)
"Her knekkes kreften"....... Vel, det vil eg ikkje lese om i og med at eg bærer sånn nag til heile sjukdomen at eg er merka for resten av mi tid på jorda. Kreft får andre forhalde seg til. Ikkje eg..........
Anne-Kat. Hærland?? Ho har vel vore ute i hardt vèr før, så ho gidd eg heller ikkje å skrive om.
Så av di det er lite i dagens avis som fengjer jomfrua, blir overskrifta heller "Kva er feil med menn?" Rett og slett av di det vil vere enkelt å finne noko å setje fingeren på! Eg valgte det første som datt ned i skolten min, og det betyr BIL!!!

Menn og bil!! Kva er det som er så spesielt med desse køyretøya som gjer at gud og kvar mann av den rasen absolutt ønsker seg ny bil minst annakvart år om ikkje oftare. "Skal vi ikkje ta oss en tur oppom Fagerthun? Sånn dær bære for å sjå litt?" Sjå??? Kyss meg ein viss plass. Eg ser for meg dei snikande og håpefulle setningane som "Åh, sjå den fine bilen. E den ikkje fin?", "Det hadde no vorr artig med ny bil?" eller "Snart så kjæm det tell å bli så masse problema med bilen, for det bruka jo det etter så lang tid og då e det jo mykkje beire å kjøpe ny bil enn å bruke maaaaasse pænga på vedlikehold av de gamle??"" Djupe bedande auge!!!
OG det gjeld dei som har menn som faktisk ikkje tør å bruke alle dei pengane utan at kjerringa har sagt ja først.! Så har du dei som gjer faen og faktisk kjem heim med nytt "glis" annakvart år. Så har du dei som nesten flyttar inn på butikken. Dei som nesten får tårar i augene om dei ser ein bil dei likar.
Kven har den finaste og nyaste bilen i bygda?? Eg trur eg kunne ha hatt same bilen i 20 år ((minst) berre den virka. Eg veit ikkje........... Det einaste eg veit er at eg brur meg null og niks om bilar. Eg kunne ikkje vore meir uinteressert!!
Eg skal sjølvsagt innrømme at det er deileg å ha bil år ein vil på shopping eller andre nødvendige ærend, men om den er gul, raud, blå, svart.........eller kva merke.........Whatever??!!!!!!
Det er no berre eit dyr som seier wroom wroom........... Likevel behandlar menn bilen som eit viktigare smykke enn kjerringa!! (Berre så det er sagt......eg klagar ikkje på det!!)
Likevel.-...........Tenk om vi kunne skifta menn like ofte som dei ønsker å skifte bil?? Det ville vel vore lykke??? Hehehehehehe.......... Trur ikkje heilt at det ville vore reine lykken nei:=)  Det må vere det der dryppet eg snakka om som gjer seg gjeldande no.

Sånn eigentleg er det litt synd i desse skapningane vi kallar menn!! Dei må jo finne seg i at vi "bossar" og gnel om alt og kommanderer dei til å gjere akkurat som vi vil. Kanskje vi berre skal la dei få lov til å ha denne såkalla lidenskapen for bilar i fred? Som eit lite prov på annerkjennelse for i alle fall litt i denne verda..........
Menn er menn og slik er det berre! Dei er no god å ha innimellom:=)

Så alle menn der ute..........ha ein fortreffeleg fin laurdag om den er i lag med bilen eller oppå kjerringa!:=)

SDM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar