torsdag 25. august 2011

Æææææhhh løk!!

Eg har då vitterleg kutta mine lauk (uff, for eit fælt ord....eg brukar heller løk!) opp gjennom tidene. Pappapizza har det gått eindel av då han hadde kroa og det er håplaust å anslå kor mange løk som gjekk med. Eg har likeså vore heldig at det faktisk ikkje har vore noko problem å kutte dei. Mange slit grasalt med tårene berre dei så mykje som ser på ein løk. Jaja...
Etter alle dei løkane eg har skjært, ser det nesten ut som om ting har snudd seg litt på hovudet. I dag skulle eg strø litt rå løk over maten min på tallerkenen. Allereie då eg tok den første tygga kjente eg at det byrja å svi på augene. Plutseleg sat eg der og "stortaut". Stakkars Steffen, han måtte vel tru at mora var blitt rar. Det tok si tid før det gjekk over (etter litt hjelp av kaldvan). Eg håper verkeleg at det ikkje er slik at eg skal bli plaga med dette framover.

Etter middag kom plutseleg Steffen og spurte om eg hadde ein kvit og lang stokk han kunne få. Det var visst veldig viktig at den var kvit. Eg lurte jo sjølvsagt på kva han skulle bruke den til. Volleyballbane...... Eg måtte jo skjønne at han trengte den av di han skulle lage ein volleyballbane her inne i stova. Jaha?? Eg blei litt perpleks. I tillegg ville han ha nokre spiker, for han måtte jo feste stokken litt høgt oppe i lufta (for at det skulle bli ordentleg). Joda, eg sprang ut i garasjen og skaffa han stokken!! Aahh. Kor får han idèane ifrå. I vår(?), då han var sjuk, laga han seg slå ball-bane i stova. Etter at faren hadde tatt frå han alt av baller og køller, brukte han berre storflasker og bamser. Han veit råd....... Det varte kun til mora kom heim og sa at DET skal han berre gløyme. No er det altså volleyball. 
Eg går ut ifrå at ironien i at eg gjekk i garasjen kom tydeleg nok fram!??! Han tok heldigvis hintet ganske kjapt.
"Æ ska vær førsektig. Æ lova." Joda..........Høyrt den før?? Hahaha...

I morges, då eg vakna av ein grusom vekkelyd frå mobilen (eg har fått ny og det var første gongen eg har prøvd den til vekking), kjente eg meg eigentleg ganske kvil sjølv om boka ikkje blei lagt bort før rundt eitt. Så då logga eg meg på nettet og skreiv følgande kommentar: "Opp og hopp, folkens!" :=)  Når eg no skulle inn og sjekke noko, måtte eg flire då eg leste kommentarane eg har fått. Dei varierte ifrå "Har allerede hoppa i fleire timar" til "Dåkker må vær sjuk! Det er ingen som hopper på denne tida av døgnet." Eg trur eg kveles. Eg ser for meg andleta til dei som har skrive kommentarane og eg flire godt for meg sjølv. (Eg er god på det!) Knall!!! Kanskje eg skal byrje kvart einaste dag med ein nettkommentar?! Det kan jo i så fall bli skøy å sjå utfallet av dei kommentarane som måtte komme. Eg ser for meg morgondagens sitat: "Syng, folkens, syng!!"
Uansett, eg trur kommentaren om at vi må vere sjuk er den som stemmer mest. Definitivt!! Jepp........
Hehehe....
(Som dåke skjønner har eg ikkje særleg godt av å vere åleine heime for lenge. Eg får sånne rare syndrom innimellom.

Ellers så er KK proppfull av dårlege idèar denne gongen. Av ein eller annan grunn har eg fått neste blad litt før tida. (Ikkje at det gjer noko, for det er jo berre koseleg det). Horoskopet seier eg skal følge draumen min (lettare sagt enn gjort) og at fantasiverda mi kommer til å ta heilt av i neste uke. Hmm...Mon tru kva eg har i vente. Hehe..... Godt at ein skjønner at horoskop er horoskop:=) Det er nok eindel som får heile livet sitt påverka berre for nokre ord i eit magasin. Jaja, dei om det.
No var det no eigentleg dei her dårlege idèane eg skulle fokusere på. Eg lurer på kvar dei hentar det ifrå?! Det er ein interiørstylist som har kommentert litt. Dilemmaet er som følgende: "Du oppfordrer til at ein skal omgje seg med ting ein elskar, og gjere heime personleg. Men kva gjer ein når ein er to, som ikkje elskar det same?"
1) Forhåpentleg elskar De kvarandre. Då er problemet allereie løyst. Kunsten i kjærleiken er jo å ha rom til kvarandre, heile pakka, inklusive sære vanar og stygge møbler. Kjærleik er viktigare enn det perfekte. Uugghh.....Eg trur eg spyr!! "Kanskje kan følelsane du har for mannen din få deg til å bere over med nokre av tinga han likar? Eg veit ikkje heilt om det er noko som har satt seg fast i halsen eller ikkje. Det kom i alle høve litt kremting her. Denne stylisten, kva i alle dagar. Joda, klart ein kan halde ut med ting (dersom dei er normale og fine vel og merke). Det betyr ikkje at ein syns det er greit med oransje tallerkener osv osv.... Nei, Stygge møbler blir ein ikkje vant med. Sorry, mannfolk, men dåke må ok berre godta at det alltid står ei kvinne bak. Det er berre slik det er.
2) Om han elskar eit stort, gamalt skap som du syns er stygt, forsøk å sjå på det med nye og kjærlege auge. Åhh.... Eg manglar ord. Stylisten krev litt for mykje her. "Først skal dåke skape plass i hjartet til kvarandre. Då vil det vise seg at det er masse plass i heimen også, til dine ting og hans ting. Jaha.
3) Dåke kan dele stova i to. JA!!!!!! Så genialt. Kvifor har ingen tenkt på det før? Eller kanskje nokon faktisk har det.
Om ein mann har grei smak, så vil ting sikkert ikkje bli så vanskelg, men om han derimot har fæl smak......No Way! Då dansar eg heller åleine.

Dei har også med 22 råd om korleis ein kan bli sunnare. Nokre av dei er faktisk heilt etter min smak, men hallo.......enkelte så teit at eg ikkje eingong gidd å lese forklaringa. "Klem i veg" er eit. Gje og få masse klemmar. By på massasje og husk eigenpleie. Sørg for å få nok god sex med ein du er glad i. (Er det berre å velge og vrake??)
"Lytt til musikk". Av 22 råd er det visst berre 2 som virker ok. Eg slit! Eg ser den sjølv:=) Thihihi.....

På sida foran står det at god sex gjer deg vakker. Joda.....smellvakker!!

Nei, KK får vere KK og Beathe får vere Beathe (på godt og vondt).
Så får eg håpe at løken er eit forbigåande problem som berre hadde tatt feil veg og hamna hos feil person. Eg har i alle høve prøvd å sende den vidare:=)

Ha ein fortsatt fin dag (og kveld sjølvsagt). Klokka er berre halv seks og det er enno meir tid att for å gjere sprøe ting. (Noko eg aldri gjer likevel). .......

Hasta luego!

Ask me to tell you........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar