søndag 6. februar 2011

Sundag 6.februar.

Jada, eg lever....... Eg har inga bortforklaring på det store tidsavbrotet her inne på denne sida. Ei heller kan eg skulde på dårleg tid.....Det har eg hatt nok av. No er eg i alle høve attende og får prøve å halde meg her, jamt og trutt:=)

Etter ei flott helg på hytta, var det deilig å kome heim att. Det stemmer bra det der ordtaket som seier "Borte bra, men heime best". Vi blei lova knallvèr i helga, men eg vil påstå at den vinden som viste seg store delar av laurdagen ikkje klassifiseres som knallvèr. Vi blei no ikkje fortapte av den grunn, og grilling blei det likevel!!

Den siste tida er det stort sett EI sak som har prega nyheitsbiletet. Egypt! Ei viktig sak å følge med på (sjølvsagt), men gjett om eg byrjer å bli lei. Lenge var det Amelisaka som blei vist om att og om att. No går dei same sendingne opp att og opp att om Egypt. Det er grenser for kor interessant det er å sjå og høyre det same heile tida. Difor har det vore eit fint avbrekk å vere på hytta utan tv heile helga.
Det kan virke som om det er ein progresjon på gang......... Vil Mubarak gå av?? Eg trur nok han kjem til å halde ut ei stund til. Uansett, kva er alternativet. Ikkje veit eg om dei har det klart korleis dei skal gjere det om han gåt av!?!
Ære vere alle dei som kjempar for eit demokrati. Det finnes kanskje ikkje noko som er viktigare å kjempe for. Vi i Noreg har eit indirekte demokrati som stort sett fungerer bra, men det er slett ikkje slik alle demokrati rundt om fungerer. Det fins mange land som påstår dei er demokratiske utan at dei i realiteten er det. Kva styre er det som kjem til å ta over i Egypt?? Dei risikerer jo å få eit prestestyre som i Iran. Det er vel alt anna enn eit bra alternativ til det som er no!? Om landet islamiseres....ja, då trur eg dei vil slite meir enn idag.
I kveld, på nyheitene, viste dei litt frå Kairo og "demonstrantane" der. No har dei byrja å ta med seg borna. Dei skjuler seg bak at det er ei historisk hending som skrives og at borna bør vere eindel av den. Greit nok det, men kva forstår eigentleg borna. Ord som "Mubarak må gå" blir uttalt av fleire born som om det er deira eiga personlege meining. Det er vel heller slik at det er foreldra sine ord som kjem ut av bornemunnane.
Eg veit hæren, til no, har forholdt seg fredeleg.....men har dei eigentleg garantiar for at det vil vedvare?? Eg trur ikkje eg ville ha utsett min eigen son for slikt, uansett kor viktig sak det er snakk om. La oss håpe dei snart vinner fram og at dei får eit styre dei kan leve med.

I VG, forrige laurdag, hadde dei med ein artikkel som heiter "Tid for ein ny abortdebatt". Det heile bunner som alltid i at talet på "svake/feile" menneske skal ned. Forrige helg, som alltid ellers, blei eg mektig provosert. Kor mange gonger skal temaet takast opp blant dei fremste i landet?? Det er jo ei sak som har vore så mykje debattert og det er ikkje komen noko endring i samfunnet som gjer at akkurat denne saka treng ei ny drøfting.
Sjølv har eg eit søskenborn som har Downs syndrom. Eg kan ikkje sjå at ho aldri skulle ha blitt født! Ho er tre år yngre enn meg, og ho har gjeve oss mykje gleder. Nettopp på grunn av ho har eg ganske sterke meininger når det kjem til abortsaka.

I dag har vi retten til sjølv å avgjere om vi skal bære eit born fram eller ikkje, så lenge avgjerdsla blir tatt før det er gått tolv uker. Eg er einig at vi må ha ei slik grense, men ikkje avdi vi skal sike ut kven som har livets rett eller ikkje. Sjølv har eg vore midt oppi det når det kjem til kva tid vi kan definere fosteret som eit menneske eller ikkje. Eg må ærleg innrømme at det er skremmande å tenke på at vi faktisk vel å ta liv så seint som i tolvte uke. Dette er vel og merke ei meining eg har hatt dei siste 6 åra. Før det var eg heilt einig i at tolv uker var realistisk.
Eg vil påstå at eg har ein verkeleg god grunn til å meine at eit foster er meir enn nok menneske ved uke tolv!! Eg veit det avdi eg sjølv har erfart det. Med eigne øyrer har eg høyrt mitt eige foster då det var berre ni uker gammalt. Ni uker!!!! Eg var å sjuk under svangerskapet at eg måtte vere mykje på sjukehuset i Narvik. Eine jordmora syntes så synd på meg at ho prøvde å finne fosterlyden i tre kvarter. Ho ville gje meg noko å kjempe for. Noko som skulle halde meg oppe. OG ho fann!! Fosteret sitt hjarte dunka kraftig og tydeleg.......I niande uke! Korleis skulle eg kunne ta eit valg etter det? Det hjalp ikkje at eg var blant den eine prosenten som blir ekstremsjuk under svagerskap. Eg høyrde hjartet til eit lite born.......Det ville ha vore barbarisk å ta det av dage.
Trass alle undersøkelser som viser at det ikkje tar så lang tid før det er snakk om liv, ønsker no fleire debatt om at dei tolv ukene bør bli auka. Det er ikkje lenge sidan det var snakk om heilt til tjuande uke. Heldigvis blei det ikkje noko av det (med tanke på at dei i Sverige har berga foster heilt ned i uke 21).
Alle bør få ultralyd i uke tolv. Det er det nye..... Då har alle sjansen til i tide å finne ut om dei har eit foster som kanskje vil bli født med sjukdom eller mangler. Målet er å få flest mogleg til å finne det tidleg ut, slik at samfunnet i beste fall kan bli spart for desse. Eg syns det er grusomt å tenke på. Kven er vi som har makt til å velge kven som skal ha livets rett eller ikkje??
For det første er det ein egoistisk tanke at ein i utgangspunktet vil ha born. For det andre er det ingen rett vi har. Vi skal vel ikkje prøve å vere Gud og styre kven som skal få bli eller ikkje!?! Har vi lyst til å bli lik Kina?? Det er dei svake menneska null verdt. Er det eit slikt samfunn vi også ønsker? Nei, det får vere nok med debatten om det skal vere mor og far, mor og mor, far og far osv......
At saka kjem opp på ny, er eit sikkert teikn på at vi har eit demokrati som virker. Ytringsfridomen er eit av dei viktigaste momenta i eit demokrati.
Eg skreiv at Noreg har eit indirekte demokrati. Med det meiner eg at vi vel politikarar til å styre for oss. Eit direkte demokrati inneberer at ALLE er med og styrer. Tenk for eit kaos det ville blitt om alle skulle vere med og lage budsjett eller ta alle avgjerdsler. Det ville absolutt ikkje fungert! Systemet vårt fungerer ganske greit og flere land burde kopiert våres form for demokrati. (Kanskje lettere sagt enn gjort?)

Eg skreiv tidlegare i år om sjalusi. Det fins eit anna ord som er delvis det samme, men dog ikkje direkte............misunnelse. Eit ord som dekker meg i dag! Eg har vore så misunneleg på ei venninne av meg dei siste dagane at det ikkje finst ord for det! Ho har nett fått bygd seg eit nytt hus og flytta inn i det. Sjølvsagt bombaderte ho telefonen min med masse bilete frå nyhuset. Snakk om å ta motet frå ei av hennes beste venninner! Hmmm, trur eg må vurdere vennskapet der.........Hehe. I tillegg var ho så freidig at ho ville eg skulle sende bilete frå vårt hus. Hahahahaha......Eg trur eg døyr!! Joda, eg sendte ho eit bilete av det lekre oransjebrune toalettet vårt! Sååå heldig blei ho:=) Etter å ha summa meg litt, tok eg bilete av pianoet også. Er jo sjølvsagt stolt over det!! Neida...., vi har eit heilt greitt hus, men misunnelsen tok meg hardt då eg fekk sjå dei nydelege bileta som kunne vore tatt rett ut av ein katalog. Hadde eg vore eit born, ville eg sagt "Åh, kor urettferdig!!" Eg sa det faktisk.......berre at eg sa det inni meg. Sånn at ingen kunne høyre det. Det er vel lov, det????

Ellers har eg lært eindel "nye" geografiske ting. Eg har lært at den nærmaste planeten til oss heiter "Melkeku" og at "Mount Christmas" er det høgaste fjellet på jorda. Det er ikkje måte på kva dei lærer på skulen idag. Melkeku og Merkur er jo ikkje så veldig ulikt......Hmm....., men Everest og Christmas?? Tja, ein viss ulikskap vil eg påstå at det er!
Aldri så dumt at det ikkje er bra for noko. Eg får meg jo ein god latter i slike stunder:=)

Eit anna spørsmål eg lurar på er : Kva veg gjekk elgen? Her i huset er vi ganske ueinige om svaret! (Og eg kjem aldri til å innrømme det om eg har feil!)
Då vi kom på hytta på fredag, hadde elgen akkurat spankulert forbi. Spora var heilt ferske. Så var det store spørsmålet: Kven av oss er best på å lese spor? Det kan vel ikkje vere så vanskeleg å sjå kva veg elgen hadde tatt? Eg er 100% sikker på at den har gått i retning Korsnes, medan han her andre karen meiner den har gått innover....... No attstår det berre å gå inn på nettet og sjekke korleis sporet skal sjå ut og kva retning som er riktig. Ååååååååå, eg ber om at eg må ha rett!!! Dersom det er feil, kjem eg aldri til å seie til han at eg har sjekka. Aldri!!! Då får eg ikkje nattero.

Når eg først er inne på temaet elg....... Det er samefolkets dag i dag. På tv viste dei reinkappkøyring. Gjett om det såg gøy ut!?!??! Oh, my God, det har eg lyst til å prøve eingong. Det såg rett og slett knallskøy ut! Tenk berre på det adrenalinkikket ein må få når dyret setter avgarde bortver med deg på slep. Eg trur eg må skrive det ned på lista over ting eg må gjere før eg døyr! (Ehhh, eg har inga slik liste, men likevel).

Nei, Wallander har dukka opp på tv-skjermen, så eg skal sette meg ned foran tv'n og slappe av. Det blei ein god blaning av både frustrasjon og glede dette. Akkurat som det skal vere:=)

When I need you
I just close my eyes and
I'm with you....
It's only a heartbeat away.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar