mandag 29. august 2011

Bigbrother 24/7.

Eg har bestemt meg..... Eg skal sørge for å få meg "Big brother 24-7". Noko anna er utenkeleg!! Kva kan vel vere betre enn å sitje foran tv-skjermen og få med meg alt som skjer i det spanande huset. Huset der alle skal sove i same rom (sannsynlegvis ikkje berre sove) og såklart all kranglinga som vil oppstå. Eg gler meg!!

Nei, eg har ikkje blitt tullerusk (eg kan ikkje bli noko eg allereie er), men eg klarar berre ikkje å dy meg. Eg hugsar sist dei viste "Big Brother". Eg var definitiv anti, anti og syns det var superteit at alle "borna" fekk lov til å sitje å se på slikt "søppel". Eg skal ikkje vere høg på pæra og påstå at det blir likeeins no, men eg har nok ikkje blitt noko meir begeistra for programmet i dag. TV 2 i kjempe sendetid.....Klart dei vil få mange sjåarar. I beste fall kan det vere at mine auge dumpar innom ein sjeldan gong, men eg trur nok eg heller kjem til å gjere anna enn å følgje med på "huset".
Det er greit at eit realityprogram blir sendt på tv, men hallo..........?? Kva er eigentleg vitsen med å kunne følgje med på kva dei gjer 24 timar i døgeret alle sju dagane i uka? Eg veit med sikkerheit at sist gong det var, hadde fleire kjenningar kjøpt seg nettopp denne pakken og såg på programmet mesteparten av tida. Om eg ikkje tar heilt feil, gjekk nok delar av arbeidstida bort i kikking også. Akkurat det er vel ikkje så moralskt forankra.
For all del......Folk må berre sjå på kva dei vil for min del. Eg har ingenting med det å gjere. Det bekymrer meg likevel litt om folk set livet sitt på vent berre for å følgje med på programmet. Alt med måtehald:=)

Som eg skreiv tidlegare har eg fått fleire morosame kommentarar på sitatet mitt som var "Opp og hopp, folkens" tidleg på morgonkvisten. I dag morges skreiv eg "Syng, folkens, syng". Enkelte heiv seg i synginga då dei las det, men den beste kommentaren kom i frå bror min. "Er du sikker på at du ikkje er adoptert?" Oh my God kor eg flirte. Heile meg rista. He made my day!!! Eg flirer enno når eg tenker på det.
Så får eg sjå kva eg skriv i morgon tidleg:=)

Dagen i dag starta omtrent i det tidspunktet vi trygt kan kalle tidleg. 04.53 viste klokka. Joda.....Av ein eller annan merkeleg grunn klarte eg å vakne då. Fekk eg sove etterpå? Nope...... Kjipt. Så i eit par timar låg eg og venta på at den hersens alarmen skulle ringe. (Eit par timar trudde eg). Då eg tilslutt falt for fristelsen for å sjå på klokka var den allereie halv åtte. For ein fin start på ei ny uke. Alarmen var visst stilla inn på at den skal ringe først på torsdags morgon. Så lenge har eg definitivt ikkje tenkt å sove. Enno godt eg hadde vett til å sjå på klokka.
Ikkje for det......... Det kunne jo vere litt gøy å forsove seg til arbeid for ein gongs skuld. Lurar på kor lang tid det ville gått før elevane hadde byrja å etterlyse meg?!! Nei, det likaste er å kome seg opp om morgonen. Noko anna er berre stressande. Verkeleg!!
Eg seier det berre, i morgon må altså ingenting kome i vegen for skjønnhetssvevnen min.

Ute er det bekmørkt og enkelte stader har hausten byrja å setje nye fargar på trærne. (For det meste gul). Det er i alle høve tydelege teikn på at hausten er komen og at det ikkje er lenge att før vi skal inn i ei ny mørketid. Vel.....Nokre månader er det vel strengt tatt, men det går jo kjempefort. Altfor fort. Hausten er jo så fin. I alle høve om den ikkje regnar bort. Vi har vel alle hausten for to år sidan friskt i minne. Heile september regna bort, mildt sagt. Det ser meir lovande ut i år.
Eg syns eigentleg det er koselge å sitje her inne og sjå ut på mørkret. Det gjer meg også bevisst på at eg er heldig som har eit godt og varmt hus å kome til. Det er jo ikkje akkurat sjølvsagt hos alle. I tillegg er det så koseleg med litt stearinlys. Lysa verker positivt inn på sinnet. I alle høve på meg. Eg kjenner eg blir meir avslappa med litt stearinlys i rommet. Det er sikkert av di det er så koseleg:=) 

Haust eller ikkje, kveldane blir ikkje akkurat lengre av den grunn. Så då er det berre å ta seg i nakken og løfte legemet ut av sofaen. Det kan av og til vere litt for godt å sitje der, så det er ikkje alltid klokka er på mi side om kvelden. Eg skal vere flink i kveld:=) Kanskje ikkje så vanskeleg med tanke på kor lenge eg eigentleg har vore vaken det siste døgeret. Eg skal runde av her og avslutte kvelden med boka mi. Så difor seier eg berre ha ei behageleg natt og drøym søtt.

Hasta luego:=)

Eehhhh......er akkurat inne og ser på nokre songar. Teksten på den eine er litt.....tja....kva skal ein kalle det?

"I want you to love me baby, 'til I drop dead in front of your door". Jaja......bodskapen er sikkert heilt ok og har kanskje ein tendens til å vere romantisk. Vel, eg er ikkje heilt sikker på det siste. Eg syns ikkje det var så utroleg romantisk....... Eg trur kanskje eg må finne ein annan hobby.......

You're the first thing I think of each morning when I rise.


You're the last thing I think of each night when I close my eyes.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar