tirsdag 8. februar 2011

Tysdag 8.februar.

ÆÆÆÆsj!!!! Mus i sesamfrøpakke...... Sukk! Skulle ønske eg ikkje rakk noko som helst av nyheitene i dag. Sjølvsagt måtte eg få med meg det som blei sagt om ei som skulle bake knekkebrød. Ho fekk seg verkeleg ei overrasking då ho opna ein pakke med sesamfrø. Ei daud mus!!! Rett og slett æsj..... Eg hadde store planar om å lage knekkebrød sjølv før eg legg meg. Akkurat no er DET berre å gløyme. Det er sjølvsagt ikkje mus i min pakke, men berre tanken på det gjer at blir kvalm. Korleis går det an?? Håper det er ute av tankane mine i morgon.

Dagen i dag har vore ganske bra. Etter ein ganske så effektiv dag på arbeid, var det deilig å kome heim til middag ferdig til servering. Veldig snilt, då:=) Tysdagane er ganske lange.
Desserten blei syskenbornet mitt som ringte og sa ho kanskje skal flytta til Bodø i juli. Ho ville spørre om Bodø er ein bra by å bu i. Klart eg sa ja!! ÅÅÅhh, det vil bli så koseleg om ho kjem. Det er ikkje så mange vestlendingar her....... Då ho var lita, var det nesten som om ho var lillesøstera mi. Håper berre ho takkar ja til jobben der:=)

Ellers så har eg fått eit veldig fint pynta ark av sonen min. På arket står det så fint "Jei elsker dei for alti". Sukk......Om ikkje eit moderhjarte smeltar av slikt, så veit ikkje eg.

Høgdepunktet er sjølvsagt øvinga. Sjølv om det aldri tok heilt av i dag, er det alltid gøy å øve. Lurer på om det var ailien (små grønne menn) som hadde invadert parkeringsplassen utanfor øvingslokalet.

- 4 grader er visstnok kaldare enn eg kan forestille meg. Eg var ein tur hos pappa for å tenne eit lys etter øvinga. Eg skulle ikkje klare å røyre på fingrane mine etter få sekunder. Ikkje hjalp det på at ein måtte vasse i snø for å kome seg heilt fram til grava heller.
Det såg ut som om det skal vere gravferdsel der den næraste framtida. Det som forundrar meg, er at dei ikkje tar meir hensyn til dei gravene som allereie er der. Det er eit bra område som blir brøyta for å lage ei ny grav. Sist gong det var brøyta, var det berre millimetrar om å gjere at dei ikkje hadde vore borti ei av gravstøttene. Det er nok ikkje langt unna denne gongen heller. Det var ikkje langt unna at eg sparka eit kors. Eg såg det akkurat i siste liten. Dei har sjølvsagt brøyta nesten heilt inntil det, og med dei høge snøkantane rundt....... Eg følte det ganske respektlaust å gå rett over hovudet på ei framand grav, men det var absolutt ikkje meiniga. Eg er sikker på at dei kunne gjort eit mykje betre arbeid!! Eg skjønner ikkje heilt vitsen med å brøyte dei gravene som allereie er der. Ein må då ha litt respekt for dei som ligg der. Hadde eg visst kven det er som har brøyta, skulle eg sagt ifrå kva eg meiner.
Jaja........ Ingen av gravene som blir berørt tilhøyrer vår famile, så då treng eg vel heller ikkje å bry tankane mine med det. Berre så synd at eg faktisk ikkje klarer å la vere å bry meg!

No har eg nettopp sett den beste episoden av "Frustrerte fruer" ever!! Det var sesongpremiere, og eg må innrømme at det er gøy at fruene er attende. Det er sjølvsagt ikkje det vi kan kalle for utviklande tv, men likevel........ Det er inspirerande å sjå på ein eller annan måte. Eg klarer ikkje heilt å definere på kva måte, men det gjer ein slags tilfredstillelse av å sjå det. Det er sikkert mange mannfolk som hafr det likeeins som dei i serien. Akkurat slik det skal vere!! Thihi.....

Nei, klokka sluttar ikkje å gå framover sjølv om eg sit her på dataen....... Ein god dag bør aller helst bli etterfulgt av ein annan god dag. Då er skjønnhetssvevnen viktig!! Ei trøtt og uopplagt Beathe ser ikkje særleg ut....:=) I morgon venter ein ny givande dag (forhåpentlegvis).... Håper det betyr at ski inkluderes! Det er sikkert fine forhold i lysløypa, og med ein som prøver å ta skimerket i gull i hus, er det berre å hive seg rundt.
Ha ei riktig så god natt. Det har eg tankt å ha!

Hasta luego:=)

I felt it when the sun came up this morning....
As always:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar