torsdag 10. februar 2011

Torsdag og snart helg:=) (I like it).

Ja, så var det torsdag att. Ikkje å forakte det...... Ei ny arbeidsveke er (snart) over og forhåpentlegvis er det ei fin helg som ligger og venter. Dersom vèret har tenkt å vere som idag, så er det nok stor sjanse for mykje naturliv (les ski). Ski har vi forresten vore og stått på idag. Det var kjempefint i løypene og ein fekk trimma bra. Spesielt då ein kollega av meg plutseleg dukka opp og spurte Steffen om kven han trudde kom til å komme i mål først. Akkurat det er jo som å gje mat til ei sulten sjel!! Eg hadde nok med å prøve å halde følge med dei på den runden, noko som eigentleg berre er bra. Då får ein jo meir ut av trimmen. Det var ein som ikkje var heilt nøgd med at vi måtte dra heim derifrå så tidleg....... Det er no eingong slik at torsdagane er forbeholdt øving og eg kan jo ikkje akkurat berre levne han åleine der oppe i løypene. Det skulle vel tatt seg ut.

Veka har eigentleg rast avgarde. Ikkje at eg har gjort så mykje...... I går kveld var eg åleine heime og skulle kose meg med kortlaging osv for å prøve å få ut litt kreativitet. Nesjda, det var jo som å tru på julenissen!! (Og det gjer ein jo). Då eg endeleg klarte å få summa meg nok til å byrje, var klokka allereie alt for mykje. Det blei heller tv (dårleg underhaldning var det også). Farleg å ikkje få sjå nok tv!!

Tv'n står faktisk på no også. Mubarak skal visst ikkje trekke seg før til hausten. Dei som har bestilt seg ferie til Egypt denne sommaren kan nok allereie no byrje å sukke over at det ikkje vil bli noko av. Reporteren kallar Mubarak for "stokk døv". Han høyrer ikkje på folket og løftene han kjem med er vage. No vil rørslene (demonstrasjonane) ganske sikkert tilta i masse større grad. Jaja..... Eg er no stygt redd dei uansett vil ende opp som eit theokrati. Eit demokrati skal dei sjå langt etter!
Om ein tar hensyn til kommentarane som er gjevne tidlegare i dag (i følge andre enn meg sjølv), så var det mange som trudde at han skulle annonsere sin avgang i kveld. Ikkje skjønner eg korleis dei har klart å tolke ting så bokstaveleg feil??!

Aaahhhh.....no er det ein som har grueleg dårleg humor borti sofaen!! Kunne nesten falle for fristelsen å nemne kva, men eg trur heller eg lar vere! (Men det spora meg heilt av...). Jaja.Ikkje så nøye uansett.

Ellers så er det ei venninne her i Kjøpsvik som i den seinare tid har blitt klassifisert som både "Prinsessen på erten", "Candygirl" og "Dagros" (kua). Lurar på om det siste kjem av at ho er så god på kukyss?? Eg har sett det i aksjon ein gong, men det frista ikkje å innføre stilen sjølv:=) For kvar gong ho får eit nytt namn, så flire eg nesten så eg ikkje klarer å stå på føtene. Om ho blir fornerma?? Ja, litt......men det er jo ein av årsakene til at det berre blir meir fliring!!
Mitt stempel denne uka (eller "alle" ukene forsåvidt) er "Du er så troillåt"!! Thihihi........ Trur det siktes til all djevelskapen som blir utført. Spesielt episoden då eg barberte brystkassa til Einar (medan han sov) .... Say no more:=) Avslag på permisjonsøknader skjer også! Ikkje min feil at dei plutseleg er i mitt augesyn........
Uansett, så kan eg ikkje lastast for nokon som helst av narrestrekane som er utført dei siste åra. Det er jo ikkje akkurat min feil at dei bomma litt på blandinga då eg blei laga??!! Dessuten er det jo ei god stund mellom kvar gong?!
Det eg ikkje blir å gløyme "ever", er då eg laga eit brev der 10.kl fekk avslag på søknaden sin om klassetur. Læraren sin reaksjon på avslaget var berre såååå verdt det!! Det tok si stund før han skjønna at det var ein aprilspøk. Eg blei felt av at eg ikkje skjønna at skulesjefen hadde ei finare handskrift enn det eg hadde laga. Kjipt:=)
Eller då det kom brev frå skulesjefen om at vi skulle gå grenseleden midt i juni og ligge i lavvo og lære om samisk kultur midt på fjellet. Ei heil uke!! Ein av kollegaene mine blei så rasande og lurte på kor "jævla dum" det gjekk an å bli. Legge opp til ein sånn tur lenge før snøsmeltinga der var ferdig. Han blei så hissig på skulesjefen og dei som hadde lagt opp til ein slik tur. (Mykje bannskap....). Lite sa eg at brevet var falskt. Også der øydela underskrifta for meg. Gammelinspektøren blei plutseleg merksam på at det var ein bokstav for mykje i det eine namnet til skulesjefen. Eg hadde fått med Anne i staden for Ann. Sukk.......For ein tabbe:=)
Ein som ikkje hadde fått med seg den "lille" aprilspøken, blei så skuffa då han blei merksam på det rett før han skulle heim frå arbeid. Han hadde allereie merka det av i kalenderen sin. Hehehe....(Noko som gjorde at eg blei veldig nøgd)........ Eg innrømte sjølvsagt ikkje noko den dagen. Måtte jo sørge for at dei skulle vere litt usikker på om det var spøk eller ikkje ei stund:=)
Berre for å ha sagt det....... Eg forfalska ikkje underskrifta hennar ulovleg. Eg spurte ho om lov i forkant!! Ein har det ikkje gøyare enn ein lagar det sjølv:=)
Så får vi sjå kva årets 1.april bringer med seg av "glede"..........

Nei, det var vel aldri meininga at eg skulle sette meg ned med dataen etter eg kom heim frå øving. Eg skulle berre ein snarttur innom for å sjekke noko. Her sit eg enno.............

There's a place for us.......
Somewhere, a place for us.

1 kommentar:

  1. Åhhh Beathe du e sååååå troillat me alle sammen:-))Men vi e gla i dæ førdeom!
    Møøøøøøøø<3
    Man kan ikke spise fiskegrateng på en fredag... da skal vi spis indrefile og elsk, hahahaha at ikke han Einar e blidd lei av d etter så mange år... åsså hver fredag:-/

    SvarSlett