mandag 7. februar 2011

Måndag 7.feb.

Eg er no litt flirfull akkurat no, så eg veit ikkje kor mykje det har for seg å sitte her og skrive i denne stund. Eg er stygt redd det vil ende opp med berre tull....:=) Jaja, sånn går no dagane. Aldri så ille at det ikkje er godt for noko. (Er det ikkje det dei seier?).

Dagen har eigentleg vore ganske innhaldsrik. For ikkje å snakke om at huset plutseleg blei fullt opp av viltre born. Det er ikkje ofte det skjer at vi seier ja til at det kan vere så mange inne på ein gong, men i dag blei det no slik. Det var berre tilfeldig at det dukka opp ein etter ein. Sjølvsagt er huset her bygd slik at det egner seg maks til å leike "sisten" i. Jaja....vi overlevde:=) Dei måtte nok gå ut og leike etter kvart!! Så lenge det er snakk om nokre få dagar i året så er det vel greit. Det er jo berre å gøyme seg bort i kjellaren om støynivået tar av.

Det beste med dagen i dag var at ein hyggeleg kjenning kom innom meg med eit opptak av konserten "Nye Dynamites" hadde under forrige storblues. Det vil seie....eg var ikkje klar over at den også var på materialet eg fekk og eg blei kjempeglad då eg oppdaga at også det var med!! Sånn bortsett frå at ein blir lettare flau over kva ein får seg til å seie og at ein blir merksam på den plagsame r'en i ei heller dårleg nordnorsk dialekt (forsøk på dialekt er vel heller rett å seie), så er det jo kjempefint med eit slikt opptak. Så tuuusen takk!! (Har flirt litt for meg sjølv).

Når ein i tillegg får avslutta kvelden med ein riktig så lang og koseleg trimtur, så må ein kunne oppsummere og seie at det har vore ein bra dag! Det er leggetid, men det spørs om det blir så mykje soving på meg. Stor sjanse for at eg blir liggande leeenge og høyre på ein nydeleg song vi har i bandet. No har eg endeleg fått den over på Mp3-spelaren og følgeleg ligg høva så godt til rette for å ta songen med til soverommet. Kanskje ikkje så bra med tanke på at det kjem ein dag i morgon, men, men.....

Som sagt, eg er litt flirfull i kveld og skriving er vel ikkje det hovudet mitt er mest fokusert på akkurat no. Derfor blir det berre pjatt på meg i kveld! Eg trur ikkje eg klarar å komme på ein einaste fornuftig ting å kommentere. I tillegg har eg musikk i øret.........Flotte greier??! Kanskje like greit.

Eg har stor tru på at morgondagen også vil bringe med seg masse glede! Så det er berre å sjå fram til ein ny dag :=)

I didn't know just what to do
so I whisper "I love you".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar