onsdag 9. februar 2011

Jugoslavia.

Kva årsaker kan ligge til grunn for at mennesker i samme land går til krig mot kvarandre?

I dag, i 2011, er det fred på Balkan. Eg vil påstå at det er det sjølv om mange meiner at det er ein skjør fred. Likevel, vegen dit har ikkje vore lett. Det måtte fleire borgarkrigar til på 90-talet for at verdsbiletet skulle sjå ut som det gjer i dag. Det er mange årsaker som ligg bak og verknadane har også vore mange.

Kva er det som kan true freden? Nasjonalisme og rasisme er vel to gode ord som kan brukast i denne samanhengen......

Kvar er eigentleg Balkan? Når vi i dag snakker om geografiske områder, taler vi som oftast om land/statar. Balkan er ikkje det vi kaller for ein stat. Balkan er eit område som ligg i eit hjørne av Europa. Akkurat der går det ei grense mellom øst og vest, mellom den muslimske og kristne verda. Det siste er vel nok til å skjønne kvifor dei seier det er ein skjør fred!

Sjølve regionen består av heile sju frie og sjølvstendige stater og blant dei er det heile fire trosretninger. (Protestantisme, katolisme, ortodoks kristendom og islam). I tillegg kan ein dele folket inn i heile 25 ulike etniske grupper. Til dømes kan eg seie at ikkje alle kroatere bor i Kroatsia. Dei er spredt utover. Konklusjonen ein kan dra av det siste, er at det er veldig mange ulike folkegrupper i alle områder......noko som lett kan føre til ufred.

Ja, freden er skjør, men den er no der og det er utelukkande positivt. (Utelukkande positivt er eit sterkt begrep, og difor vil eg understreke at eg då ikkje tar noko som helst hensyn til styreform. I så fall vil det nok kunne endre seg litt).

90-talet!! Det er snakk om grusomme handlingar! Det er ikkje berre å forstå kvifor, men om ein går litt attende i tid, vil ein i alle høve forstå litt meir. Det vil kanskje vere naturleg å trekke linjene heilt attende til 1918 då kongeriket av serbere, kroatar og slovenarar blei danna. Det tok ikkje meir enn eitt år før det blei nye grenser. (1919).

Dei etniske gruppene regna med at staten skulle bli ein føderasjon. (Endå eit framandord........). Føderasjon betyr ein union der delrepublikkane har eit indre sjølvstyre. Desse gruppene som trudde nett det, blei skuffa. Statsleiaren var serbisk og hadde ingen planar om å ta slike hensyn. Han ønska heller ei sterkare sentralstyring.

Kongeriket blei delt inn i heile 35 distrikt og det blei ikkje tatt noko som helst hensyn til korleis innbyggjarane var samansatt. I tillegg måtte alle forhalde seg til den serbiske grunnlova.


Det er klart at alt dette førte til ei enorm misnøye! Det gjekk så langt at dei oppretta ein terroristorganisasjon som skulle jobbe for å lausrive Kroatsia frå kongedømet. Denne organisasjonen blei oppretta i 1929. I dag veit vi også at lausrivinga ikkje kom før 1991.
At det tok så lang tid, seier litt om at det ikkje er så lett å gjere slike endringar.
Det er på denne tida at vi får eit nytt namn å forholde oss til, Jugoslavia. Då kongeriket fekk det nye namnet, fekk dei også ei styreform som vi kallar diktatur.

På grunn av dei store ulikskapane mellom folkegruppene, var det vanskeleg å skape ein fellesskapsfølelse hos alle innbyggjarane. Det som var det viktigaste for folket var familien, slekta og lokalsamfunnet. Styresmaktene representerte berre skatteinnkreving for dei.
Dei som ikkje var serbere, blei undertrykt. Misnøyen gjorde at terroristorganisasjonen (USTASJA?) drepte kongen. i 1934.

Den som kanskje er mest kjent som "styrer" av Jugoslavia, er Tito. Han kom ikkje til makta før etter krigen, men til gjengjeld sat han i over 35 år.
Tito var sekretær i det ulovlege og kommunistiske partiet partisarene. Denne gruppa var motstandarar av at Kroatsia skulle vere sjølvstendig. (Kroatsia prøvde seg på det under krigen, i 1941). Då han kom til makta, var det meir ro enn både før og seinare. Styreformen var sjølvsagt kommunistisk, men det blei innført eit visst sjølvstyrei dei ulike delrepublikkane. Det gjaldt blant anna i stor grad styringa av økonomien. Fabrikker blei etablert og arbeidarane fekk delta i bedriftsstyra. På ein måte kan vi difor seie at styringsformen var meir sosialistisk enn kommunistisk.
Alt tilløp til uro blei slått hardt ned på, men media fekk i stor grad drive sensur sjølv. Det vil eg påstå er eit riktig steg i retning av det demokratiske kjennetegnet ytringsfridom.

Tito levde fram til 1980. Då han døydde, auka spenningane i landet på nytt. Dei gamle motsetnadane kom sterkt fram, både når det gjaldt mellom dei etniske gruppene og mellom religionane. I tillegg til desse spenningane, gjekk både produksjon og eksport ned. Som vi aller fleste i dag veit, er det noko som fører til inflasjon. Inflasjon har aldri vore positivt, og ergo er det nettopp det samme som å si at det gjekk nedover med Jugoslavia sin økonomi.
Dårleg økonomi fører ofte med seg stor arbeidsløyse. Så blei også tilfellet her. Kroatsia og Slovenia ville ikkje lenger godta forholda og krevde sitt sjølvstende. Det var vel heller inga overrasking på dei at Serbia ikkje gjekk med på det.

Heile 80-talet var prega av mykje uro. Milosovic var ein av dei som var mest effektiv mot demonstrantane og fekk heltestatus. I 1989 vann han valget og blei president i Serbia. Det blei framstilla som om det var eit demokratisk val, men det var langt unna sanninga.
I 1990 sa det kommunistiske styret i Jugoslavia frå seg makta, og då blei det holdt valg i alle republikkane. Det var kun Serbia då som fortsatte med eit kommunistisk styre.

No er det rette tida for å byrje å snakke om krig. Det er i løpet av dette året at ting bygger seg opp til det ekstreme. I Slovenia ønska heile 88% at dei skulle lausrive seg. Kroatsia ønska også dette. Lite hjalp det når nasjonalismen verkeleg byrja å få ekstra godt fotfeste i Serbia. Milosovic sa at alle republikker som hadde serbere skulle tilhøyre Serbia. I og med at det budde serbere i dei fleste regionane, blei dette eit problem for dei som ønska å lausrive seg. Dei skulle rett og slett bli tvinga til å forbli eindel av "unionen".
Kroatsia og Slovenia hadde fått nok og erklærte seg uavhengig 25.juni 1991. Serbia svarte med å sende hæren inn i Slovenia. Krigen blir idag kalla for tidagerskrigen. (Altså ikkje ein av dei lengre i historia). Det var ikkje snakk om så mange daude. 62 stk? Litt fleire blei sjølvsagt skadde...... Sjølv om Serbia ønska å halde på Slovenia, blei dei einige om ein fredsavtale. I 1992 blei dei anerkjent som ein sjølvstendig stat. Serbia sin reaksjon på det heile no, var at dei heva tollen på slovenske varer med 50%. Jaja........

Krigen spreidde seg også til Kroatsia. Det var eit område i Kroatsia kor det budde eindel serbere. Dei ønska å ha sin eigen lille sjølvstendige stat. Dei gjorde difor opprør, og sjølvsagt fekk dei hjelp av den jugoslaviske/serbiske hæren. Det var i denne samanhengen at både Dubrovnik og Vukovar blei utsatt for store øydeleggingar. På hausten stod "Vukoar-slaget". Kroaterne klarte å forsvare byen i fleire månader, men måtte likevel gje tapt til slutt. Sivile blei jaga på flukt og mange blei drepne. Vi kan godt kalle det for ei etnisk rensing. Det var rett og slett ei fysisk fjerning av mennesker med ein bestemt kulturell eller religiøs bakgrunn.
Hadde det ikkje vore for at FN blei trekt med i konflikten i slutten av 1991, er det vanskeleg å spå korleis det ville gått. Dei sørga for at det blei inngått våpenkvile (som sjølvsagt blei brutt fleire gonger). Etterkvart satte dei inn fredsbevarande styrker som skulle passe på at dei serbiske styrkene skulle trekke seg ut.
Dette gjekk heilt fint inntil dei kroatiske styrkene gjekk til angrep på Krajina i 1993. Heile to og eit halv år fulgte med kamphandlingar. Det blei i løpet av perioden gjennomført eit lynangrep mot området. Det førte til at nesten 200 000 kroatiske serbere flykta til Bosnia-H. og Serbia.

Samtidig som all denne "uroen" fann sted, var Serbia i konflikt med Bosnia-H. Der blei heile den muslimske befolkningen massakrert. Denne krigen var ganske kaotisk, av di den innebar konflikt mellom tre parter. Byane Sarajevo og Mostar blei knust og eit enormt flyktningeproblem oppstod i Europa.
Det internasjonale samfunnet blei nesten handlingslamma. Det seier litt!
Serbia fekk beskjed om at hvis ikkje nok var nok no, ja, då ville dei bli utestengt frå det "internasjonale selskap". Serbia fortsatte berre................ Etnisk rensing blei på nytt satt i gang. Muslimer og kroater blei dreven på flukt eller drept. Byar blei bomba. Dei serbiske familiane blei åtvara slik at dei kunne kome seg unna. FN klarte ikkje eingong å sende mat og medisiner på grunn av krigshandlingane.

Det skjedde mange grufulle overgrep under krigen i Bosnia-H. (Frå begge partar). Den som var verst er kanskje Srebrencia-massakren. 8000 menn og gutter blei utsatt for ei systematisk henretting. Ca.500 av dei var born. Det er nok det største massemordet i Europa etter 2.v.kr. Ca.200 000 blei drept i krigen (55 000 sivile). Over 40 000 kvinner blei valdtekne og meir enn 1,8 mill. menneske blei jaga på flukt.

Slik eg ser det, er det opptøyene i den serbiske provinsen i Kosovo som utløyste oppløysinga av Jugoslavia. Det utvikla seg til ein krig der også Nato blei involvert. Nato bomba frå lufta, medan resten kjempa på bakken. Det heila munna ut i ein fredsavtale som sa at Kosovo skulle styres av Nato og FN, men likevel vere ein provins i Serbia. Så seint som i 2008 erklærte Kosovo sitt sjølvstende. Serbia har sagt at dei ikkje kjem til å gje frå seg provinsen.

Fleire har i dei siste åra blitt sikta for mykje av det grusomme som har skjedd. Rettsaken i forhold til det som skjedde er blitt reist for krigsforbryterdomstolen i Haag.

I overgangen mai-juni skal klassen og eg til Dubrovnik. Ein av årsakane til at det reisemålet blei valgt, er nettopp det som skjedde på 90-talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar