fredag 29. juli 2011

Fredag 29.juli og olsok.

Harry Hole er ein horbukk!! I ordets rette forstand! I alle høve om vi tar vekk det faktum at ingen av kvinnfolka det er snakk om er horer........ Jaja, så er han ingen horbukk, men i mangel på betre ord. I løpet av dei fire siste månadane (frå påske og fram til no) har han Harry nedlagt fleire kvinnfolk i antall enn eg har SETT på mannfolk. (Og eg har sett på mange!!). Ein melankolsk og alkoholisert etterforskar....Korleis i alle dagar klarar han det?? Han har oppfunne eit nytt begrep: pule av seg melankolien! Slå den..... Eg er litt usikker på om det begrepet bør gjes som eit råd til dei som slit med melankoli.
Av ein eller annan grunn hamnar han til sengs til alle kvinnfolka han treff (vel.....nesten alle). Begrepet er vel ikkje akkurat så poetisk, men kanskje eg tar feil der........ Poesi kan jo vere så mangt.
Forhåpentlegvis er det ikkje lystene til herr Nesbø som får satt sitt preg i bøkene. Ikkje at eg på noko tidspunkt har sagt at slike lyster er unormale:=)

Ja, eg veit..... Tenk å gruble på slikt. Det var eigentleg i mangel på noko betre å skrive..... Det verste er at eg har sansen for mannen. Får håpe han ikkje ville ha hatt same verknaden på meg om eg hadde møtt han.

Det er fredag og vi er på tur inn i ei ny helg. Gårdagen var rett og slett fantastisk. Eg bretta meg ut på stranda og der blei eg, berre avbrutt av litt grilling og andre nødvendige saker. Skuffelsen var difor stor då eg vakna til skyar i dag. Jaja...... Vi får sjå kva helga bring med seg av godsaker.
Uansett vèr, så fungerer kortspel godt. Olsen, vri åtter eller kva folk no enn kallar det, er blitt flittig spelt kvar einaste kveld. Her er det slik at den som står att som vinnar etter x antal rundar, får bestemme kva den andre skal gjere. La meg seie det enkelt: Denne uka her har EG rett og slett vunne kvar einaste kveld. Så, som seg hør og bør, har "straffa" stått i riktig Knutsen-stil. Kvar dag høyrer eg ord som revansj o.l.. Eg lurar på kva som er så viktig med denne revansjen!??! Det blir jo berre ny kveld med nytt tap....... Eg koser meg, eg, så eg seier ikkje nei til ein real sjanse til på ny og på ny få gleden av å vere storsjef. Eg er stygt redd for at om eg fortsetter med å vinne, vil kortspelinga bli dratt langt inn i haustmånadane. Kva eg er i stand til å forlange når eg vinn., ja, det får dåke berre tenke dåke til sjølv:=)

Det er olsok i kveld. Eg veit det er ei form for feiring inne på Korsnes, men eg gadd ikkje ta turen inn dit. Det blei heller litt "kubb" på sletta og ein roleg kveld her på hytta. Det blir vel litt tid til han Harry Hole også. Han er ikkje store frelsaren, men du dækelen han er smart:=)
Den lille trompeten min ligg og sleng borti sofaen i håp om at den skal bli løfta opp og spelt litt på. Eg burde verkeleg gjere det...... Trikset mitt om at dersom den ligg synleg, vil den bli nytta meir, fungerer visst ikkje heilt. Eg veit eg må skjerpe meg. Ikkje det faktum at den er raud og difor meir synleg betyr noko heller.

Klokka er ni og langt over leggetid for ein sjuåring (sjølv om han mest sannsynleg ikkje har vore i seng før det heile sommaren). Så no skal eg hive meg rundt og leite opp litt lesestoff til å ha på sengekanten og sørge for at kvelden får seg nokre timar utan born. Så med tankane på Harry Hole og hans evinnelege forbruk av kvinnfolk, seier eg godt natt og på gjensyn:=)
Med andre ord: Hasta luego!! <3

When will we meet again?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar