søndag 28. august 2011

Jada:=)

Det er sundag, men det er likevel naturleg at eg startar med fredagskveld. Fredag kl.16.00 legg Vardehorn frå kai. Vi skulle på hytta. Eg hadde vore lunken til det heile uka (rart med tanke på at eg er den som brukar å ivre etter det), men fredagen byrja eg ikevel å sjå fram til det. Regnet ausa ned, men vèret er ikkje det som bør leggje noko dempar på slikt.

Etter å ha sluppe av ein blindpassasjer på Storjord, bar det rett på hytta. Lykken var stor då eg oppdaga at det stort sett var regnfritt i Herøyvika. Enn så lenge....... Gleden var kortvarig!! Like etterpå ausa det ikkje ned, men det AUSA!!! Mildt sagt. Regnet hamra hardt i bakken  og ulykkeleg blei eg av at eg ikkje klarte å ta noko bra bilete av det heile. Steffen blei berre mållaus då han såg ut. Det blei ingen hull i bakken......:=)

Trass dårleg vèr har eg fått gjort bra mykje. Eg har mala til den store gullmedaljen og ordna litt plenmessig ute. Romanmessig har eg gjort lite. Når romanen ligg att heime på sengekanten, får ein berre ha det så godt. Bra at det blei kjøpt inn kryssord i det minste.

Laurdagskvelden skulle hyttenaboane kome ein tur til oss. Stakkars naboar! Eg var så trøytt at eg var nøydt å legge meg nedpå ei stund tidleg på kvelden. Eg skulle bli vekt ein halvtime seinare. Joda....... Det skjedde jo. Eg vakna rundt halv ti og lurte veldig på om dei hadde det så gøy at dei ikkje hadde tenkt å innvie meg i selskapet. Eg tusla ut av senga og der, i sofaen i stova, låg det ein kar og sov så godt. Trur du ikkje han hadde slukna av...... Ikkje rart at eg ikkje blei vekt. Naboane?? Dei hadde vore innom, men då dei såg at han låg der og sov, gjekk dei heim att. Litt av eit vertskap, hæ???!! Jada:=)

I dag, på hytta, tok eg fram kornetten og øva litt. Var ein tur på nettet og skreiv "Amasjørtrening" som status. Tankane mine sa "Kva får folk ut av det??". Rett fekk eg riktignok....." Beathe, hva driver du egentlig på med nå??" "Det lurer æ åssa på!!" Hihihi...... Veit ikkje heilt kva dei såg for seg, men eg skriev berre at eg måtte trene opp leppene til svar..... (For det hjalp jo på...) "Du gjer no mykje rart".... HHAHAHA...... Treigingar!!! Då eg skreiv kva det gjaldt, stod det plutseleg "Det skjønna æ jo!". Særleg...........

No er eg no i alle høve heime. Eg som er edru 356 dagar i året, har satt fram jordbærdram (nam) og koser meg storveis. Berre eg ikkje koser meg for mykje.
Sånn sett er det rart at eg ikkje tøyer bloggen min enno lenger no når cellene har delvis pause frå kvardagen. (Dram nummer to er halvvegs borte). Kanskje eg byrjer å bli for gammel??! (Det skreiv eg ikkje!).  Eller det kan vere at eg syns alt er så bra i denne verda at eg berre skal vere snill. Jaha......Det kan sjå ut som om det byrjer å slå ut likevel. Merker det på det tullet som blir skriven no!! Jaddddda.....

På tv'n  er det fotball, fotball, fotball og atter fotball. Det vil seie "Tippeligaen". Litt frå kvar kamp. Eg har fått med meg at Tromsø spelte uavgjort mot Brann, men det var vel ikkje i dag???? Eehhh, no blei eg litt usikker. Det halve auget som har fult med (eller ikkje)) kan jo ikkje vere på stasjon heile tida!?! Eg er jo ikkje akkurat "Superwoman" heller..........Give me some credit!! Jaja, jakkene dei viser i reklamen etter sending er jo riktig så fine. Litt får eg med meg.
(Og dei bare overkroppane med sixpakk!!) Nei, den parantesen var berre tull..... Eg såg lekre overkroppar, men ikkje det at eg såg for meg noko som helst:=) Kva reklame det var, veit vel ikkje eg. Eg ser jo ikkje noko særleg på tv (ifølge meg sjølv).
Det einsate som har fanga interessa mi må vere ho "Irene". Ho er ikkje mykje snill som gjer så stor skade. Det berre dagar før vi har to som skal til Long Island. Enno godt dei er her i landet framleis. Dei har flyavgang i morgon frå Gardermoen. Det spørs om dei kjem seg avgarde....... Stormen har stilna litt, så det ser ikkje heilt mørkt ut. "Irene" er snart historie og det er snart denne kvelden også. Det er på tide å finne senga. Det kan vere ein føremon å kome utkvilt på arbeid. Eg skal på "date" med smukkasen i romanboka mi.

Med tankane mine på stader dei kanskje ikkje burde vere, seier eg hasta luego! :=)

I believe in loving, my oh my......

I wanna hold my dear...forever and ever.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar