søndag 23. januar 2011

Seine laurdagskvelden....

Det er laurdags kveld og det er jaggu meg ikkje lenge før augene treng å kvile seg i nokre timar. I morgon er det sundag og med tankane om at eg skal ein tur på skulen for å arbeide friskt i minne, trur eg ikkje eg skal la det bli seine nattetimar før eg legg meg. Dagen har allereie vore meir enn lang nok. Det er lenge sidan sist eg har syntes at dagen går altfor sakte. Sannsynlegvis noko som feilar når ein syns at fridagane blir for lange. Kanskje det er mangelen på aktivitet inne i mitt ellers så kreative hovud som er problemet. Ikkje lett å seie:=)

Torsdags kveld kom eg heim frå arbeid litt over sju. Min kjære sønn hadde leita fram ei oppskrift på ei kake han hadde sterk tru på. Etter å ha lese oppskrifta, saumfarte han skapa for ingrediensar og fann fort ut at det var enkelte ting som mangla. Det ville han ikkje ha noko av, spesielt ikkje når han såg for seg at han skulle bake. Han leita seg to lapper....... Ein for det som eksisterte i skapa og ein for det som mangla.
Det første som møtte meg då eg kom heim, var ein gut som ba meg snu i døra........ Eg måtte jo skjønne at det var viktig å ta handlelappen hans og ta turen innom butikken! Han skulle jo bake!! Joda......... Baking er jo ok, men berre ikkje etter leggetid!
Snill som eg er, dro eg opp og handla det han trengte. Eg syntes jo eigentleg at det var litt komisk og "rørande" på sin måte at han hadde fått til alt dette. Berre så synd eg måtte skuffe han då eg kom heim. Noko kakebaking seint på kvelden blei ikkje aktuelt. Han blei djupt skuffa og eg måtte love han at han skulle få lov dagen etter. (Og eg lova........).

Fredagen kom og eg håpa eigentleg mest på at han hadde gløymt heile kaka. Uansett skulle vi på hytta for helga, og kanskje kunne vi "gløyme" ingrediensane heime??! Så lurt!!! Nope, det gjekk ikkje som venta, det.
Det er ikkje alle som er like når det kjem til vèret.... Eg er ikkje så vèravhengig av meg, men det var det to andre som var akkurat denne dagen. "Vi skal ikkje på hytta likevel, mamma". Iveren lyste i augene på han. Han hadde slett ikkje gløymt kaka, for rett etterpå fulgte han opp med "Det e faktisk ganske bra det, for då kan jo vi bak den kaka du veit". Tja......
Han baka ikkje kake den dagen...........
Mødre er vel ikkje dei beste å ha med å gjere om ein ikkje oppfører seg. Småkranglete som han var heile ettermiddagen, resulterte i at han måtte sjå skuffelsen i auget på nytt. (Mora får aldri dårleg samvit i slike saker!!! )

Laurdagen kom no eingong den også...... Trur kanskje første kommentaren som blei sagt på morgonen var " Kan vi gå på kjøkkenet og bak kaka nu?". Sukk.......Særleg oppløftandes take på morgonkvisten. Eg hadde vel lyst til alt anna enn akkurat det. Aller helst ville eg vel at det enno skulle vere midt på natta, slik at det berre var å tre dyna over seg og sove att. Den gong ei.....
Joda, kake skal bli...... Etter lange forhandlinger (det er rart kor god ein seksåring kan vere til å forhandle...Eg blir heilt svett!), blei vi einige om etterniddagsbaking. For eit mareritt!! For kvart femte minutt kom spørsmålet "Er det ettermiddag nu?". Eg holdt på å gå ut av mitt gode skinn. Han klarte ikkje å tenke på noko anna heile dagen.
For å slippe litt unna sneik eg meg til ein liten trimtur. Det har vel aldri vore så godt med "frisk" luft som då.
Det blei kake! Som vaksen må eg jo også skjønne at om ein baker kake, så må ein jo også invitere kakegjester! Han fekk viljen sin. Så etter at han blei ferdig med bakinga, leita han fram telefonen og inviterte til kake. Kaka blei god den:=)
Likevel.....eg håper det blir ei stund til neste gong han får samme innfall!!

Som seksåring skal ein ikkje tenke på at ein skal ta standpunkt til politiske saker. Ikkje veit eg kor han har høyrt om det, men han har i alle høve fått med seg Maria Amelie-saka på eit vis. Kvar einaste dag denne uka har han masa om kva utfallet av saka vil bli. Han har jo sjølvsagt tatt stilling til saka sjølv også. Maria må jo få bli! Noko anna er utenkeleg....... Ikkje berre har han gjort seg opp ei meining, men han blei faktisk ganske så sint på meg då eg sa at eg syns at ho bør bli sendt ut av landet. Det var ikkje måte på kor "trollåt" eg var. Tenk at eg kunne seie slikt!
Kva svarer ein barn i slike saker?? Eg blei litt rådlaus, men eg stod på mitt. Eg går ut ifrå at det er lærdom i det også......
Han har hatt litt vondt på hennar vegne etter at beskjeden om at ho må ut, kom. Eg satser på at det heile snart er gløymt:=)

Min haldning til saka er ganske klar. Aldri har eg vore så einig med Stoltenberg som i denne saka. Det er klart ho skal ut. Ho er eit ressursterk kvinne med utdanning. Ho vil kunne klare seg uansett kor ho hamnar i verda. Om ho skal få bli, ja då må dei jo la alle dei andre få bli også!??! Det må jo vere ei form for likskap for lova.
Eg må ærleg innrømma at eg har vore litt provosert av alle dei fakkeltoga som har versert rundt om i landet..... Kor var dei samme toga då sjuke born blei sendt ut av landet? Kor var dei då ein av foreldra måtte reise frå dei små borna sine? Svake mennesker som ikkje har samme sjanse til å klare seg i denne verda som Maria. Kor er logikken??
Nei, sann mine ord......Hadde dei gjeve etter i denne saka, vil eg påstå at demokratiet hadde stått for fall!! Det gjer det eigentleg uansett, men det ville ha blitt så mykje tydlegare om utfallet av denne saka hadde blitt annleis.

Lever vi i eit demokratisk land?? Ja, vi gjer vel eigentleg det. Likevel vil eg påstå at det er feil å seie at vi gjer det. Kva er eigentleg eit demokrati?? Eg har då vitterleg lært meg det ordet for eit hav av år sidan, men eg byrjer å tvile på at eg eigentleg veit kva det betyr. I alle høve om det er slik rettstaten Noreg blir driven.
No drar eg det ganske langt ut på kanten, men eg meiner eg kan stå for det.
Det fins nok av eksempler å ta av. Berre for å nemne eitt. Hardangersaka. (Straum). I eit demokratisk land velgjer vi kven vi vil ha til å styre landet. Her i landet fungerer det slik at om vi ikkje er einige i det dei folkevalgte gjer, så går vi i fakkeltog og protesterer høylytt heilt til målet er oppnådd. Målet?? Ja, det er å få regjeringa til å snu.
Kven er det då som har makta?? Når regjeringa ikkje er tøff nok til å stå for det dei vil....... Då kan ein trygt seie at matforholdet har flytta på seg.
Eg har berre nemnt ei sak. Slike saker har det vore mange av dei siste åra. Politikarane blir pressa av vegen og må vurdere saker på ny og på ny.
Uansett sak, så vil det alltid vere nokon som er ueinig. Skal den nye trenden no bli at dei som er usamde skal protestere høylytt i alle saker? Det blir i alle høve fleire og fleire av dei. Det er sikkert og visst.
Nei, om vi skal fortsette å vere eit demokratisk land, må vi skjerpe oss. Vi må la politikarane få styre. Det er viktig at dette ikkje får skli ut. Difor må eg seie eg er glad dei ikkje velgjer å la Maria Amelie bli. (Sjølv om ho sannsynlegvis er attende i landet ganske så snart). Det viser at vi har ei rettskraftig lov. Så får heller diskusjonen om loven bør endres tas. Ho er ingen trussel for landet og det fins mange bra argumenter som taler hennar sak......men ho er her på ulovleg grunnlag! Ja til henne måtte ha betydd ja til alle.
Så får heller dei som støttar ho meine at eg er ein "kald fisk".

You will keep me warm
You will keep me close
I'll sleep in your embrase at last.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar