mandag 22. august 2011

Måndag 22.august.

Har svetta til den store gullmedaljen i dag!! Gjett om! Det har vore dugnad ved Elvedalen i dag. Det var mykje skog som måtte "skogast ned". Vi var bra mange som deltok og vi tok fatt med godt mot. Etterkvart byrja det å regne noko grasalt. Akkurat det var ikkje like "gøy" Etterkvart var det ikkje lett å seie om det var regn eller svette ein kjente nedover ryggsøyla........... Det var heilt sikkert ei salig blanding. :=) I og med at vi var såpass mange som holdt på, kom vi bra langt på veg.
 I tillegg må eg jo kommentere kor deileg det var når det regna og alt det der fine "stasjet" ein må ha i håret når ein har klipt seg kort, rann ned i augene. Det var nok ikkje heilt behageleg det, nei. Akkurat då hadde ikkje den der frisørsaksa den høgaste statusen hos meg. (Det gjekk fort over, då).

Eg kom heim etter arbeid og hadde hundre ting eg ville gjere. Det første spørsmålet eg fekk, var om eg skulle på dugnad i dag. Eg skjønna fort at eg ikkje blei å få gjort noko som helst. Eg hadde vel gløymt av heile dugnaden og så blei eg plutseleg tatt attende til røyndomen.
Minstemann jobba godt han også. Det resulterte i klær som var like tilgrisa som ein paringssjuk gris i bingen. Ehh.....kanskje ein gris ikkje rullar så mykje rundt om han er paringssjuk???? Jaja, eg kom ikkje på noko betre.
Små born har litt meir energi i kroppen enn vaksne. (I alle høve dei fleste). På tur heim sa han plutseleg "Første mann heim" og satte avgarde. Eg hadde då verkeleg ingen planar om å springe heile vegen heim. I det augneblinket var eg lykkeleg og glad for at han ikkje hadde med seg sin eigen husnøkkel. Han var borte fortare enn ein fekk sukk for seg, og eg tør ikkje tenke på korleis stova hadde sett ut om han hadde gått inn. Med mindre eg har ein så smart gut som automatisk tar av seg dei skitne kleda på trappa og går inn og tappar i badekaret på eigenhand (utan å vise seg i stova). Nei......SÅ smart er han nok ikkje. Då ville mora hatt alt for få bekymringer, så det er kanskje like greit.
Han konstaterte berre at den kjempefine Bodø/Glimt-hettegenseren no ikkje lenger var den finaste men styggaste genseren han har. Det er godt vi har vaskemaskin.....

Etter å fått i han litt kvelds, bar det rett til sengs. Eg skulle sjølvsagt lese litt for han før eg skulle starte opp med i alle høve nokre av planane eg hadde sett for meg. Joda........ Det er eigentleg ikkje så avansert å få slikt til (så lenge ein ikkje heiter Beathe Susan!!). Om tida gjekk bort til dugnad, så forsvann ho no også. Smarte Jomfru Knutsen klarte å sovne av i senga og det lenge før "glunten" sjølv gjorde det. No legg han seg forholdsvis tidleg og eg vakna rundt halv ni........ Say no more!! Eg trur eg må ha vore borte ei bra stund, ja. Så då blei valget enkelt. Det er ikkje meininga at eg skal få gjort noko i dag og då lar eg heller vere. Nei, ei flaske vann og ein datamaskin får heller gjere nytten i kveld.
Ikkje det at eg trur at datamaskinen veks seg større av litt vann. Sånn om du lurar på kva ei vannflaske og ein datamaskin har med kvarandre å gjere....Eg har i allefall ikkje tenkt å prøve å finne ut nett det. Sorry.
Eg kan jo komme med innrømmelsen om at eg allereie har fora den med stearin. Det gjekk heilt fint det! Litt stearin mellom tastane gjer det heile litt meir .......tja.......eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det. Uansett, eg sit ikkje lenger under ein haug med stearinlys og skriv lengre. Jada, jada......Eg kan faktisk lære noko eg også:=)

Eg skulle eigentleg innom her og skrive her i går kveld. Det er kanskje like greit at eg ikkje gjorde det. Då ville eg berre skrive om at kvinnelist og "kvinnefornuft"  fortsatt fungerer så mykje betre enn løysningsorienterte(?) menn. Neida, eg hoverer ikkje!! (Joda. men ikkje sei det bort).
Vi skulle ha opp eit klesskap. Som kvinne skjønna eg jo fort at det aldri kom til å gå på noko som helst anna måte enn å skru det frå kvarandre. Sjølv ikkje å bære det ut nede og ta det rundt huset ville fungert. Når det er to som skal sørge for å få eit skap opp, ja, då kan ikkje den andre (spesielt ikkje viss det er ein mann) vere einig med denne fornuftige kvinna. Sånn er det berre. "Joda, i må bare gjær litt sånn her og litt sånn dær og så går det heilt fint". No er eg usikker på om det var ytringer som gav grobunn for sikkerheit hos han sjølv, eller om det berre var av di eg meinte noko anna. Eg skal i alle høve ikkje gni det inn, men EG FEKK RETT!!! Juhuuuuuu......... Skapet måtte opp i mindre delar.
Som sagt.....Det var like greit at eg ikkje var innom her i går kveld, for då ville eg ha nemnt akkurat dette, og fått fram poenget med at kvinnfolk som regel er meir løysningsorienterte enn menn. Sorry, mannfolk, det er berre slik det er. Eg skreiv det ikkje, så då forblir det ein strengt bevart hemmelegheit.
(Eg har ikkje heilt skjønna det med at eg faktisk nettopp har avslørt det). Kvinnelist..........
La meg for all del poengtere at hormonane aldri byrja å løpe avgarde under prosessen. Eg flirte no berre litt og forstod at fornuften uansett måtte seire. Det gjorde den......når skapet var halvvegs oppe i trappa og det nesten var like vanskeleg å ta det ned att som å skulle få det heilt opp! Slå den:=) Thihihii...... Litt humoristisk om eg må få seie det.

Eg tok meg berre ein liten pause no nettopp....... Har sotte og lest litt om rødming, av alle ting. Ikkje av di eg er så opptatt av rødming. Eg trur ikkje eg nokon gong har vore så beskjeden at rødming har vore noko problem. MEN så skal det vel også vere sagt at hukommelse ofte er eit begrep som kan spele dei aller fleste eit eller anna lite puss, så det kan likesågodt hende at eg rett og slett lyg for deg no. Då er det i allefall i beste meining. (Eg må jo sikre meg mot eventuelle kommentarar frå barndomsvener som kanskje får med seg det eg skriv her........) Hehe...
Uansett, rødming!

Eg går ut ifrå at dei aller fleste veit kva rødming betyr. Likevel, det fins sikkert dei som er heilt blank på det også. Det skuldast i alle høve at blodkara i huden på brystet og i andletet utvidar seg når vi har sterke følelsar, særleg skam, sinne eller seksuell opphisselse. OK! Eg visste jo eigentleg alt det der, men eg må ærleg innrømme at dei fleste tilfella av rødming som eg har sett, har vore born på veg inn i puberteten og blir raud berre rette guten ser på dei. Eg trur ikkje det kan klasifiserast som seksuell opphisselse!??! At enkelte blir heilt raud av sinne, ja det har ein jo sett mange gonger. Eg har berre ikkje tenkt på det som rødming.
Eg kan til dels skjønne at enkelte syns at desse "synlege" følelsane kan vere plagsomme innimellom. Ofte vil ein vel aller helst halde dei skjult. Ergo gjer kroppen det motsatte av det vi vil. Sukk....Den var djup.

Vi kan velgje å sjå på rødming som ein funskjon som gjer oss alle ein teneste. Det kan faktisk vere positivt. Om ein person rødmer av di han lyg eller skjuler noko, vil det vere til fellesskapets beste om vi skjønner at noko er galt. Han som rødmer mislukkast..... Det vil kanskje gjere at han ikkje lyg fleire gonger? Kva veit vel eg?
Det seies også at det er ein føremon at ein rødmer når ein er kåt. Det gjer at andre skjønner at det kan vere ein sjanse til å pare seg med deg. Hmm......Kanskje akkurat den biten burde testast ut?!! No brukar ikkje eg å sjå meg i speilet kvar gong eg blir kåt, så om eg blir raud eller ikkje skal vere usagt. Eg ser det ikkje heilt for meg, men kven veit?? Det hender vel at ein føler seg varm i kinna. Er det det same? Sikkert.....
Rødming i forhold til sinne kan vere greit. Då skjønner andre at ein bør halde seg unna.

Sidan det er så mange som slit med rødming, skal eg gje same rådet som artikkelen..... ((Gudane skal vite at det blir formulert litt annleis enn eg vel å tolke det, men "skit au").  Mange rødmer av di dei blir flau, og om det er tilfellet, så er rådet enkelt og greit. Slutt å vere flau!! Det er vel no ordtaket "lettare sagt enn gjort" kjem til sin fulle rett!?! Det er likevel noko i det. Folk må tore å stå for det dei føler. Då blir ein som regel mindre redd for at andre skal gjennomskue det. Då bryr ein seg også mindre om at ein rødmer.
Men kva veit vel eigentleg eg om rødming?? Sannsynlegvis ikkje meir enn Peder Kjøs som gjer sine gode råd og tips om sex og samliv i vårt alles så kjære KK.

Merkeleg........Så fort tida går. Det er jo blitt seine kvelden. Stakkars deg!! Om eg ikkje tar heilt feil no, har eg vel skrive side opp og ned med berre tull og her sit du og les det utan å ha gjeve opp for lengst. Takk for det!! Då er det ikkje berre eg som er sprø i denne verda:=) Hehehe.......
No tar eg kveld. Så nattinatt og sov godt!

Hasta luego.

I need you to be here and love me tonight.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar