mandag 28. februar 2011

Ein artig dag:=)

Joda... Eg trur eg vil påstå at dette har vore ein artig dag! Imellom alt det effektive som blei gjort, dukka det med jamne avbrudd eindel ...tja....kva skal ein velgje å kalle det? Står litt fast her, men gøy har det i alle høve vore.

Det har seg slik at for 10-11 år sidan, så fekk begrepet jomfru ei heilt ny meining for meg. Eg blei tidleg døpt for "Jomfru Knutsen" av ein i den eldre garden på skulen. Opphavet til at namnet kom skal vere usagt. Eg heitte "Jomfru Knutsen" i 2000 og heiter det framleis!!
Eg har helder aldri innrømma at eg har gjort noko som helst for å få den sonen eg har idag. Det er jo noko som heiter jomfrufødsel??!! Thihi......
Når det gjeld jomfrufødsel, så har også det begrepet satt sine spor i det søte, lille hovudet mitt. Frå i dag av...... Kven det skuldast, skal eg fortelje, men dog i kode. Ein av kollegane mine skulle ringe ein felles ven av oss og høyre om noko i forhold til i kveld. (Hint, hint....øving...)Han lova han skulle seie at jomfrua har talt, så slik blir det. Sanninga er at han ikkje turte å sei det..... (Trur eg). Då han sa at han ikkje hadde sagt det, fulgte han opp med ein "diskusjon" rundt temaet jomfrufødsel. Han lanserte då ein ny tanke. Jomfrufødsel = keisarsnittprodusert born. Vanskeleg å sjå kva det betyr?? Ikkje verre enn at om det går an å fø med keisarsnitt, kan ein vel også lage born ved same metoden. Lage eit hol i magen og kjøre på. Jomfrufødsel!!!
Eg skal ikkje nemne namnet på kven det var sitt forslag (ingen vil tru meg likevel då)..:=)
Same mannen fekk tittelen som Espen Askeladd i eventyret der "Jomfru Knutsen" var hovudgevinsten! (Han vann jomfrua tilslutt)...... Thihihihihihi.........
Eg har tenkt å vere jomfru til det motsatte er prova!!!

Ellers så har eg dansa for inspektøren i dag. Det var vel litt av eit syn...... Den eldste i kollegiet heiv seg på lag med meg og med i dansen. Då blei det enno meir skøy!! (Jada.....vi er riktig rett!! Ingenting som feilar......). Det beste var trippinga på slutten. Sjølv måtte han berre rømme. Trur det blir lenge til vi blir spurt om vikartimar på ny:=)

I tillegg er eg blitt "dumpa" for n'te gong i dag. OG det til fordel for ei utspekulert høne som innimellom er ei ku. Forstå det den som kan. Eg er djupt vonbroten og har den djupaste kjærleiksorga som eit menneske kan ha!!! I morgon kjem hevnen..... Det bygger seg opp til intriger på arbeid!!! Hahahahahaha........ Når ein har vore prinsesse i over 10 år, er det ikkje greit at andre kjem inn og "kupper" trona. Aldri i verda. Kamp til siste slutt!!
(Vi veit, vi veit.....vi er ikkje "god").
Eg trur vi skal vere glad det er intern humor.......Trur kanskje enkelte vil sjå på oss som smågal om dei får vere floge på veggen for ein dag. Likevel, det er slike ting som gjer at vi skaper vår eiga trivsel på arbeid:=) Det er vel nok av arbeidsplassar som kunne trengt ein miljøarbeidar som kun har ansvar for å skape eit godt miljø og humør blant dei ansatte!

"Jomfru Knutsen" har planar om å ta høveleg tidleg kveld, og då kan ho ikkje sitte her og dulle med dataen. Skulle tru at dataen er hennar beste ven, men den gong ei:=)
Det er berre å kome seg i seng og sovne fort før andre legg seg.... Ho kan jo ikkje utsette seg sjølv for risikoen til ikkje fortsatt vere jomfru i morgon! Ryktet må bestå, så det er berre å springe.........

Hasta luego!!!!

When, when will we meet again?

1 kommentar:

  1. Æ måtte jo inn å læs når æ så du hadde blogga igjen.
    Må innrømme at æ godt kunne tenkt mæ å vær den berømte flua på veggen der nede :-)
    Trippende dansetrinn...
    Stakkars deg som er blitt dumpa IGJEN,men det er visstnok hverdagskost for den kua♥
    ...inn-ut-inn-ut...
    Ønska dåkker en latterlig mårradag :-)

    Sov godt,jomfru Knutsen!
    -Helle-

    SvarSlett