lørdag 12. februar 2011

Lise elsker penger!

Lise elsker penger! Det er tabu!!! OG det er førstesidestoff i KK! Say no more.
Er det tabu å elske penger?? Eg elsker, elsker, elsker, elsker penger!!!!!!! Hmmmmm, følte ikkje at det var noko problem å seie det.......... Skal vi sjå....Kjenner eg andre som elsker penger og som ikkje skjuler det??? 1, 2, 3, 4....bla, bla , bla.....Jada. Lista blir lang, den:=)

Kven er Lise? Lise heiter Karlsen og bur sannsynlegvis i Oslo (med tanke på dei butikkane ho nemner at ho eig). Ho er veldig glad i penger, og er tydlegvis ein av få som tør å seie slikt høgt. Dei fleste meiner at jakta på penger berre er rota til alt vondt. (Lurer på kva "dei fleste" betyr).
Om folk har eit ønske om å bli rik, så la dei ha lyst til det. Det er vel ikkje få som går rundt og ønsker det??!

Ein ting er å vere glad i penger og ha lyst til å vere rik. Ein annan ting er korleis ein vel å forvalte dei pengane som eventuelt måtte dukke opp. Det kan jo vere enkelte meiner ein bør ha moralske skrupler i forhold til kva ein kjøper, men uansett er det jo opp til kvar enkelt kva dei bruker pengane på.
Enkelte bruker penger berre for å bruke det.....Då er det kanskje eit varsku om at haldningen til pengar er litt på villspor. Klart det er mange rikingar som berre ødslar bort mykje pengar! Ingen tvil om det. Det vil eg heller kalle litt hovmodig. (Det blir meir som eit behov for å vise seg fram). Millionar på bok kan sikkert gjere litt av kvart med mennesker.
Lise tener sine eigne penger. Det er dei ho bruker. Kvifor skal ho ikkje få bruke dei på kva ho vil? Det er vel ingen som har noko med det å gjere. At ho ønsker å ha meir penger av di ho elsker penger er vel ikkje unikt? Eg ser ikkje heilt koblinga om at det er eit tema som er tabu. I alle høve har eg aldri følt at folk rundt meg har følt at det har vore eit tabu å elske penger.
Eigentleg trur eg folk har eit større ønske om meir fritid enn penger.

Penger er ikkje lykke. Eller rettare sagt, så er ikkje penger åleine det same som lykke. Den speler nok ein viss grad inn på lykken. Om ein påstår noko anna, så trur eg ikkje at ein er hundre prosent ærleg.
Lykken må skapast på andre måtar, men om ein ikkje har penger vil det sjølvsagt også gå ut over lykken. Om ein har alt ein vil i livet i tillegg til penger, så trur eg mange kan føle lykke i å handle og gjere nett det dei har lyst til. Har ein berre penger, vil saknet etter andre ting sørge for at ein er langt unna lykkeleg.
Har ein bekymringer konstant, avdi ein er fri for penger, vil det gjere noko med psyken og forhold blir satt på prøve. Difor trur eg at ein kan seie at lykken baserer seg på at ein har penger slik at ein klarer seg. Om ein har det, kan ein bygge lykke rundt alt det andre.
Likevel..... Mange liker å reise litt rundt ilag, oppleve ting sammen osv. Det er også med og påverker lykken ein eventuelt måtte ha. For å kunne gjere slikt, treng ein å ha romsleg økonomi. I slike tilfeller er penger eindel av lykken.

Eg trur nok mange klare å skape "lykke" ved berre å ha kvarandre. Om dei ikkje er vane med noko anna, veit dei ikkje kva dei går glipp av. Likevel trur eg det kan vere skummelt om ein av partane går rundt og eigentleg ønsker at dei kunne gjort så mykje meir. Det sliter nok litt over tid.

Sjølv har eg eit ganske avslappa forhold til penger . Eg har så eg klarar meg...... Ein ting eg er sikker på, er at det skal meir enn penger til for å gjere meg lykkeleg.
Så spørs det kva ein legg i ordet lykke???!! Kva er eigentleg lykke? Mange vil nok påstå at det er eit begrep som er oppskrytt. Er det, det? Eg veit ikkje? Eg har i alle høve ikkje tenkt å seie noko om kor vidt eg sjølv er lykkelg eller ikkje. MEN, eg veit fleire moment som eg garantert vil klassifisere som lykke. Å nemne dei her vil mest likne på klisjear, og klisjear er berre teit!

Eg trur heller ikkje det går an å finne den ultimate mann.Ein tar nok som regel til takke med ein som oppfyller deler av "krava" ein ser etter. (I forelskelsens rus er ein vel også litt blind).
Det siste høyres sikkert litt kynisk ut og at eg berre har tatt til takke med noko........ Det var ikkje slikt meint. Eg snakkar eigentlg heilt generelt. Om ein mann ikkje oppfyller alle dine ønsker, betyr det ikkje at ein ikkje er glad i han. Det betyr eigentleg meir slik at ein må utfalde seg litt meir på eigen hand for å få dekt enkelte sider av seg sjølv. Det treng ikkje vere negativt! Langt ifrå.

Om eg hadde hatt ei liste med krav for å finne den ultimate mann, ville den kanskje sett i nærleiken av slik ut:
1) Snill
2) Musikalsk
3) Synge for meg kvar einaste dag.
4) Like naturen.
5) Gje meg rett sjølv om han veit det er han som har rett!!! Thihi....
6) Tåle ein "liten" spøk. (Ikkje ta seg sjølv så høgtideleg).
7) Høgare enn meg.
8) Like å flørte.
9) Ha humor.
10) Ha sexy rompe.
11) Synes at program som "Torsdagskveld i nydalen" og "Big Brother" er superteite program.
12) Varmer dyna for meg på kvelden.
13) Være glad i sex.
14) Skaffe meg regnbuen om eg ber om den!!!!! (Jada.....).:=)
15) Lar meg få tid til å øve. Aller helst øve ilag med meg.
Ja, om eg legg til litt godvilje, ville det sikkert stoppa på punkt 30!?! Neida......... Syns eigentleg at det er bra eg ikkje har noko liste. Var litt "pæs" å i heile tatt finne nokre punkt. Det fleste punkta vil eg nok kunne kalle reelle..........

Korleis kunne eg eigentleg ende opp med ei liste når temaet er "Lise elsker penger"?? Hmmm....... Må nok gruble litt på den, ja=)

I kveld har eg lytta eindel til ein song eg skal lære meg litt finesser på. Problemet er at kvar einaste gong eg speler den, tar det omtrent tjue sekunder og så har eg gløymt av at eg skal lytte til noko spesielt. Eg lever meg rett og slett sånn inn i teksten at eg gløymer meg heilt bort. Så starter eg den om att og om att. Likevel skjærer det seg kvar einaste gong. Så det blir nok ei lita utfordring for meg...... Part of me, part of you!
Eg får prøve på nytt i morgon. Det blir vel like nyttelaust då også.

Det blir som Alexander Rybak syng: I'm in love with a Fairytale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar