torsdag 18. august 2011

Jada....

Sidan Harry har tatt ut skilsmisse med meg, så sviktar eg Jo Nesbø frå denne stund. Eg har allereie funne ein arvtakar. Snille frøken Bremnes har nemleg tipsa meg om han Jussi Adler-Olsen........så no skal han til pers i haust. Eg håpar tipset hennar er bra:=) Bergenserar kan jo av og til vere rare dyr, men denne skjønne jomfrua har aldri vore rar!

Det store skulle skje i dag på stordoen til Vardehorn. Ei viss knette skulle til pers, men heldig for ho at Jomfru Knutsen gløymte att reiskapen heime. No tenker vel du ditt, men du tenker feil ditt svin!! Thihihi..... Vardehorn gjekk som avtalt og vi var begge tilstades. No skal vi med ferga i morgon tidleg også, så kanskje eg slår til då. Stakkars lille høne!!
For ikkje å forvirre deg fullstendig, så endar eg det heile her........ Vi er litt skrudd i hovudet, men ellers heilt normal!

Akkurat no føle eg meg litt i koma. Det er ikkje berre, berre å sitje på ein stol og bli forelest for ein heil arbeidsdag. Det tar nok nokre dagar før ein er komen heilt inn i den nye dagsrytmen. Eg, "stakkars", har jo levd DET slaraffenlivet heilet sommaren og har vel ikkje vore oppe før ni meir enn maks to gonger. Klokka ni var for at det ikkje skulle høyrest så veldig ille ut. Klokka ti er vel meir korrekt!! (+++).
Av ein eller annan grunn klarte eg å vere på ferga eit heilt kvarter før ho skulle gå i morges. Då hadde eg til og med innatt ein større frukost og tatt livet ganske med ro. Kanskje eg har tenkt å byrje ein ny livsstil? Normalt ville eg ha vore der 5 min før tida, akkurat slik at eg ikkje skal føle at eg er i siste liten, sjølv om det er det eg eigentleg i realiteten er.  Jaja......Hvis det inneberer at eg ikkje blir i koma kvar gong, så kan det jo vere noko å trakte etter (det å vere ute i god tid). Hahahahahaha.....Eg lurar på kor lenge denne haldninga varer!?! Eg gjer meg maks tre uker (og då har eg verkeleg vore generaus av meg!).

I morgon er det no helg etter endt arbeidsdag, så det blir deileg!! Det blir også deileg å vere heime ei helg. I sommar har eg kun vore heime ei einaste helg, blueshelga. Så no er det veldig greit å halde seg i ro her heime. Hytta freistar veldig, men den er sikkert superlei av oss no på ei stund:=)
Det får vere måte på kor artig ho syns det er at vi ligg der og sleng på verandaen og ikkje løftar ein einaste finger forutan når det er mattid. Om eg ikkje tar mykje feil, har vi nok grilla i alle fall over 30 gonger i sommar. Bakt potet dag etter dag har satt sine spor. Like greit at det går nokre uker no til neste gong.

Eg kjenner det godt på meg at det har vore øvingsfri i sommar. Det verker i meg etter å få spele. Det er rett og slett usunt for kropp og sjel å ikkje følgje opp slikt. Det har berre vore eit par halvhjarta forsøk for meg sjølv her heime i stova. Eg veit kva eg saknar!

Ops..... no hende det plutseleg noko som gjer meg så glad som eg "aldri" har vore på leeeenge!! Det brusar av jubel i magen min, så herved er denne dagen på dataen avslutta!!!!!!!! Sorry.........:=) O lykke!!!!!

Hasta luego:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar