søndag 9. januar 2011

Sjalusi......(Kva er det???)

Som eg skreiv i går, skal eg "analysere" den litte KK-reportasjen om sjalusi. Må jo halde ord!
Lett sjalusi, valdsam sjalusi, ingen sjalusi........Eg veit ikkje kva som er det beste. (Joda, eg veit det).
Enkelte mennesker syns det er irriterande med sjalu partnar, medan andre att rett og slett digger det. Eg skjønner ikkje heilt den siste gruppa, men sånn er det vel berre. Ein snakkar litt for lenge med ein annan (snakkar!!).... DET blikket. Joda, det må jo vere irriterande å bli iaugeteken på den måten. Ein må jo kunne snakke med kven ein vil. Eller?? Talking is dangerous....... KK hevdar at dei som påstår at dei er 100% sjalusifri lyg! Så det så. Då er det sagt. Ingen kan no lengre komme til meg og påstå dei ikkje er sjalu:=) "Ingen" må visst innebere meg sjølv også. Kult!

Sjalusi aukar sexlysta....... Wow. Eg trur eg må leggje opp til krangel kvar gong han pratar med eit kvinnfolk, eller OM eit kvinnfolk. Høyres ikkje det ut som ein god plan?? Tru kor mange kaloriar ein då ville forbrent? Verdt å vurdere!!

Enkelte syns det er macho at mannen er sjalu. Jada, kjempe........ Fins ikkje noko meir mandig. Hallo? Macho er vel ikkje rette ordet. Er ikkje sjalusi eit anna ord for usikkerheit?? Det trudde i alle høve eg. Kva har vel då macho med det å gjere? Nei, ser ikkje det poenget her i garden.

Det skiljast sjølvsagt mellom lett og destruktiv sjalusi. (Logisk nok). Den destruktive delen må sjølvsagt knyttast opp til sjølvbiletet sitt. Det er grenser for kor lenge ein held ut med ein som er så sjalu at det blir destrukivt. Ein slik oppførsel kan aldri bli positiv. Terapi!!! Ja, gå i terapi. For all del. Eg trur ikkje terapi åleine vil kurere slikt. Samlivsproblem kanskje, men ikkje sjalusi. Ein får sjølvsagt satt ord på ting, men eg trur nesten sjalusi må vere noko som er medfødt og det er vanskeleg å måtte endre personlegdom.
Eg trur sjølv at sterk sjalusi åleine vil sørge forr at dei reelle følelsane rett og slett blir borte til slutt. Den som er sjalu vil på sikt ikkje få behalde kjærleiken til den andre. (Forståeleg nok).

Kor stort spring har vi innanfor sjalusi idag?? Tja.....Alt frå eit lite stikk til eit sjalusidrap? Ja, det skjer. Heilt uforståeleg, men det skjer. (Ei gal verd). Sjalusi er forsvarsmekanisme på høgt plan! Kva betyr det? (Sett i samanheng med sjalusidrap). Kva forsvarsmekanisme er det som set igong når du drep eksen din laaaang tid etter at forholdet er slutt. Det må jo heller vere noko som er galt med dei små grå (dersom dei eksisterer). Forsvar?? Psykologane skal ha det til å høyres så flott ut.

Det store spørsmålet dei stiller er: "Tør du vere sjalu?" For ei utfordring!! Er det noko å tørre? Eit viktig moment under dette er blant anna at ein ikkje skal vere eiesjuk. Ordrett står det "Husk at mannen, smabuaren eller kjæresten faktisk berre er på utlån, han er ikkje ein eigendel". Ops....Kanskje noko for oss kvinnfolk å tenke på når vi hausar han rundt om kring til vår eiga føremon. Det er vel det vi gjer?? Dei gongane mannen får betsemme, er jo aller helst for at vi lar han tro at han bestemmer. (Vi utelet berre å seie at vi eigentleg vil det samme). Det handlar jo i stor grad om å vere utspekulert.
Så ifølge psykologane må vi vere forsiktig om vi ønsker å fortsatt ha våre bedre "halvdeler".
MEN!!!!!! Om det er slik at dei berre er til utlån........ Kvifor kan det då ikkje vere slik som med bøker (bibliotek). Tenk kor fint det kunne vore om vi berre låner dei og når vi har lært dei nok å kjenne, så kunne vi bytte dei inn i nye!!?!! Glimrande metode, hæ? Om det er ei kjedeleg veke, ja, då er det berre å finne ein meir spanande mann (fram til det er noko anna som lokkar). Thihi..... Eg koser meg med tanken! Eg trur eg skal ta patent på den idèen:=)

Det står "Mange kan ha positive fantasiar om at kjæresten ligger med andre". Gje deg sjølv lov til å ha slike fantasiar". Jeeeses..... Eg trudde det var meir slik at ein hadde fantasier om seg sjølv og andre. Ikkje partneren og andre. Kanskje eg burde prøve det?? Verdt eit forsøk?? Eg klarar ikkje heilt å sjå det for meg. Stakkars....Han vil vel bli superstressa om eg kjem og seier at eg draumer om han og andre.
"Om du har vener av andre kjønn, er det lurt å inkludere kjæresten i dette samveret". Nope....... Ikkje aktuelt! Ein må vel kunne få lov til å ha vener på eigenhand. Kvifor skal ein kun vere saman med dei den andre parten er ilag med? Nei, det er viktig å kunne ha noko for seg sjølv også.

Reportasjen i bladet er rimeleg kort (i mange betydninger). Kort og blond (ops, ikkje meint som provokasjon til lyshåra og fagre jenter). Berre mangel på betre ord:=) Det er grenser for kor mykje det er plass å ta med på den sida og difor endar den opp nokså mangelfull. Ikkje så god journalistikk med andre ord.
Temaet er sjalusi og eg trur det får vere opp til kvar enkelt å avgjere sjølv om det er macho med sjalusi partnar eller ikkje, eller om det kan vere digg at den eine er sjalu og at det piffar opp sexlivet.

Sjalusi ligg nok latent i dei fleste, men det må ikkje gå så langt at det øydelegg. Om sjalusien er sterkt tilstades, er det nok best å vere åleine. Eg vil tru det gjer noko med psyken til den som ikkje får tillitt hos den andre. Om ein heile tida må forhalde seg til slikt, vil eg tru ein blir ganske nedtrykt. For ikkje å snakke om at mange kuttar ut fleire av venene sine berre av di dei er redde for sjalusien til den andre. Då kan ein jo ikkje vere seg sjølv, noko som kanskje er det vikigaste her i livet. Sjansen til å vere den du er.......... (Med alle feil og manglar, for det har vi alle).

Eg er den eg er for det meste. Er ikkje det godt nok, neivel......då må eg få gå:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar