søndag 27. februar 2011

Jadda:=)

Kva skjedde?? Vill jubel i huset av di Marit Bjørgen tok gull. Vill jubel blant dei vaksne. Kva skjedde med "glunten"? Sinna og tårefull gøymde han seg under bordet. Vi skjønna sjølvsagt ingenting! "Hallo! Noreg tok jo gull! Då skal vi jo vere glad!?!"
Siina kom det frå under bordet "Æ e sint på ho Marit!! Det e jo han Nortug som skal ta gullet. No har ho ødelagt ALT!" Tårene pipla fram......
Joda, det er greit å vere ihuga Nortugfan, men her måtte det ei avklaring til. Det var ikkje berre, berre å måtte forklare ein djupt skuffa gutunge at kvinnfolk ikkje kjempar mot menn og at Nortug enno kunne ta gull. Det hjalp ikkje med det første, men etter at han hadde latt tankane få sive inn ei lita stund aksepterte han no det.
Joda......i alle høve ei lita stund. Like etterpå gjekk Nortug sprinten. Vi benkra oss foran skjermen på ny. For kvar gong Nortug gjekk vidare, jubla vi alle tre. Heilt til finalen......Ups!! Då var det ein som ikkje var nådig. Eg skal ikkje nemne her kva ord som kom om svensken som vann. Det egnar seg ikkje på trykk, og i alle høve ikkje når ein veit at avsendaren berre er seks år gamal! Nye tårar...... Sukk!

Kvelden blei no berga på eit vis. Han tenkte at om ikkje Nortug ikkje klarte å ta gull, så kunne han sjølv gjere det. Han går til barnas skimerke og hadde berre 6 km att å gå før gullmerket kunne innkasserast. Joda, han gjekk og gjekk til han nådde målet. Eg reknar med at han har fortalt det for alle han har møtt dei siste dagane. I fantasien sin innbilte han seg til og med at han er verdsmeister!!
I år har han måtta gått 5 mil på ski for å få gull. Til netse år trur eg han å gå 10 mil...... Jaja, det gjer jo at eg også får god trening! :=)

Dagen etter hadde han akseptert at det er klasser for menn og kvinner. Då var det ikkje måte på kor stolt han var av Marit Bjørgen.
I dag har han også vore framfor skjermen. 30 km med skibytte var veldig spanande. Det var ikkje måte på kor han snakka taktikk og sa at vi berre måtte vente, for Nortug kom til å slå til. (Han fekk jo rett...).
Det var hopping, dansing, jubel og "high five" osv. Eg veit kva han kjem til å fortelje dei andre i morgon:=) Med Nortug som sitt største forbilete er det kanskje ein viss fare for at interessa for ski kan vedvare. (Noko eg eigentleg er glad for).

Regn og glatt føre har satt sitt preg på det som må vere ein av dei lataste helgene på lang tid. Eigentleg er det berre bra. Det er godt med slike helger også:=)
I morgon startar ei ny veke og nye sjansar. Det er berre om at vi grip dei. Det er ikkje alltid vi er flinke nok til det (i alle høve ikkje eg). Motet sviktar gong på gong...... Kanskje eg slår til ein minst ventar det?? :=)

Call me, call me.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar