I dag er det litt vrede her i gården. Det betyr eigentleg hos meg.......Det er eg som er irritert. For ei stund sidan (i dag) var eg ute og gjekk meg ein tur. Eg gjekk tur av di eg var sint og fann ut at om eg skulle blogge, burde eg gå av meg litt av vreden. Det er i utgangspunktet ein god idè. Då veit eg at eg ikkje skriver noko eg ikkje kan stå for etterpå.
Så no har eg gått tur og i tillegg baka knekkebrød, så den verste harmen er over. Det betyr ikkje at eg er noko blidare i den forstand, men at eg har hovudet mitt med meg på ein meir fornuftig måte.
Så til sakas kjerne. Kven er det som har gjort ho Beathe så irritert at ho brettar det ut her på bloggen???
Joda, her kjem det........ Eg har sett meg drit lei på at alle skal rakke ned på bygda. Det vil seie dei som går inn for å øydeleggje. Kanskje skal det ikkje så mykje til for å glede meg? Kanskje eg kan trives kor som helst? Ikkje veit eg om eg er så annleis enn alle andre..... Uansett, vi har prekær lærarmangel her, dei treng pedagogar i bornehagen, Norcem treng sikkert folk og det er behov for fleire over 18 i butikk her. Ergo treng vi masse arbeidstakarar.
Eg syns det er flott å bu i Kjøpsvik. Ja, det er mykje å irritere seg over politisk, men vi då vitterleg mykje å vere glad for. I alle øve eg. Eg har arbeid, eg har vener, familie, hobbyinteresser, hus, fin natur bla bla bla... Eg kan fortsette i det uendelege. Så har vi dei som er negative til ALT. Desse negative folka har null respekt for andre føles det nesten ut som. (Respekt for meg i denne samanhengen).
På grunn av at vi treng eindel folk på min arbeidsplass, syns eg at eg kan prøve å gjere mitt for å hjelpe til. Det vil jo gagne meg også om vi får fleire lærarar hit. Så kva gjorde eg i dag?? Eg var på nettet og skreiv: "Om det er nokre lærarar som har planar om å skifte beite, vurder gjerne å komme hit. Vi treng mange! Vi kan hjelpe til med å skaffe bolig, her er naturskjønne omgjevnadar....bla, bla". (Dåke skjønner teikninga). Eg skreiv tydeleg at det var retta mot lærarar. I mi fjesbokliste er det flust av lærarar. Om ikkje nokon av dei er aktuell, veit dei kanskje om andre. Kva skjedde så?? Sambygdingar går inn og rakkar ned på bygda som kommentar under mitt innlegg på MI side. Dei skreiv om dei elendige boligane og masse anna tull. Her prøver eg å gjere noko positivt for bygda og håper på ei framtidig vekst. Så er det enkelte som tar seg den friheten at dei øydelegger for meg. Kva lys set det meg i om eg skriv det positive og så kjem dei andre og påstår det motsatte. Det er jo ingen som søker om dei ser at sambygdingane mine ikkje ønsker nye folk velkommen. Hallo!???! Kor er moralen? Kor er respekten for meg???? Eg kjente det bobla over av raseri.
Det er fleire som no har fått melding frå meg i innboksen sin. Eg har skrive nett kva eg meiner om slikt. Skammeleg, spør du meg. Eg veit ikkje om dei er blant dei som les bloggen min, men innerst inne håpar eg det. Kanskje dei kan ta dette til seg. Eg står for kvart einaste ord. INGEN skal komme på mi side og rakke ned og prøve å hindre meg i å ønske folk velkommen hit. Hvis ingen prøver å positivt fokus på bygda, vil vi aldri få ei bygd i vekst. Då vil dei berre få meir å klage over. Det virker som om at det ikkje er lov til å tenke sjølv. Det kunne aldri ha falt meg inn å komme med ein negativ kommentar til nokon som prøver på noko positivt. Hadde eg ikkje vore einig, hadde eg berre hold kjeft.
Enkelte trur det er greit at dei har ei meining om alt og rett til å prakke det ned på alle andre.
For min del må dei berre vere negativ, men absolutt IKKJE på MI side. Der er det eg som bestemmer. Enkelt og greitt.
Dersom du sit og les dette og er lærar.....Her kjem mi oppfatning av bygda Kjøpsvik:
Eg syns Kjøpsvik er ei flott bygd å bu i. Eg trives kjempegodt. Vi er ikkje ei kjempestor bygd, folkemessig. Eg trur kanskje vi er rundt 1000 menneske her. Det er ikkje så ille det heller. Dei aller fleste er kjempegreie folk og vil ta godt i mot alle nye sambygdingar. Likevel, vi har også, som dei fleste andre, enkelte som berre er negativ til alt. Det som er så bra, er at det er ikkje dei som bestemmer kva nett du skal synes.
Kjøpsvik treng arbeidstakarar på skulen, bornehagen, i butikk og på fabrikken. Det kan godt vere andre stader eg ikkje er klar over. På min arbeidsplass, skulen, har vi eit godt arbeidsmiljø og eg gler meg til å gå på arbeid kvar dag.
Rundt meg er det masse fjell og natur. For ivrige turgjengarar er det ypperleg å bu her. I tillegg ligg vi ved havet, så der er det også moglegheiter. Naturen kan by på så mangt. Fjordturar, grottevandring, bestige nasjonalfjellet Stetind osv.....
Vi har ikkje eit stort kjøpesenter her. Det gjer uansett ingenting. Kva skal vi med det? Det er berre litt over ein time til næraste by (med bil).Der får vi alt vi treng. Det er jo koseleg med ein liten bytur innimellom. Det vi har derimot er to matbutikkar, bank, blomsterbutikk, bokhandel (meir litt av kvart-butikk), hotell, forhåpentlegvis ei kro i løpet av ganske kort tid, kommunalt senter........Tja, litt har vi i alle høve. Vi har borne- og ungdomsskule. Eg er rimeleg sikker på at alle får plass i bornehagen her. Kunstgressbane, flerbrukshall under bygging (snart), isbane om vinteren, skiløyper, skyttarklubb, idrettslag, korps, yrande musikkliv blant born og unge, stor bluesfestival anna kvart år, kyrkjeklubb for ungdomen og kulturskule. Eg har sikkert gløymt av fleire ting, men denne lista fekk no ein viss lengde uansett.
Eg har hyggelege naboar, det er trygt for borna å vekse opp her, vi er i stor grad skåna for kriminalitet (vi har hatt litt, men det er ikkje noko som er definert som vanleg her). Her er hobbyklubbar og hagelag for dei som har slike interesser. Så eigentleg er det ein fin plass å bu.
Vi har mykje å vere stolt over. Eg er fullt klar over at det er mykje rart som skjer politisk og ja, vi har dårlege vegar her også. Det er ikkje berre andre stader dei har det. Likevel, det viktigaste må jo vere å fokusere på det som er bra. Positivitet avlar positivitet og kan skape vekst. Legg dei negative tankane bort og gje rom for moglegheitene. Dei som berre tenker negativt blokkerer for så mange vegar at dei ikkje får eit positivt liv sjølv.
Dessutan.....Vi er ansvarlege sjølv for det livet vi lever. Vi kan ikkje bure oss inne og klage på alt utan å legge ned ein durabeleg eigeninnsats. Dei fleste er der dei er på grunn av valg dei har gjort gjennom livet sjølv. Så mi oppfordring er "Prøv å vere positiv".
Ligg i alle høve unna sida mi om du har tenkt å rakke ned på denne fine bygda. Her er godt å bu og trivsel kjem av seg sjølv om ein prøver å trives. Løft hovudet opp og sjå fram, ikkje ned og attende. Kloke ord, hæ??
Sånn.....der var dagens moralpreken over. Eg er enno irritert på dei som skriv negativt om plassen under mine forsøk på å få folk hit. Fortsett med det, så kan ein sjå kor godt livet blir........ Nei takke seg til....!
Beklager harmen. Eg skulle eigentleg skrive om noko veldig positivt i dag, men eg klarte ikkje styre meg. Harmen er kun retta mot dei som bruker nettsida mi til negativitet. Eg skreiv berre masse positivt, og så hiv dei seg på utan respekt for det som står der. Det verste er at eg skreiv kven mottakarane var. Ingen av kommentarane kom frå rett hald. Så det får bli mitt hjartesukk for kvelden.
Hasta luego!
I wanna hold you....
Hei
SvarSlettTenkte mitt jeg også,så det er godt at du røska opp litt.
Stå på Beathe,her e godt å være!
-Helle-
Stå på Beathe! Æ e i nesten samme båt som du, innflytta til Kjøpsvik og trives her, en god plass og bo med flotte mennesker og har jo jobba lamme dæ på skolen og liker meg veldig godt der:-)) Du er super <3
SvarSlettHeisann
SvarSlettHer var det mye interessant å gripe tak i. Først og fremst er det bra at du ha engasjement for Kjøpsvik og de som bor der. Ildsjeler er alltid et positivt for et lite sted, men det må være høyde for å diskutere hvilket sted Kjøpsvik er blitt. Du forbeholder deg retten til å ha en "jeg alene vite" holdning og ber alle andre om å reise og ryke. Er enig i at ensidig negativ kritikk ikke er bra, men konstruktiv debatt må kunne være mulig.
Først og fremst. Du nevner at skolen mangler lærere. Da må man gå inn og reflektere litt. Hvorfor sliter skolen med å få tak i kvalifisert personell ?
Folk som bor andre steder og har visse krav til tilværelsen vil slite med en del ting når det gjelder Kjøpsvik:
- Interessante arbeidsplasser til begge (om en skal jobbe på skolen)
- Ingen videregående skole i Kjøpsvik (barn må flytte når de er 16- svært negativt
- Lang vei til byen for å få gjort basic ting som tannlege, service på bilen, gått på vinmonopolet, gått på kino, andre kulturaktiviteter som teater, konserter etc (holder ikke med bluesfestival med 2 års mellomrom). Er et dagsverk å få sjekket kjeften for hull- sammenlignet mot en kort time om det hadde vært tannlege i Kjøpsvik
-Lang vei til flyplass for å få reist (flytilbudet på Evenes er svært dårlig)
-Mangel på attraktive eiendommer. Det er ikke bygd hus i Kjøpsvik på 20 år og prisene er i kjelleren. Å bygge nytt koster 3 mill- de beste husene i Kjøpsvik selges for 1 mill. You do the math- ingen gidder å bygge.
-Det er fullt av falleferdige hus samt at stedet gror igjen. Det er høl i veiene overalt og stedet bærer preg av forfall. Denne utviklinga har bare akselerert de siste 10 årene.
- Fin natur finnes overalt i kongeriket og er ikke noe spesielt for Kjøpsvik og å skryte at to matbutikker virker nokså spesielt. Den ene (Samvirkelaget) er dessuten uanstendig dyr.
Jeg er vokst opp i Kjøpsvik, men er nå kun innom en gang i året og ser hvor nedslitt og trist det er blitt der. Kjøpsvik er ikke det det engang var.
Om Kjøpsvik skal komme videre må følgende skje:
- Tysfjord kommune må oppløses slik at den meningsløse ressurskampen mellom Drag og Kjøpsvik slutter. Den er ødeleggende for begge parter.
- Kommunen og øvrig næringsliv (Norcem) må legge forholdene til rette for private kunnskapsvirksomheter som kan tiltrekke høyt kvalifiserte arbeidstakere
- En videregående skole er et absolutt MUST. Det er det absolutt mest negative i dag at noe slikt ikke finnes. Folk er svært skeptiske til å måtte sende barna hjemmefra når de er 16 år.
- Aller helst bør E6 gå over Tysfjord heller enn Hamarøy
Takk for meg :-)