tirsdag 23. august 2011

Mexican girl......

Eg har ikkje tenkt å bli meksikansk, men kanskje eg duger til mexican love? Who knows?? Hahaha....... Nei, no skal eg ikkje ha det så altfor gøy her, så eg får vel kome meg ned frå min høge hest:=) Ein blir litt rar når ein er glad. Jaja.
Eg har hatt ein fin kveld i lag med herlege mennesker. For all del, ikkje spør meg kva eg legg i ordet herleg. Alle er det vel på kvar sin måte.....og èin skiller seg ut frå dei andre (positivt). Jaja, nok om det.

Det er tysdag og det er Greys-tid. I kveld var det faktisk ikkje noko særleg "gøy" å sjå det. (Vel, gøy er det aldri, men du skjønner sikkert kva eg meiner). Så kanskje eg innfører ikkje-Greys-tid framover. Eg skit no i heile den der tv'n. Lite ser eg (på tv), så det er likesågreit.
I morgonkveld, onsdag, blir eg heime åleine heile kvelden frå klokka åtte. Han skal på hytta. Det betyr rett og slett tv-fri kveld:=) Med mindre eg slår på nyheitene, då. Så då blir det nok ein stille kveld med ei god bok...... og litt "dagdrauming". Part of me, part of you.

Det har vore ein lang, men innhaldsrik dag. Ikkje har eg rødma, utan at det skildrar mi sinnstemning i noko vesentleg grad. "Våryr" er eg heile tida, så det ville vore ubehageleg om eg gjekk rundt og var raud i kinna til einkvar tid. Hehe..... Men tankane er der heile tida!
Etter å ha blitt inspirert til speling i kveld, trur eg at eg skal setje meg ned og prøve å skrive ein ny songtekst. Hovudessensen i teksten bør jo skille seg litt ut frå det som tidlegare er laga, men med fokus på same "motiv" heile tida, blir det vanskeleg. That's life:=)

En tredjedel av dei ledige minutta det siste døgeret har gått med til å synge på "Mexican girl". Eg veit nøyaktig kven eg tenker på i den samanhengen. Ein song som er typisk lett å få på hjernen. Heldig for meg at den er fin, då:=)

Det er seint og eg har eigentleg ingen idè om kva eg skal skrive. Eg ville eigentleg berre innom ein snartur for å sjå. Det er noko eg vil skrive, men det passar seg nok ikkje å skrive her.........Så då får det heller vere usagt.
Så for denne gong......god natt. Eg veit at eg kjem til å få ei super natt (gode draumer). :=)

Hasta luego!!

My heart beated faster today. I just wish I had been tougher.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar