søndag 20. februar 2011

Såååååååååå fin helg:=)

Det er sundag og det har vore ei kjempefin helg. Helga har for såvidt vore ganske innhaldsrik. Noko egner seg på trykk, andre ting ikkje....Thihihi:=)

Den starta jo ganske bra, då! Sosialt lag med andre tøtter er alltid gøy. Eg skal ikkje direkte komme inn på korleis fredagskvelden utarta seg, men enkelte ting kan ein berre ikkje la vere å kommentere. Sånn bortsett frå at vi oppdaga ei ny revystjerne i løpet av kvelden,(namn skal ikkje røpast), var det eit par saker som utmerka seg. Kveldens høgdepunkt var nok då husfrua sjølv (ikkje eg) fekk eit bleikna andlet då det plutseleg stod ein kjenning midt på golvet med nydelege blomar, gåve og ei lita eske som kan minnast om ei eske som kan innehalde ein giftering. Eg trur dei fleste tenkte på giftarmål der han stod så pent og pynteleg, berre at det liksom var feil mann som stod der. Akkurat det siste gjorde at eg trudde han stopd der av di han trengte hjelp til å fri til si eiga dame......Cellene i hovudet mitt har vel aldri akselerert så hurtig før etter svar på om han allereie er gift. Eg veit jo at han er det, men eg fann aldri svaret der og då!
Husfrua har vel aldri vore så bleik og stille der ho sat (eller nesten låg - stiv av skrekk). Det kunne jo også vere slik at hennar eiga "mann" hadde planlagt eit frieri, men at han ikkje torde å vere tilstades sjølv??? Tja, det kunne jo vere så mangt. Latteren blei i alle høve brølt ut då fasiten kom. Mildt sagt! Blomane var ikkje eingong til ho. Dei var ikkje til noko som helst kvinnfolk eingong. Nok av år i ei foreining gjorde at det var ein som fortente gave og blomar. Han var berre bortreist på dagen og difor ikkje tilstades under utdelinga. Så enkelt og lite som skal til for å sette eit kvinnfolk ut av dage.......Hehe:=)
Vi prøvde å få han til å stille som stripper, men det blei liksom ingenting av (hmm....lurar på kvifor?). Seks galne kvinnfolk burde jo vere nok til at han skulle falle for fristelsen. Berre tenkt på kva det kunne ha endt opp med!!!!!!! Er forresten ikkje heilt sikker på om det endte opp med at vi har lova OSS bort som strippere. Shit.... Kanskje verdt å sjekke ut. Thihi....

Seint i seng og tidleg opp!! Trøtt? Jaaaaa! Likevel, det var lett å stå opp. Vi skulle jo på hytta, noko som eg hadde veldig lyst til. Det beste med dagen var at det også var kjempefint vèr. Så herleg!!
Vi dro avgarde tidleg, og det var rett og slett kjempefint å vere på hytta. Det blei mange timar utfor døra, ja:=)

Ski (langrenn og hopp), snøhule, klatring i tau og tre, "dyrejakt" (ufatteleg masse spor i snøen) osv, osv, osv.... Det var nok å gjere på!
Fint med sol:=) Ski er GØY!!!


Med Stetind rett i øyesyn, er det klart det blir tatt endel bilete av fjellet.
Så spørs det kor lenge vi har snø i år. Påska er ganske seint i år, så det er vel ikkje så sikkert at vi er så heldige då?!
Det er i alle høve knall å vere på hytta når alt slår til som i helga!
Hasta luego.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar