søndag 22. mai 2011

Sundag 22.mai.

Så var helga over. Ei varierande helg i så måte, på alle plan...... Det beste var då eg sat på ferga til Bognes og snakka i telefonen med mamma. Plutseleg ser eg eit kvinnfolk hiv seg ned i setet rett over meg, smilande og blid. Først blei eg heilt perpleks, men då eg fekk summa meg litt, såg eg jo at det var Silje, ei venninne frå høgskuletida. Mamma forstod nok ingen verdens ting då eg plutseleg berre sa at eg ikkje kunne prate meir og la på. Silje.......Ja, vi har opplevd mykje gøy ilag. Det var forøvrieg ho som klipte bort alt det laaaaaaaaaange håret eg hadde. (Det rakk langt nedanfor brøsta). Fredagskvelden tok ho mesteparten av håret (ja, eg fekk rikeleg med merksemd på "byen" den kvelden) og laurdagen tok Steinar (ein kompis av oss) resten. Trur kanskje det stod att 3mm etter at han var ferdig. Som sagt.....mykje gøy ilag.
Det var så gøy å treffe ho. Det er berre så synd at fergeturen der over går så alt for fort. Likevel...det blei tid til litt mimring. I tillegg held ho hus på ein gard i Steigen, og det betyr at Steigen må avleggjast eit besøk i sommar!!

Å kome på hytta denne gongen var litt likare enn sist. Då var det ein som hadde mala utan å ha noko under seg på verandadekket. Eg vil ikkje akkurat påstå at det er fint med malingsflekkar over heile verandaen. Heldigvis ordna han opp i det.
På trass av regnet, har det blitt mala litt denne helga også. Kven er det som er så lur å gå over verandaen med malingsstøvlar?? Trur ikkje kvinnfolk klarar å vere så lur, så svaret gjer seg sjølv. Jaja...... Ein lagar seg unødig arbeid.

Eigentleg har eg avtalt med hyttenaboen min at eg skal legge ut eit bilete av ho og meg her på sida. Biletet viser to oppgitte damer blant uhelbredelege menn. No har det seg slik at eg ikkje har lasta bileta over på dataen enno, så dei slepp billig unna.

Ellers så har sonen min fått oppleve korleis det er å kome i mellom fleire "kvinnfolk" i dag. Det kan jo vere direkte farleg......... Ikkje at han syns det var så ille. Han var lykkeleg og glad han då han kom inn og fortalte at alle jentene hadde krangla sånn..... Då eg spurte kva det var dei krangla sånn for, svarte han galant "Det e jo førdi æ va dær. De klarte ikkje å bi enig om kem som sku bli kjæresten min". Det er ikkje kvar dag ein kan velgje og vrake:=) Så det var visst reine lykken.

Sjølv har eg gått meg ein passe lang tur i dag. Med musikken i øret, var det berre å følgje rytmen og gå. Som regel blir tempoet litt høgare då. Innimellom, når eg no eingong kom på at det gjekk an å tenke sjølv om musikken rulla, svirra tankane rundt to tema. Det eine var at vi sørger for at det bygges skuler i u-land, men vi gløymer at det ikkje er nokon til å arbeide som lærarar der. Om ingen kan lære borna noko, er jo bygga bortkasta. Bistandshjelp som virker?? Det andre var om årets tema på skriftleg eksamen. Temaet som er valgt ut er "Ord". Eg trur ikkje ein kan finne eit meir vidt begrep enn det. Ord kan jo vere så mykje. Hadde temaet vore "Miljø" eller noko liknande, hadde det vore litt lettare å avgrense seg og lettare å førebu seg. Korleis førebur ein seg til eit slikt tema. Ord? Kva oppgåver kjem dei eigentleg til å få. Det er så vidt tema at dei kan få kva som helst type oppgåver.
Eg kan sikkert klare å skrive lange avhandlingar med ord som tema, men utfordringa ligg i at ein skal prøve å tippe på korleis dei som sit litt lengre opp i systemet tenker og kanskje kome med gode tips om kva oppgåver dei kan forvente. Eg er like spent som dei. Vi har morgondagen på oss. Det går sikkert heilt flott:=)

Eg minnast så vagt at vi hadde ei tid med askeskyar i fjor. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var det mange som blei råka av det. Islendingane er no eingong så heldig at dei har desse flotte vulkanane. Akkurat det er det ikkje noko å gjere med. Likevel.....I fjor kom denne aska på våren, og no er det vår på ny. Kva skjer? Joda, vi får askeskyar no også. Eg håpar inderleg ikkje at dette er eit nyt fenomen som er komen for å bli. Askeskyvår for alle reisehungrige. "Få deg eit litt lengre ferieopphald enn du reknar med!" Flyselskapa sitt nye slagord.... Jaja. Sånn går no dagane.
Så kan ein spørre seg om kvifor eg gidd å henge meg opp i kva som skjer på Island på denne tida. Svaret er veldig, veldig enkelt. Eg fryktar at eg kan bli ramma av desse mørke skyane. Eg skal jo til Dubrovnik om litt over ei uke. Vi er 19 stykk i reisefølget, og det vil bli riktig så surt om det ikkje blir tur. Eg er sjølvsagt opptimist, naturlegvis, men likevel er det ikkje gøy å vite at det faktisk i verste fall kan ramme oss.
No er det jo ikkje den største vulkanen som har utbrott, og det var vel ei heller uventa. Den har utbrott med jamne mellomrom og det har som regel gått bra. Det er berre det at dei aldri kan garantere noko. Vi får berre smøre oss med tolmod. Det vil i såfall ikkje vere første gongen.

Eigentleg hadde eg tenkt å drøfte problemstillinga med at vi bygger skuler i u-land og "gløymer" biten som kjem etter ferdigstillelsen. Eg ser fort no at tida kjem til å fordufte megaraskt og at det er altfor seint til å sette seg ned å gruble på eit slikt tema. Eg tar rett og slett avgjerdsla om at det temaet blir utsatt til litt seinare i uka som kjem. Så får vi samtidig håpe at det skjer noko spanande i livet innan den tid.

Hasta luego:=)

I can't help falling in love with you.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar