tirsdag 2. august 2011

Fjærmakk er fasinerande!!

Det er måndag og ei ny uke er i gong for fullt. Vel, alt er relativt. For fullt kan i mange samanhengar tolkast som litt stressande...... Det er alt anna enn det eg legg i det i dag. Vi drog heim i går ettermiddag av di det er ein som måtte opp klokka seks og kome seg på arbeid i dag. Stakkars! Hehe.... Det betyr ikkje at eg må sitje heime og la det gro mose på kroppen min av den grunn. Nei. då er det betre å finne på noko på eigenhand. Eg er godt igong:=)
I dag pakka eg bilen og drog attende hit på hytta. Det er betre mose her enn heime, så om det gror mose på meg her, ja, då overleve eg vel det!
Det har vore upåklageleg og deileg i ettermiddag. I dette vèret er det ikkje heilt lovleg å sløve på sofaen. Difor har eg tusla rundt i fjæra (langfjæra!!!) og sett på fjærmakk! Jepp, det var faktisk ganske gjevande...... Tru det eller ei. Eg har fått meg ny hobby. Fins det studier som omhandlar fjærmakken?
Eg lurte valdsamt på ein ting medan eg gjekk der og spankulerte. Har fjærmakken ei eller annan form for vit? Dei lagar jo slike haugar som liknar på alt i denne verda. I dag såg eg fjærmakk som var hjarteforma, sol med stråler, blekksprut, hus (nesten), tre osv.....berre for å nemne noko. Sjølv om vi har bekka over til august, er ikkje alt heilt på stasjon enno, så det er dei eksempla eg hugsar blant mange.
Stakkars små fjærmakkar som blei trampa sønder og saman der eg hoppa frå "tue" til "tue" av di egoismen min var større enn omtanken for dei søte små makkane. Eg kunne jo ikkje bli våt på føtene mine.
Nei, nei, nei........eg skal ikkje overdrive. Fjærmakk er ikkje søte og små skapningar i mitt hovud. Det tok berre litt av her. Sorry!! Thihihihi...... Eg må no le litt av meg sjølv. Du kan tru eg har evna til å ha det gøy sjølv om eg sit her heilt åleine. Om det er normalt er ei heilt anna sak:=)

Først fjærmakkstudie og så Harry Hole, ein myggspiral og flott veranda. Oh, my God, hundre gonger betre enn å sitje foran tv-skjermen heime. Eg trur eg held meg her ute denne uka. Opp og avgjort i dette sekund:=)
Akkurat no nyt eg berre det at det er heilt stille. Ingen kakofoni frå hverken bilar eller andre rare dyr. Rett og slett heilt stille.
Harry Hole har fått seg ein liten pause, men han blir nok med meg i senga ein tur etterkvart. Håper berre det ikkje blir slik som natt til sundag. Plutseleg var klokka nærare fem. Eg får styre tida med streng hand. Maks ein time med han Harry.

Hmm.......Kakofoni og kakofoni....... Om eg ikkje tar heilt feil no, høyrer eg duren av eit helikopter. Kven er det no som treng hjelp? Dei siste dagane har ambulansehelikopter flydd rett over oss her ute. Då meiner eg også rett over oss. Det har nesten vore sånn at tretoppane har vaia i vinden av helikoteret. Eg må ærleg innrømma at eg blir litt nervøs av slikt. Og så er det så lett å byrje med å spekulere i kvar det er på veg hen. Sist gong tippa vi Tysnes og det er veldig nært her. Om det stemte veit vi ingenting om. Ikkje har eg så lyst å vite det heller.
Eg tar ikkje turen i vindauget no, så får eg håpe at det ikkje er eit slikt helikopter som er ute i kveld.

At det nærmar seg haust er lett å sjå. Heile sommaren har det vore lyst ute. I kveld (no) er det ikkje akkurat lyst ute. Det er ikkje problem å sjå trærne eller anna ute, men det er merkbart mørkare. I tillegg høyres det godt om det er eit eller anna dyr som går og dultar borti hytteveggen. Akkurat som det nett gjorde. Det er lett og tru det er andre lyder ein høyrer når hovudet er fylt opp med kriminalroman. Eg har ikkje tenkt å gå i den fella.=) Det beste er å vere realistisk. Spesielt når det ikkje er andre vaksne her akkurat no.

Jaja...... Klokka er halv to og sidan eg kanskje innvilgar meg ein time saman med Harry Hole, så er det kanskje på tide å ta til vitet og krype under dyna. Ei vinterdyne, vel og merke!! Superteit. Vi har flust med dyner her på hytta og likevel presterer eg å liggje med ei vinterdyne heile sommaren. Som sagt manglar det av og til noko der oppi skrotten. Det er berre slik det er. Det blir vel heller ikkje noko betring med åra!?!
Som sagt, det er på tide å ta kveld. Så no førebur eg meg sakte men sikkert på at han Jon Blund kjem på besøk snart og gjer augelokka tunge. Det er rart med det. Han blir aldri lei av det, og kjem kveld etter kveld. For ein triveleg jobb han har. Han har vel sett mange gufsne andlet i si tid. Får håpe at mitt ikkje er av dei verste:=)
Natta!! Sov godt:=)

Hasta luego!

You're still the one......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar