onsdag 23. februar 2011

Levedyktige samfunn.

Kvifor går nokre samfunn under, medan andre består?
Dette spørsmålet er eigentleg retta mot den verda vi har i dag (og dei siste tiåra). Likevel vel eg å gå langt attende i tid, berre for å vise til eksemplar som er gode på kva eg meiner med at samfunn går under.

Romerriket! Den siste vestromerske keisaren blei avsatt i 476 e.kr. Det markerte slutten på Romerriket. Romerriket hadde då eksistert i heile 1200 år....... Så var det berre slutt??! Det heile gjekk i oppløysing.
Inkariket! Ein sivilisasjon som var den største indianske statsdanninga på det amerikanske kontinentet. I 1532 blei samfunnets øvste leiar tatt til fange og drepen. Eitt år etterpå var Inkariket historie! Kvifor?
Sovjetunionen! (No nærmar vi oss i tid). Størsteparten av 1900-talet blei dominert av blant anna Sovjetunionen (i lag med USA). Den kalde krigen, som var i etterkrigstida, involverte veldig mange andre land. Den internasjonale politikken blei styrt av kampen mellom USA og Sovjetunionen. 1991...... Mektige Sovjetunionen blei oppløyst! Kvifor?
Tuvalu! Dagens situasjon...... Tuvalu ligg rett aust for Australia og er eit øyrike. Der bur det ca 11 000 menneske. I dag har dei alvorlege problem! Høgare bølgjer, sterkare tidevann, saltvann kontra jordsmonn og jordbruk og trær faller over ende utan lengre ha sjansen til å skjerme mot vinden. Kva kjem til å skje? Vil dei gå under?? Mest sannsynlegvis er dei ikkje noko samfunn lengre om få år. 11 000 menneske kjem til å miste heimane sine. Snart tar havet over........ Kvifor?

Eg sit ikkje med noko fasitsvar på alle desse "kvifor". Langt ifrå!! Eigentleg veit eg lite eller ingenting...... Likevel, det er ikkje vanskeleg å tenke seg til deler av svaret. Sjølv om det kanskje ikkje finst noko fasit i det heile, så er det sikkert ikkje umogleg å dinne deler av det.
Hovudspørsmålet var i utganspunket "Kvifor går nokre samfunn under, medan andre består?"
For å kunne nærme seg eit svar på det, trur eg ein må definere kva eit levedyktig samfunn er. Gjennom definisjonen, som vil bestå av mange kjenneteikn, vil ein kanskje kunne klare å trekke ein konklusjon.
For at ein skal kunne bestå som samfunn, må ein vere levedyktig. Då er det mange kjenneteikn som bør ligge til grunn. Lista kan fort bli veldig lang, men om eg skal prøve å korte den ned mest mogleg, trur eg den vil sjå slik ut.

1) Dei geografiske forholda: Det er nokre geografiske forutsetnadar som må ligge til grunn for at ein skal kunne få eit levedyktig samfunn. Eg tenker då spesielt på klimaet. Ekstreme temperatur- nedbør- og vindforhold hjelper ikkje akkurat på.

2) Ressurser: Naturressurser som vann og dyrkbar jord! Ressurser som trevirke er viktig for husbygging. Såleis er også eindel metaller viktig.
Olje og gass for vår del........ Kor hadde vi vore utan den.

3) Teknologi og kunnskap: Dette er eit punkt som er veldig viktig. Kor hadde vi vore om vi ikkje hadde hatt teknologien og kunnskapen om korleis vi kan få olja opp av havet? Dette kan fort knyttast opp mot utdanningssystemet.

4) Velferd og sjansen til eit godt liv: Ein må jo sikre innbyggjarane sine behov. Vi må ha eit helsevesen, utdanningssystem osv.... Mat, klede, hus og medisiner.

5) Infrastruktur: Vi treng transport for å halde tritt med resten av verda. (Buss, trikk, tog, vei og fly). Kommunikasjon! (Telefoni, mobiltelefoni og Internett). Vannett, kloakknett.........

6) Bærekraftig utvikling: Vi kan ikkje gløyme at det kjem nokon etter oss. Vi må forvalte "jorda" på ein slik måte at vi har det bra, men samtidig må vi huske på at vi skal ivareta framtida. Overfiske er eit bra eksempel på det.

7) Ytre fiendar: Vi må verne oss mot ytre fiendar. (Krig og millitærmakt).

8) Politi og rettsvesen: Vi treng at vi blir verna mot vald og kriminalitet. Hvis ikkje, er det stor sjanse for at mange tar lova i eigne hender.

9) Handelspartnarar og andre samarbeidspartnarar: Det er få som er sjølvforsynte. Difor er handel viktig. Då treng ein også nokon å handle med. Import og eksport er viktige ord i den samanhengen.
Andre samarbeidspartnarar kan vere f.eks. NATO. Det er eit samarbeid som skal fungere som ei skjerming mot fiendar som er villige til å gå til krig.

10) Kultur og sosialisering: Felles oppdragelse og erfaringer som gjer det lettare å tilpasse oss samfunnet. Felles verdier, menneskesyn, politikk og religion for å nemne nokre. Ein lærer å vise repekt for desse for å unngå intern strid.

11) Politisk system: Vi treng ei form for styring. Styringa bør vere stabil. Styresmaktene er dei som i størst grad kan påsjå at dei punktane som er nemnt over blir fulgt opp.

Sukk.......... Det blei visst ei lang liste likevel. Alle desse punktene er ganske viktige for at ein skal kunne få eit bra levedyktig samfunn. Dersom fleire av punktene uteblir, er det stor sjanse for at det byggjer seg opp litt av kvart innanfor samfunnet.
Om vi går attende til til Romerriket, ser vi fort at mange av desse momenta ikkje var representert. Likeeins kan vi sjå til Inkariket. Sovjetunionen........ Den politiske styringa var vel ikkje heilt på stasjon. Levestandaren til mange var vel ikkje heilt god. Vi såg sjølv kva det førte til.

Tuvalu........ Kva er det som manglar der?? I dag er dei stort sett eit heilt greit levedyktig samfunn. Problema er dei eg nemnte tidlegare. Alle problema var knytta til geografiske forhold.
Så kan ein spørre seg: Kvifor??? Kvifor er bølgjene blitt større? Kvifor har tidevannet blitt sterkare? Vinden? osv...... Vi kan lett finne årsaka til at dei snart går under, men kva med årsaka TIL årsakene? Kor startar det heile?? Global oppvarming?? (Eg veit ikkje!!).

Det finnes andre samfunn som ikkje eksisterer lengre. Eit eksempel på det er den norrøne kulturen som døydde ut på Grønland. Då vikingane kom til Grønland, var det eit mildt klima. Etterkvart blei det kaldare og forholda for jordbruk blei vansklegare.
Kva då om dei hadde hatt betre kunnskapar på den tida? Kunne dei ha gjort betre val? Hadde dei hogd ned mindre skog om dei hadde visst kva konsekvenser den hurtige hogsten førte med seg? Trær veks saktare på Grønland enn f.eks. her til lands. Kunne dei ha tatt lærdom av inuittane sine fangstmetodar? Det er jo ei kjent sak at dei ikkje var vennlegsinna overfor kvarandre.

Nettopp Grønland er eit godt eksempel på å vise kan skje dersom samfunnets evne og vilje til omstilling i møtet med nye utfordringer er avgjerande for å overleve.
Noreg er eit anna eksempel. Korleis var Noreg for berre 200 år sidan? Det norske samfunnet har gått gjennom enorme endringar i løpet av denne tida. Samfunnutviklinga blir påverka av kor stor evne og vilje vi har tildei nødvendige endringane.

FN! FN har satt seg nokre tusenårsmål. Hør på denne...... Andelen mennesker som lever for mindre enn 1 US-dollar om dagen, skal halverast innan 2015. Det samme skal andelen som lider av sult. Kjempeflott!!! Slike visjonar er viktige! 2015?? I mitt hovud er det fire år til. I løpet av dei neste fire åra skal altså andelen halverast. Kanskje tar eg feil, men det noverande talet er vel rimeleg høgt ute i verda..?! Lite trur eg på at målet vil bli nådd. Lite trur eg det samme om ein utvidar tidsperspektivet.
Om alle samfunn kjem seg på fote, vil det gå ut over industrilanda (som i utgangspunktet har mykje makt over dei fattige). Eg trur aldri vi vilfå ei verd utan sult og elende. Likevel......det er flott med visjonar og ønske om ei betre verd. Kor ville vi stått om ingen prøvde?

Innen 2015 skal alle forskjeller mellom jenter og gutter vere borte innan skulesystemet (og utdanningssystemet). Med tanke på kva vi veit om enkelte land, er dette ein lang veg å gå. Det tar neppe berre fire år å komme i mål med det.
FN's handlekraft har ikkje vore enorm i alle saker. Eg tviler på at dei no set inn eit nådestøt overfor dei landa som ikkje har det slik FN ønsker.

Vi lever heldigvis i eit demokratisk og levedyktig samfunn. Vi har vore heldige. Geografien er ok, naturressursane, teknologien, kunnskapen, velferda, infrastrukturen, rettsvesenet, handelspartnarar og eit politisk system. Vi har det meste. Så er det om å hindre at landet på sikt ikkje blir korrupt (sjølv om det ganske sikkert er korrupsjon her i landet også). Korrupsjon kan på sikt vere med å øydelegge heile samfunnet.

Ære vere dei som har stått bak og sørga for at vi er kommet dit vi er i dag. Vårt samfunn vil nok bestå.... Det er verre med andre.
Sjå berre til Libya!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar