onsdag 31. august 2011

Joggetid!! Thihii..........

"Er det nokon som blir med på ein liten joggetur, no på morgonkvisten??" Tøff i trynet og enno i senga........ Selvfølgelig var det eit menneske som måtte svare ja og spørre kor vi skulle møtes. Shit!! Der blei eg tatt på senga (i ordets rette forstand). Ho kom liksom veldig mange kommentarer i forkjøpet og eg måtte sjå meg slått i dag.
Dagens høgdepunkt blei likevel kommentaren til ein kollega. "Du er eit sjukt menneske, Beathe. Det er ingen som jogger om morgonen." Sitat slutt. HAHAHA..... Hvis nokon hadde sett meg akkurat då, ja, då ville dei vel hengt seg på det sitatet. Eg sat her for meg sjølv og las det og så flirte eg så tårane spratt i lause lufta. "You really made my day!!!!"
Kva er så galt med ein joggetur om morgonen?? Det er jo berre sunt, det?!! (Sjølv om eg ikkje har gjort det på 6-7 år og neppe kjem til å gjere det heller). OG bror min lurer framleis på om eg er adoptert. I alle høve etter i dag........ Livet er herleg, folkens!!! :=)

Ustabilt vèr, ustabil vekkerklokke, ustabilt nett på skulen og ustabil Beathe. Hmm....livet er merkverdig på ein onsdag. Likevel kjem ein i mål. Skål for den! :=)
Eg har akkurat hatt litt dill i håret. Då eg skulle skylle det ut, blei badekaret heilt blått (av alle ting). Så no spørs det.....Kjem ho Beathe heilt blå på arbeid i morgon?? That's the question. Det ville jo vere litt digg, det. Då trur eg i alle høve at eg treng meg ein joggetur.

Ååhhhh...No kom eg plutseleg på noko. Noko som eg syns er heilt herleg og berre MÅ nemnast. I går, på fotballtreninga til dei minste, hadde dei eindel ulike aktivitetar dei skulle gjennom. Ein av dei var å ta innkast. No var det slik at enkelte av dei kasta så hardt at ein nesten var redd for å ta imot ballen då den kom flygande. Eg klarte sjølvsagt ikkje å dy meg og sa: "Gurimalla kor kraftig dåke hiv ballen. Kor dåke har fått musklane ifrå??" Då kom det hurtig og tydeleg frå ein av dei små: "Vi har jo træna foran pc'n!!!" Og så flirte han så godt som berre det. Joda.....foran pc'n får dei sjølvsagt megamuskler!! Han var rett og slett heilt herleg og eg kunne ikkje anna enn å flire:=)

I morgon er det torsdag og snart er det plutseleg helg att. Det beste er at det faktisk er meldt bra vèr. Det lover godt for dei unge som skal spele fullt av kampar her i Kjøpsvik på laurdag. Ei tilstelning blir så mykje betre når vèret speler på lag med ein. Så håper eg sjølvsagt at så mange som mogleg tar turen innom stadion av løpet av dagen, anten for å heie eller berre for å oververe det heile. Det blir sikkert ein kjempefin dag.
Som sagt er det snart helg og med tanke på at det nett var helg, så er eg nok blitt litt eldre. Det må jo vere difor eg syns tida får så fort. Ikkje det at ikkje vil ha helg, for akkurat det er jo kjempedeileg. Døgera i mellom helgene kunne likevel ha hatt litt fleire timar.
No høyres det visst ut som at eg har DET stressande livet. Eg har jo ikkje det........ Eg er berre ei god blanding av A- og B-menneske.

No er Jomfru Knutsen stup trøytt og skal definitivt leggje seg. Det er riktig så synd at Herr Hole har slått opp med meg, for han blei nesten som ein besettelse og no er det ikkje like gøy å lese bøker. Eg får finne meg ein ny x-faktormann....... Ja, eg trur Mr. Hole har x-faktor. Sjølv om han ikkje er noko særleg sexy, så får han jo akkurat så mange kvinnfolk han vil. Heldige han........ Eehhh....ikkje det at eg har lyst på så mange kvinnfolk, akkurat. Hehe.....
Som sagt.....stup trøytt!!! Skjønnhetssvevn må til for å vere klar for "stortrim" i morgon tidleg. Så ha ei super natt alle saman. Eg veit kva det siste eg tenker på før svenen tar meg blir...... Sannsynlegvis det same som nesten kvar kveld.

Hasta luego:=)

You are my dream........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar