fredag 18. februar 2011

Helg!

Ja, så var det ny fredag, då:=) Kan ikkje akkurat klage pådet, sjølv om eg syns ukene flyg avgarde (alt for fort). Det er ikkje alltid like lett å henge med i svingane. Det har i utgangspunktet vore ei innhaldsrik uke, sjølv om eg syns den ikkje berre har vore positiv.
På mandag var det valentinsdag og då ville jo sjølvsagt Steffen på diskotek. Han måtte jo få lov til å danse valentindansen. (Om han var heldig og fekk ja frå ei jente eller ikkje, veit eg ingenting om). Det eg imidlertid veit, er at han dansa limbo. Det såg eg då eg var oppe der for å hente han. Eigentleg fekk eg litt lyst til å prøve sjølv, men eg er glad eg stod imot presset. Ein skal vere bra mjuk i kroppen til slikt...:=) Uansett, med ein på diskotek og ein annan på møte.....Det seier seg sjølv, huset heilt åleine. Akkurat det passa perfekt på ein slik dag. Det er urtoleg kor mykje ein får gjort.... Ikkje minst fekk eg øve ifred!

Tysdag var ein lang dag, men heldigvis slutta den med øving. (Det er jo alltid gøy). Fine rytmar frå staute mannfolk (thihi..). Eg er vel bra heldig, hæ?? Fem mannfolk heilt for meg sjølv!?!! Jabbadabbaduuuuu!!!!!!!!!! Jada, det har rable litt for meg, men det er vel lov på ein fredag?
Ikkje nok med at det var øving, det var jaggu meg "Frustrerte fruer" også. Kvar gong eg ser det, tenker eg at slik er det heilt sikkert der borte i statene. Dei er sikkert akkurat så "gal" som det går fram av serien. (Dei fine rikmannsfruene).

Uka har som sagt ikkje berre vore positiv. Årsaka til det er at eg har engasjert meg litt i eit "problem" som har dukka opp. Onsdagen var ingen god dag av den enkle grunn at eg var mildt sagt rasande!! Eg er det enno, men ikkje i samme grad. Det er meir slik at eg skjemmes over å kjenne enkelte menneske. Er eg heldig, les dei bloggen min og ser at eg skriv nettopp dette.......
Eg er alt anna enn redd for at dei skal sjå det. Eg håpar dei gjer det!!
Facebook blei i si tid oppretta som eit sosialt media kor ein kunne halde kontakten med gamle og nye vener. Planen bak "prosjektet" har nok heile tida vore meint som noko positivt. Om ein ønsker det, kan ein oppdatere statusen sin jevnleg. Det eg såg på onsdag, har absolutt ingenting på facebook å gjere. Eg var mildt sagt sjokka.
Så til sakens kjerne. Sjølv har eg aldri blitt utsatt for nettmobbing, men på onsdag fekk eg lese på nettsida til ei venninne av meg. På si "venneliste" har ho nokre personar som ikkje eg har lagt til i mi liste. (Det er eg glad for). Ho kunne då vise meg kva ei såkalla "venninne" av ho hadde skrive på facebook. (Det var sjølvsagt om ein tredje og fjerde person).
Det var så ondskapsfullt skrive at eg kjente raseriet steig inni meg. Tenk å vere så "trollåt" at ein bruker facebook som middel for mobbing av andre. Det verste er at det er snakk om vaksne menneske (sjølv om oppførselen ikkje klassifiseres som vaksen). Sjølv om det aldri blei nemnt noko namn, var det ikkje vanskeleg å sjå kven dei sikta til. Det dei skreiv var direkte grusomt!!

Slik eg har forstått det, held det på å byggje seg opp ein stor konflikt blant fleire av kvinnfolka her i nærområdet. Eg har heldigvis ingenting med det å gjere, men eg kan love at eg blir å blande meg om det bygger seg opp til storstilt nettmobbing. Det er hundrevis av grunner tilat ein skal blande seg om det skjer. Den viktigaste årsaka er at ein skal bry seg. Eg skal absolutt ikkje stå på sidelinja og sjå på at enkeltmenneske skal få utfalde seg fritt på andres bekostning. Det er i alle høve sikkert!! Eg skjemmest skikkeleg på desse menneska sine vegne.

Nettmobbing er nok eit utbredt problem både her til lands og ellers rundt om i verda. Det betyr likevel ikkje at vi berre skal sitte på sidelinja og ikkje bry oss. Eg trudde verkeleg ikkje at folk herifrå var så "dum" at dei dreiv med slikt.
Om det hadde vore slik at det er menneske eg ikkje likar, så ville eg aldri i verda brukt facebook til å harselere med dei. Statusoppdateringa mi skal innehalde alt anna enn det!
For det første er nettmobbing ulovleg og dermed straffbart. Hadde det vore nokon som hadde skrive slikt om meg, hadde anmeldelsen vore innlevert for lenge sidan. Sjølv skjuler dei skuldige seg bak at dei ikkje kan takast av di dei ikkje skriv namn på dei det gjeld. Tenk å vere så feig. Vaksne folk skriv i koder.....Barnslig?? Gjett om.
Onsdagskvelden kunne eg ikkje halde meg lengre. Eg brukte statusoppdateringa mi til å uttrykkje mi meining om nettmobbing. Eg skreiv også at dei som oppførte seg slik ikkje burde få vere på facebook. Eg vurderer sterkt å rapportere dei inn til "facebook" slik at dei blir stengt ute frå det nettsamfunnet.

Eg kan ikkje skjønne at folk synker så lavt. Det er heilt ufatteleg. Jada.....Det er greit å ikkje like alle. Ingen seier at ein må like alle ein kjenner, men ein må no kunne bruke hovudet og ikkje spre det på nett på den måten.
Hadde det vore meg dei hadde skrive slikt om, så hadde psyken min blitt reven i filler. Det er ikkje dei som dei skriv om , men dei sjølv som har problem. Det kan ikkje vere noko anna enn eit ønke om å hevde seg blent andre som ligg bak.
Eg har til alle tider visst at kvinnfolk kan vere både ondskapsfulle og utspekulerte. Akkurat det er ikkje noko nytt. Slike finns overalt. Eg trudde berre at inegn av dei eg kjenner kunne gjere slikt.
Eg håper inderleg at dei skjønner kva dei gjer og at dei innser at det må slutte NO. Det kan ikkje fortsette slik. (For det er nemleg ikkje første gongen).

Vi tok utskrift av sida på onsdag slik at vi skal kunne dokumentere det om dei er inne og fjerner det for å slippe unna. Det er også skremmande å sjå kor mange som hadde trykt "liker" under innlegget. SKREMMANDE!! Heldigvis var det fleire som trykte "liker" under mitt antimobbeinnlegg enn det var til den sida!
Mitt bidrag blir at eg bryr meg og det skal eg aldri slutte med. Om det fortsetter, skal eg "face to face" konfrontere hovudpersonane. Det blir ei sann glede!

Jaja....Det er helg og eg har lyst til å tenke på heilt andre ting enn nettmobbing. I kveld skal eg kose meg med venner i godt lag. Det blir kjempekoseleg. Så håper eg at det blir bra vèr og hyttefaring i morgon. Eg er eit "hyttemenneske" og syns det er utroleg deileg å dra på hytta.

Hasta luego:=)

You should know....Everywhere I go, always on my mind, in my heart, in my soul....

2 kommentarer:

  1. Hei Beathe.
    Utrolig flott at du tar opp dette problemet,men jeg hadde jo ønska at flere leste dette og kunne dele sine tanker om saken med deg.
    Mobbing er forferdelig!
    Skal man sitte i sin trygge hule og late som ingenting eller skal man forsvare eller forsvares..

    Nyt kvelden!

    -Helle-

    SvarSlett
  2. Heia Beathe.
    Fint at du tar opp dette problemet, og at du selv stiller deg på sidelinja å bare observerer, isteden for å velge side, som de fleste andre.
    Når man ser alt uten å ta "parti" ser man mere klart hva som er rett og galt.
    Og mobbing er galt uansett hvem som mobber. Ingen arenaer er mer lovlig for utøving av mobbing,enn andre heller.
    Men når mobbingen skjer på en slik måte at mobbeofferet/offrene ikke har noen mulighet til å begerense mobbingen, da er det ikke bare ulovlig, men også utrolig feigt av disse, som mener seg bedre enn andre.
    Har et håp om at dette vil ta slutt, og hver enkelt selv kan passe sine egne saker.
    Takk for at du bryr deg,og tar opp et så stort tema i bloggen din.
    Stor klem fra Tove Irene.

    SvarSlett