onsdag 24. august 2011

Onsdag 24.august.

Så var det til for seng att. Om tida går altfor fort, eller om det berre er eg sjølv som er fæl til å rote bort tida, skal vere usagt. Det er så deileg å sitje her og berre slappe av. Eg skulle verkeleg ønske klokka var mykje mindre. Det har kanskje samanheng med at eg byrja å slappe av litt seint. Når ein er åleine, er det grueleg lett å få idèar som ikkje heilt passar inn i kvilemodus. Først måtte eg jo sørge for at det var grueleg ryddig rundt meg. Det er så mykje lettare å slappe av då. Så måtte eg jo sjølvsagt få lyst til å bake ei kake. (Krydderkake). Ikkje av di eg hadde så lyst på kake sjølv (eg har ikkje eingong smaka på ho), eg berre fekk litt bakelyst. Jaja, fint for frysaren...... 
Så skulle eg eigentleg kose meg med ei god bok. Joda, egendte opp med NB! Norskboka til tiandeklassingane. Skjønnlitteratur og sakprosa. Det var ikkje heilt det eg hadde tenkt å lese om i kveld når eg er her mutters åleine. Då blir det vel roman på senga og fare for at klokka blir mykje meir enn først planlagt før augelokkene får falle att i ro.

Sånn går no dagane. Kanskje like greit å gjere alle desse tinga. Viss ikkje hadde eg vel berre sotte her og dagdraumt som vanleg. Eg er god på det! Men eg er ikkje så god på å variere på draumane. Eg veit ikkje om det er heilt ormalt å vere borte frå den verkelege verda så ofte, men sånn er det berre. Ein kan vel ikkje gjere noko med kven ein er.

Der trippa det visst litt i gangen.......Eg trur nok det er ein gut som har funne ut at mora søv åleine i natt og har forvilla seg over gangen og inn i senga hennar i håp om kroppskontakt i natt. Jaja..... Får håpe det ikkje går ut over lesinga. Det går aller helst bra. Han søv no ellers gjennom det meste:=)

I wanna hold you till I die........ Sukk. Lovesongs....Då er eg borte frå denne verda. Det er heeilt håplaust. Eg lærer aldri at eg må slå av slikt om eg skal konsentrere meg. I alle høve kunne eg ha utvida repertoaret litt. Det går mykje i dei same songane.
No skal eg ikkje svartmale det heilt. Eg har faktisk vore flink i kveld. Eg har spelt ei heil plate utan at eg har "blanda meg inn" på nokon som helst måte. Waking up the neighours med Bryan Adams. Ei skive eg høyrte mykje på då ho kom ut. Sjølvsagt er den evigherlege songen "Everything I do" med på plata, og sjølvsagt går eg og ventar på nett den medan plata snurrar rundt og rundt i spelaren. Likevel, eg stod imot presset og høyrte ikkje på den før det var rette turen. Nummer 12 er den på plata, så det syns eg sjølv er ganske imponerande. Så er det berre det at med ein gong plata er ferdig, så er det berre EIN song resten av kvelden. No har eg heldigvis skifta til ny song, og den blir sikkert ikkje spelt meir enn femten gonger før eg legg meg. Femten er overkommeleg....?!! Det er godt eg ikkje er for meg sjølv til einkvar tid. Gud for eit kjedeleg liv eg ville fått. iss eg berre skulle ha hatt bøker og "lovesongs" i livet mitt, ja så ville det ha vore direkte trist. Hehe..... Heldigvis har eg eit akkurat passe innhaldsrikt liv (sjølv om enkelte ting kunne vore annleis).

I wanna hold you...... Trur setningen er passert femten gonger for lengst. Eg hr berre sååååå tapt.  Help me!!!
Det verste er at ein blir frustrert over seg sjølv. Det er jo berre å stenge av!?! Lettare sagt enn gjort. No er det siste gongen, sjølv om eg veit det berre er tull.
Vi hadde om "spare time activities" i engelsken i dag. Eg veit ikkje heilt kva eg skulle ha svara om det var eg som var elev og fekk spørsmålet om mine fritidsaktivitetar. "Listen to lovesongs and daydreaming!!" Så utroleg kreativt.

Sånn......No slo eg over på Mexican girl. Eg har sunge på den i heile dag også. Eg er ikkje heilt sikker på om kollegaene mine byrjer å bli lei av nett den songen eller ei. Jaja, det er jo berre ein heilt vanleg dag på arbeid. Eg får prøve å gå synge på noko anna i morgon. Eg veit allereie om det kommer til å skje eller ikkje. Sidan eg er langt inne i draumeverda til songen, så vil eg vel aller helst vere der.
Songen blir spelt frå youtube og ein ting er sikkert: Eg ser ikkje på filmen samtidig som songen går. For med dei buksene til vokalisten, så held eg på å kveles. Det var sjølvsagt in på den tida, men likevel..... Litt for kvalmt! Augene overdriver ein smule i tillegg. Det er jo bra at det er innlevelse i songen....... Uansett, det er ingen som kjem til å sjå på meg og synge slik. Så heldig kjem eg vel aldri til å bli.

Nei, no er det nok. Senga får visitt om få minutt, men dog ikkje før skjønnhetspleien er gjennomført.Så det er berre å hive seg rundt. I morgon er det torsdag og det er meldt kjempefint vèr. Eg gler meg allereie!

Ha ei fin natt!

Hasta luego:=)  <3

I wish I could hear your voice more often.......


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar