søndag 13. februar 2011

Sundag 13.februar.


"Ho mamma berre flir av mæ når æ kræsja, og så slapp ho mæ midt i bakken! Det e ikkje nåkka snilt gjort!" Herlig!!!!! Dei første orda min kjære sønn braut utav seg då han entra dørstokken heime. Flira? Eg? Hmmm......Jaja, det er ikkje så lett å lå vere når stilen står til minus tjue!

Eg snakkar om skituren vår ned frå skihytta her oppe i fjellsida. Ein ting er å karre seg oppover..... Ein annan ting er at ein jaggu meg skal ned også.

"Tøff i trynet" sa Steffen at eg ikkje skulle halde han i taumane då vi starta nedoverturen. Jaujau.... Det tok ikkje så lang tid før han konstanterte at eg burde feste han til meg:=) Uansett, det blir like gøy kvar gong!!
Han var ikkje nådig då eg slapp han midt i eine bakken. Plutseleg fekk han så stor fart utan å vere forberedt på det. Eg syntes sjølvsagt det var litt kult.
Eg syns han er flink som går slike turer. Null sutring og heilt ok tempo, så eg kan ikkje klage på noko som helst:=)
Eg har eigentleg lyst å gå litt lengre enn "berre" til skihytta, men eg tviler på at eg får minstemann med på det. Han syns liksom det er grei nok tur som den er. Eg får heller ta ein tur utan han. Det spørs berre om eg tør å ta turen heilt åleine..... Tviler! Det er om at det ikkje berre blir med tanken!!
Det er sundag, det er sol, det er morsdag og livet føles bra. Det har vore ein kjempefin dag. Forutan litt skulearbeid eg må gjere ferdig, skal eg berre slappe av resten av dagen/kvelden.
Så håper eg sola i dag har satt i alle høve litt spor i andletet i dag.
Ha ein fortsatt fin dag.
Hasta luego!!
Darling, there is something I must tell you.


1 kommentar:

  1. Hmmm!! What's happening??? Den redigerer berre bort avsnitta. Blir så teit med all teksten ilag.... Jaja, eg overleve vel det også!!

    SvarSlett